Reidar Almås and Hugh Campbell: Rethinking Agricultural Policy Regime. Food Security, Climate Change and the Future Resilience of Global Agriculture.

Ny bok om landbrukets berekraft:
Reidar Almås, Bygdeforskning and Hugh Campbell, University of Otago, New Zealand:
Rethinking Agricultural Policy Regime. Food Security, Climate Change and the Future Resilience of Global Agriculture. Bingley, UK: Emerald Publishing.
Boka er ein antologi og tar for seg dei siste tiårs debatt om landbrukspolitikken i den utvikla delen av verda. Ein sentral konklusjon i boka er at ei optimalisering av økonomisk utbytte, ikkje gir eit berekraftig landbruk som er robust imot økologiske sjokk. Derimot vil eit allsidig landbruk med vekt på mange funksjonar, som ein kan kalle multimalisering, ha større økologisk, økonomisk og sosial berekraft.
Den landbrukspolitiske debatten har vore dominert av ein politisk konflikt mellom den europeiske, multifunksjonelle modellen og den globale trenden med handelsliberalisering. Konflikten mellom desse to posisjonane og tilhøyrande politiske regima, har låst forhandlingssituasjonen i den internasjonale handelsorganisasjonen WTO. I boka blir det hevda at det er fleire grunnar til at dette politikkområdet no blir opna for ein breiare debatt. For det første har den internasjonale matvarekrisa etter 2008 signalisert at epoken med billig mat er slutt. Dernest har framveksten av klimaendringane skapt ny risiko, reist nye politiske bekymringar og omprioritert  sentrale mål for landbrukspolitikken. Vidare har fornya merksemd om folkeauke og matvaresikkerhet  ført til eit trykk for produksjonsauke, noe som kan koma til å utfordre det multifunksjonelle landbruket. Endeleg har nye faglege idear om agronomisk tilpassing og robuste næringskjeder utfordra etablerte tilnærmingar og politiske tiltak for å oppnå berekraftig  landbruk.
Hovudkonklusjonen i boka er at ei optimalisering av økonomisk utbytte, ikkje gir eit berekraftig landbruk. Derimot vil eit allsidig landbruk med vekt på mange funksjonar ha større økologisk, økonomisk og sosial berekraft. Boka vurderer korleis dei nye risikoutfordringane kan verke inn på bestemte landbrukspolitiske regime, samt kva det kan vera å lære frå sentrale politiske eksperiment i dei landa som har bidratt. Studiane er henta frå Norge, Tyskland, Danmark, Skottland, Canada og New Zealand.
Det er 13 kapittel og 17 bidragsytarar i boka, og andre forfattarar frå Bygdeforskning er Jostein Brobakk, Robert Burton, Katrina Rønningen, Hilde Bjørkhaug. Forskarane bak boka deltar i prosjektet «Landbrukspolitikk og klimakrise», finansiert av Norges forskningsråd.
Boka fås kjøpt på Ark til kr. 630,-

Vil du vite mer?

Ta kontakt med oss så hjelper vi deg, enten det er å komme i direkte kontakt med ansatte eller finne annen relevant informasjon.

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.