Norsk senter for bygdeforskning har på oppdrag frå Jordbruksdepartementet i Sverige gjennomført ei utgreiing om Sveriges landbruksuniversitet (SLU) si sektorrolle. No er arbeidet avslutta og resultata overleverte den svenske jordbruksministeren, Eskil Erlandsson.

Oppdraget innebar at ein på bakgrunn av ei omverd i rask endring skulle: ?definiera och tydliggöra SLU:s framtida roll som sektorsuniversitet?, noko som omfattar universitetet sitt ansvar for utviklinga i sektoren. Det er forskarane professor Reidar Almås, Gunn Turid Kvam, Magnar Forbord og Jostein Vik som har gjennomført oppdraget, som vart presentert for jordbruksminister Eskil Erlandsson i Stockholm torsdag 8. 11. I ein kommentar seier jordbruksminister Erlandsson at han vil løfte fram tre forslag frå utgreiinga: 

? Sveriges regjering vil utvikle ein nasjonal strategi for landsbygdsutvikling som kjem i tillegg til EU-satsinga på ?rural development?. Her vil forskinga innan dette feltet ved SLU få ei viktig rolle.

? Informasjon om og kommunikasjon av forsking er viktig, spesielt for dei mange små og mellomstore føretaka i den grøne sektoren.

? SLU og svenske forskarar kan ikkje bli best på alt, derfor er det viktig å løfte fram frontforskinga, der framifrå einskilde forskarar eller grupper ved SLU kan bli verdsledande. 

Les heile utgreiinga her (pfd):

Vil du vite mer?

Ta kontakt med oss så hjelper vi deg, enten det er å komme i direkte kontakt med ansatte eller finne annen relevant informasjon.

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.