Mariann Villa og Bjørn Egil Flø har kvart sitt bokkapittel i boka «Bygdeutviklingas paradoks» redigert av Mary Bente Bringslid, Universitetet i Bergen.
Om boka
For mange norske bygder er framtida eit spørsmål om utvikling eller avvikling. Staten stør talrike bygdeutviklingsprosjekt for å stimulere næringsverksemd og «bulyst», med utgangspunkt i alt frå museum og landskapsvern til spa-verksemd og gammal matkultur. Dette inneber jakt på lokal eigenart og strev for å bli synleg i ein marknad for «lokal sjarm».
Denne boka viser fram mangfaldet i norske bygdesamfunn, frå skogsbygder i Nord-Sverige eller i Østerdalen, til kystbygder på Helgelandskysten eller på Vestlandet og rettar eit kritisk lys mot nokre av premissa for bygdeutvikling.
Boka diskuterer dei paradoksa bygdeutviklinga lett havnar i: Iscenesetjinga av det lokale med tanke på å bli sett utanfrå, tærer på den autentisiteten som blir etterspurt.
Forfattarar:
Mary Bente Bringslid, Mariann Villa, Heidi Haukelien, Anniken
Førde, Tone Magnussen, Anne Karen Bjelland, Bente Rød
Larsen, Linda Lien, Ann-Kristin Ekman, Bro B. Ween, Bror
Olsen, Bjørn Egil Flø, Tord Larsen
Boka er utgjeven på Scandinavian Academic Press, Spartacus forlag.
Om kapitla
«Små samfunn tek sats»
Opplevingane og definisjonane av bygd og by er delvis motseiande og ambivalente. Med bakgrunn i eit konstruert skilje mellom ulike stader drøftar Mariann Villa produksjonen og vedlikehaldet av livet på landet som det gode livet. Villa ser dette i lys av tre forhold; dragning mot naturromantikk og kollektive eigenskapar ved det før-industrielle samfunnet, kampen for å bevare folketal under sentraliseringsprosessane og behovet for å hevde seg i eit utviklingsklima der by og land, urbant og ruralt, store og små samfunn vert hierarkisk rangerte.
Villa, Mariann (2012) Små samfunn tek sats. I: Mary Bente Bringslid (red.) Bygdeutviklingas paradoks. Bergen: Scandinavian Academic Press, s. 37-61.
«Kjøt, kjensler og kameratskap»
Kva skjer med elgjakta og det lokale jaktlaget når ein stadig større del av elgen vert teken ut av jegerar som berre gjestar bygda nokre få dagar i året? I dette kapitlet tek Bjørn Egil Flø lesaren med på elgjakt. Gjennom ei forteljing frå åtte dagar saman med eit bygdejaktlag skildrar han korleis elgjakta er i endring og korleis dei lokale elegjegerane posisjonerer seg sjølv i forhold til utanbygdsjegerane. Flø syner at i ei tid der postmoderne tankeflog har fortalt oss at jakta handlar meir om oppleving enn om kjøt er likevel kjøtet sin materielle verdi vesentleg for å gjere elgjakta relevant også for bygda og ikkje einast for jegerane og dei som kan profittere på jaktutleige.
Flø, Bjørn Egil (2012) Kjøt, kjensler og kameratskap. I: Mary Bente Bringslid (red.) Bygdeutviklingas paradoks. Bergen: Scandinavian Academic Press, s. 275-303.