Nedlegging av gardsdrift med brakklegging av jordbruksjorda som resultat, mindre beiting og reduksjon i skogbruket fører alt til at det norske reiselivslandskapet gror att og endrar karakter.

Sjølv om reiselivsnæringa er uroa for konsekvensane, er det ikkje alle dei reisande som ser dei pågåande endringane, eller vurderer dei til å vere like ille.
I forskingsprosjektet CulTour som har vore leia frå Skog og Landskap har forskarar freista å finne ut korleis gjengroinga påverkar reiselivet i Noreg. Ein av konklusjonane er at gjengroinga er og vil halde fram med å vere ei enorm utfordring for reiselivet. Mange av våre viktigaste reiseruter, overnattingsstadar og reisemål vil oppleve å få endra sin visuelle karakter dramatisk.
Spørsmålet er berre kva har det å seie for dei reisande? Og nettopp det har me undersøkt i dette prosjektet. Me har undersøkt kva dei reisande meiner å sjå i det norske landskapet og, i tillegg, korleis forstår dei det dei ser.
Sams for dei fleste reisande er at vår forståingsramme – eller vår evne til å forstå det landskapet me vitjar – er prega av våre heimlege røynsler. Det er prega av dei røynslene me har frå vårt heimlege landskap og dei landskapsdebattane me kjenner frå våre sosiale og politiske omgivnadar. Det er desse røynslene som dannar grunnlaget for kva me ser som eit interessant, engasjerande og vakkert landskap. Nett derfor opplever nordmenn og svenskar – saman med nokre få kontinentaleuropearar som har røynsler med gjengroing frå sine heimlege landskap – gjengroing som påtrengande og meir negativt enn kva turistar frå Nederland og Nord-Tyskland gjer. For dei er det gjerne det jamt meir intensive jordbruket og byane sin kontinuerlige vekst som trugar ”det gode” landskapet. 
Men ein ting var turistane likevel samde om: attraktiviteten ved det norske reiselivslandskapet kan oppsummerast i tre viktige stikkord; variasjon, fotefar og kontrast. For forsvinn variasjonen frå det norske landskapet, forsvinn kulturspora og fotefara etter folk og husdyr, så vert også kontrastane redusert og med det tappar ein ut det unike og særeigne ved det norske reiselivslandskapet.

Vil du vite mer?

Ta kontakt med oss så hjelper vi deg, enten det er å komme i direkte kontakt med ansatte eller finne annen relevant informasjon.

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.