Boka "Lokalt kulturliv i endring" handlar om kva som ligg bak den nye interessa for kultur. Olaf Aagedal, Helene Egeland frå Diakonhjemmet Høgskole og bygdeforskar Mariann Villa har skrive boka som byggjer på eit forskingsprosjekt finansiert av Norsk Kulturråd.
Kulturlivet skal skape trivsel og fellesskap for dei som bur der og ?sette staden på kartet?, så fleire får lyst til å kome dit. Den nye boka Lokalt kulturliv i endring handlar om kva som ligg bak denne nye interessa for kultur.
Boka tek pulsen på det lokale Kultur-Noreg. Her møter du kulturfrelste ordførarar, mediakåte kulturarrangørar, kortidsfrivillige festivalhjelparar, grenseoverskridande samtidskunstnarar, nokre skeptiske bygdefolk, – og begeistra og kritiske forskarar.
Boka presenterar nærstudiar av kulturlivet i tre norske lokalsamfunn: Drammen, Storås og Kirkenes. Boka viser korleis kultur blir brukt for å skape nye forteljingar om desse stadene. På same tid gir boka generell kunnskap. Boka kastar lys over festivalbølgja og viser korleis kultursatsing fungerar som eit svar på avindustrialiseringa i norske lokalsamfunn.
Olaf Aagedal, Helene Egeland og Mariann Villa har skrive boka som byggjer på eit forskingsprosjekt finansiert av Norsk Kulturråd. Forskingsprosjektet er gjennomført av forskingsavdelinga ved Diakonhjemmet Høgskole og Norsk senter for bygdeforsking. Boka ble lansert på Kulturrådets årskonferanse i Arendal 18.-19. november 2009.