Norske bygdefolk er meir radikale enn byfolk. Det er konklusjonen i eit paper av Reidar Almås og Arild Blekesaune som vart lagt fram på den europeiske konferansen i bygdesosiolog, som gjekk av stabelen i Vaasa, Finland.
Dette står i motsetning til dei fleste europeiske land, der bygdefolk er meir konservative enn byfolk. Ulike forklaringar på dette vert drøfta i paperet, der forskarane finn den beste forklaringa i norsk politisk historie. Bønder og bygdefolk har tradisjonelt hatt mest å hente av økonomisk og symbolsk støtte frå sentrum/venstre koalisjonar i norsk politikk. Derfor vil også desse gruppene i størst grad belønne dei raudgrøne partia med sin stemme til hausten.
Les heile paperet her: