Kva er det med bygder og småstader som ?får til ting?? Kva er det som gjer at staden har eit løft og at utanforståande får eit bilete av bygda som spesiell - i positiv tyding? I ein artikkel i boka ?Innovative bygdemiljø. Ildsjeler og nyskapingsarbeid?, svarar forskarne Gro Follo og Mariann Villa ved Bygdeforskning på det.

Det gjer dei ut frå ein kvalitativ studie av bygdene Kjerringøy (Nordland), Fjærland (Sogn og Fjordane), Herand (Hordaland) og Vestfossen (Buskerud). Vakker natur er ikkje svaret, naturskjønn natur er det ?overalt?. Svaret dreier seg derimot om korleis folk agerer seg imellom. Follo og Villa kallar desse praksisene for ?bod? ? ti bod for å ?få til ting?.

Forskarane ser eit sterkt ?vi? i datamaterialet frå dei fire stadene. Det er eit ?vi? som får til noko, så det er fellesskapet og ikkje ?eg? som gjer at ?det skjer noko?. Det er ikkje slik at desse bygdene er fri for mellommenneskelege stridigheiter eller ein kvardagsleg samanheng av lokal eller nasjonal motbør. Fleire motbører vert dregne opp av intervjupersonane. Men sjølv om det ikkje er enkelt, så bygg folk i dei fire bygdene staden. Korleis dei gjer det, syntetiserer Follo og Villa slik:

1. Ver roleg på at imaget til staden er mangetydig
2. Ha omsetjarar mellom grupperingar på staden
3. La ulike ressursar møtast, verte utnytta og ekspandere
4. Elsk fram koplarar
5. Vinn motvillige og lunkne
6. Ha opne dører
7. La økonomi og samfunnsmål vere som hand i hanske
8. Ha noko å vise til
9. Vis dykk fram for andre
10. Få andre til å bere promoteringsframstøyten vidare

Follo og Villa gjev ingen av dei ti boda forrang. ?Vi får til ting her!? synest å vere resultat av dei mange små og store hendingar som spelar saman. I artikkelen presenterer forskarane uttalelsar og hendingar frå dei fire bygdene som ligg til grunn for bodene. Studien viser at sjølv på små stader får ein til ting, og kreative har dei vore lenge. ?Vi får til ting her!? krev ikkje kunstnarar eller andre tilhøyrande den kreative klasse. Det krevst ingen spesialistar på kreative handlingar. Det informantene viser er at det er ein kreativ dimensjon i all menneskelig handling. Dette gjev at kreativitet spelar seg ut så vel i kvardagshandlingar som elles, og det både for Trine Butikkdame og Truls Kunstnar.

Vidare påpeikar forskarne at på små stader kan ikkje det som skjer i ?det skjer noko?, skje heile tida. Det er gjeve av premissa som ligg i lavt folketal. Sjølv om ein innrullerer stadeksterne folk, og sjølv om brorparten av staden sine folk er aktive, vert det for få til at noko kan skje heile tida. Dei mindre stadene sitt ?det skjer noko? har såleis andre føresetningar enn store stader sitt. I bylivet botnar dynamikken i mangfaldet gjeve av dei varierte mange. Dynamikken i det livet som spelar seg ut på små stader der ?det skjer noko?, botnar derimot i engasjering av dei få til mangfaldig, kollektiv og av og til innoverande innsats. I datamaterialet er det ikkje det relative ved å få til ting som er fokuset. Ein får til ting ved å få dei til, ved at ?det eine hjelper det andre? som ein informant seir, ikkje ved at nabobygda ikkje får det til.

Oppgåva til forskarane har vore å finne ut korleis ein i faktisk levd liv kan utføre mirakelet ? å byggje staden ? og ikkje, som tv-figuren Marve Fleknes ein gong påpeika, berre seie ?halleluja?.

Artikkelen ?Å byggje staden stein på stein? baserer seg på forskingsprosjektet ?Bygda som skaper sitt eige image. Når bygder marknadsfører seg for å overleve?, finansiert av Norges forskningsråd 2005-2008.

Artikkelen inngår i ?Innovative bygdemiljø. Ildsjeler og nyskapingsarbeid? (2010), redigert av Odd Jarl Borch og Anniken Førde, utgitt på Fagbokforlaget. For nærare omtale av boka, se her. Publikasjonen er ei artikkelsamling om nyskaping på bygdene, kva som kjenneteiknar eldsjelene, og korleis ein kan mobilisere til samarbeid. Boka er skriven med sikte på eit breitt publikum.

Vil du vite mer?

Ta kontakt med oss så hjelper vi deg, enten det er å komme i direkte kontakt med ansatte eller finne annen relevant informasjon.

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.