Regjeringa la i statsråd 2. desember 2011 fram Melding til Stortinget: landbruks- og matpolitikken - Velkommen til bords. Reiser meldinga dei sentrale utfordringane og spørsmåla for landbruket og for landbruks- og matpolitikken dei komande åra, og tilviser meldinga dei riktige løysingane og retningane?

Det er mellom spørsmåla som eit forskarpanel med forskarar frå fleire forskningmiljø skal søkje å svare på i eit seminar på Høgskolen i Nord-Trøndelag måndag 16. januar 2012. Seminaret vert arrangert rett i etterkant av LMD sin regionale presentasjon av meldinga.
 
Landbruks- og matdepartementet (LMD) har ein regional presentasjon av meldinga til Stortinget om landbruks- og matpolitikken måndag 16. januar 2012 kl 10.00. Etter lunsj arrangerer NILF, Bygdeforskning og Fylkesmannen i Nord-Trøndelag eit tverrfagleg forskarseminar. Her vil forskarar frå Bioforsk, Skog og landskap, Bygdeforskning og NILF søkje å svare på om smeldinga reiser dei sentrale utfordringane og spørsmåla for landbruket og for landbruks- og matpolitikken dei komande åra, og om meldinga tilviser dei riktige løysingane og retningane. Det vil også verta høve til å sjå meldinga i eit landbrukshistorisk perspektiv.
Stad: Auditoriet, Høgskolen i Nord-Trøndelag, Steinkjer
Tid: Måndag 16. januar 2012
Meldinga kan du laste ned eller sjå her.

Vil du vite mer?

Ta kontakt med oss så hjelper vi deg, enten det er å komme i direkte kontakt med ansatte eller finne annen relevant informasjon.

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.