I kronikken Bygda som sosial konstruksjon, i siste nummer av Bondebladet, drøftar Bjørn Egil Flø den nye distriktspolitikken.
Med utgangspunkt i ei tilsynelatande uvesentleg «løesak», syner han korleis trua på iscenesetting av det lokale og tilbod av distingverande symbolprodukt for den velståande middelklassa har fått innpass i forvaltinga og prega den distriktspolitiske satsinga dei siste åra. Han er oppteken av kva tankar og idear denne satsinga er tufta på og ikkje minst kva konsekvensar det kan få ute i bygdene. Implisitt i kronikken ligg spørsmålet: kven utviklar me bygdene for? Dei nye satsingane kan fort skape nye og djuptgripande ideologiske spenningar spenningar mellom grunnleggande syn på kva bygda er og kva den skal vere spenningar mellom den vellukka middelklassa og dei andre.
Les hele kronikken her (PDF):
Kronikk – Bygda som sosial konstruksjon – BEF – 12.09.2013