I eit nytt prosjekt vil Bygdeforskning i samarbeid med forskarar frå New Zealand, Canada, Storbritannia, Danmark og Tyskland undersøke korleis landbrukspolitikken i vårt og i andre land blir endra på grunn av langsiktig stigande matprisar og klimakrisa.

Spørsmål rundt klimakrisa og problemstillingar ved energitryggleik vil ha stor landbrukspolitisk betydning i åra som kjem. Prosjektet ?Tilbake til framtida? Landbrukspolitisk respons til stigande matprisar og klimakrisa? skal mellom anna bidra med omgrep og kunnskap som må til for å reformere landbrukets institusjonar og dei politiske verkemidla for framtida. 

Bakgrunn
Prosjektet vil undersøke korleis landbrukspolitikken i vårt og andreland svarer på stigande matprisar og klimakrisa. Mye tyder på at vi står framfor eit internasjonalt skifte når det gjeld matprisar og landbrukspolitikk. Matprisane steig mye internasjonalt i 2006-2008 for så å falle noe det siste halve året, utan å koma ned på nivået før 2006. Sjølv om ein del av prisstigninga er drive av spekulasjon, er det fleire underliggande faktorar som har endra seg varig. På etterspurnadssida er det ein veksande middelklasse i land som India og Kina som har fått auka kjøpekraft. Rike land kjøper eller leiger matjordareal i fattige land for å sikre eiga befolkning matforsyning. Samtidig er det sett i verk politiske tiltak for å støtte produksjon av biodrivstoff på matjordareal, delvis av strategiske og geopolitiske grunnar (Brasil, USA), men også for å motverke klimakrisa (EU). Dette, saman med den tekniske utviklinga, gjer at mat kan konverterast til energi og omvendt på ein stadig meir nyskapande og effektiv måte. Det er ikkje berre klimakrisa, men også problemstillingar ved energitryggleik, som vil gjera at energiproduksjon frå jordbruksareal vil vera eit varig trekk ved framtidig landbrukspolitikk. 

På tilbodssida er mangel på og skjerpa konkurranse om vatn i viktige eksportland for mat ein viktig prisdrivande faktor. Samtidig har mange eksporterande land, særleg i den tredje verda reagert med å legge toll på eksport av viktige matvarer. Ved sida av at dei rike landa har bygd ned eller avskaffa sine matvarelager, er forsyningstryggleiken redusert, noe som i seg sjølv gjer at naturkatastrofar, dårleg ver, tørke og flom i viktige produksjonsområde for mat blir ekstra prisdrivande. Samla sett fører dette til at prisane på mat jamt over vil stabilisere seg på eit betydeleg høgare nivå. Da står vi i ein situasjon der bøndene får sterke marknadssignal om å produsere, samtidig som styresmaktene blir freista til å ta all dyrka og dyrkbar jord i bruk til matproduksjon. Mindre vekt kan bli lagt på miljøkonsekvensar, og det kan bli eit sterkt press på å ta i bruk dei mest produktive nyvinningane innan gen- og nanoteknologi. Dette kan i sin tur føre til at det blir lempa på krava til forbrukartryggleik, dyrevelferd og naturens tålegrense, i den gode saks teneste: å redde klimaet og sikre matforsyninga til dei 1000 mill menneska som svelt i verda. Konsekvensane kan med andre ord på sikt innebere ei mindre berekraftig utvikling i forhold til matproduksjon, miljø, og rural økonomi og velferd.

Mange kritiske røyster har heva seg om at norsk landbrukspolitikk på den eine sida burde vore meir markedsretta, på den andre sida kunne ha vore betre tilpassa målet om eit multifunksjonelt landbruk over heile landet. Trass kritikken er det tatt ein del politiske grep som mange andre land i dag misunnar oss. Ein må ikkje la omsynet til høge matprisar og klimakrise bli så altoverskyggande at vi kastar over bord dei gode politiske grepa som har gitt oss eit landbruk som framleis fyller viktige samfunnsmessige mål. Derfor er det viktig å gjennomføre eit internasjonalt forskingsprosjekt som både analyserer reaksjonane på den nye mat- og klimasituasjonen, både blant styresmakter og produsentar, men som samtidig bidrar til å utvikle politiske verkemiddel som både kan bidra til å løyse dei nye utfordringane, samtidig som ein tar vare på det som er oppnådd med omsyn til multifunksjonelt landbruk. 

Mål
Hovudmålet med prosjektet er å utvikle komparativ innsikt og kunnskap om korleis den nye situasjonen med høge matprisar og klimakrise slår ut i ulik respons i relevante land og landbrukspolitiske regime. Studien vil analysere korleis politikkutformarar, bøndene og landbrukssegmentet i utvalde land reagerer på og tilpassar seg den nye situasjonen, og kva konsekvensane blir for økonomien i næringa, bygdesamfunnet og miljøet. Eit viktig mål for prosjektet er å bidra til å reformere dei landbrukspolitiske institusjonane, reformere målstrukturen og foreslå nye politiske verkemiddel som kan gje eit sosialt, økonomisk og økologisk meir berekraftig landbruk. 

Viktige målgrupper for prosjektet er landbrukspolitiske beslutningstakarar i Noreg og internasjonalt, det internasjonale fagmiljøet, norske landbruksorganisasjonar, landbruks- og miljøforvaltninga, økonomiske og politiske aktørar i andre næringar, internasjonale organisasjonar og institusjonar som arbeider med landbrukspolitikk (OECD, FAO, EU, WTO). 

Forskingsproblem
Til grunn for prosjektet ligg at norsk og internasjonal landbrukspolitikk må vera basert på tre pilarar for å vera berekraftig på lang sikt: robust økonomi, bevaring av miljøet og god livskvalitet som viktige bidrag til levande bygder. På grunn av eit varig høgare prisnivå på mat internasjonalt, og på grunn av klimakrisa, kan arbeidet for eit multifunksjonelt og berekraftig landbruk bli svekka. Den reine produktivismens tilbakekomst, som også vil få negative konsekvensar for urbane grupper og livsmiljø, kan motverkast gjennom utvikling av nye politiske verkemiddel, delvis ved reformer av dei eksisterande verkemidla og institusjonane. Det overordna formålet med prosjektet er å utvikle kunnskap om korleis ein kan fremme berekraft i landbruk og bygder etter den ny-produktivistiske vendinga i utvalde land. Sentralt blir å skaffe fram ei forståing av interesser, strategiar og tilpassingar til den nye situasjonen:

? Kva er marknadsresponsen på auka pris og etterspørsel? Korleis tolkar og tilpassar ulike landbrukspolitiske regime seg til den nye situasjonen med omsyn til dimensjonane i det multifunksjonelle landbruket?

? Kva skjer på det retoriske planet; korleis blir den landbrukspolitiske diskursen endra i ulike land, og korleis svarer retorikken til realitetane?

? Korleis blir berekraftig landbrukspolitikk satt ord på, presentert, tolka, kritisert og representert av sentrale aktørar?

? Kva framtid og legitimitet har eit berekraftig og multifunksjonelt landbruk i ei tid med høge matprisar og klimakrise? 

? Kva politiske verkemiddel og institusjonar er nødvendige for å få til både eit berekraftig landbruk (det multifunksjonelle målet), og ein produksjon som er stor nok til å brødfø verda og bidra til å nå klimamåla (produksjonsmålet).

Metode
Datainnsamlinga vil skje ved dokumentgjennomgang, statistisk analyse og analyse av intervjumaterialet ?Trender i norsk landbruk?, som blir gjennomført annakvart år av Bygdeforskning. I tillegg vil det bli gjennomført kvalitative djupintervju med eit stort tal landbruksrelaterte aktørar, både i Noreg og i relevante utland. Desse landa: New Zealand, Canada, Skotland, Danmark og Tyskland er valt ut fordi dei utgjer eit breitt tilfang av landbrukspolitiske modellar:

? Den norske, multifunksjonelle modellen, med relativt lite eksport og stor vekt på bevaring av busetting og kulturlandskap.

? Den europeiske modellen (CAP), med tre eksempel: den eksportorienterte danske landbruksmodellen med stor vekt på effektiv matproduksjon og den meir komplekse tyske modellen, der det blir lagt meir vekt på kulturlandskap og bioenergi. Storbritannia er interessant fordi ein her har ei anna eigedomshistorie og -struktur, samstundes som at ein har lang erfaring med miljøstøtte i landbruket og ulike modellar for bygdeutvikling.

? Den merkantilistiske nordamerikanske modellen med Kanada som hovudeksempel (USA-modellen vil og bli analysert), der både eksport av mat og bioenergi er viktig.

? Den ny-liberale modellen som New Zealand praktiserer, med eit deregulert eksportlandbruk, men der også landskapet spelar ei viktig rolle, bl.a. for turismen. 

Samarbeidspartnar er Agresearch/CSAFE på New Zealand, Scottish Agricultural College i Storbritannia, Humboldt Universitet i Tyskland, Århus Universitet I Danmark og Waterloo University i Kanada. 

Dei som arbeider på prosjektet ved Bygdeforskning er: professor Reidar Almås (prosjektleiar), forskarane Katrina Rønningen og Hilde Bjørkhaug, saman med stipendiat Jostein Brobakk. 

Prosjektets tittel er: ?Tilbake til framtida? Landbrukspolitisk respons til stigande matprisar og klimakrise. Kva omgrep og kunnskap trengst for å reformere landbrukets institusjonar og verkemiddel??

Vil du vite mer?

Ta kontakt med oss så hjelper vi deg, enten det er å komme i direkte kontakt med ansatte eller finne annen relevant informasjon.

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.