Finnest det gode eksempel på nyskapande miljø i norsk matvarebransje? Kva er i så fall forklaringa på at noen lykkest? Reidar Almås analyserer nyskaping og samhandling i matindustrielle næringsklynger i ny bok.

I boka «Norsk matmakt i endring» har Reidar Almås analysert kva som skjer i samspel og konkurransen mellom matprodusentar i tre næringsklynger: Norsk Kylling i Gauldalen, SalMar på Frøya og Kviamarka på Jæren. Korleis kan det ha seg, at Norsk Kylling på Støren og SalMar på Frøya, to matindustribedrifter som vart etablert omtrent samtidig først på 1990-talet av to gründerar, kunne utvikle seg så forskjellig? Norsk Kylling endte opp som heileigd leverandør til matvarekjeda Rema 1000, mens SalMar fortsatt er eit familieeigd aksjeselskap. Analysane av desse to eksempla viser at både personlege eigenskapar og bransjespesifikke forhold verkar inn. Det er store forskjellar mellom ein skjerma landbruksproduksjon og ein eksportretta oppdrettsindustri. Men like viktig er truleg dei svært ulike forretningsmessige stilane som dei to gründerane utvikla. Den ”nord-amerikanske” modellen til Østhus i Norsk Kylling med kjappe løysingar: «Går det, så går det», står i sterk kontrast til den patriotiske kapitalisten Witsø, som ikkje berre har utvikla det verdsleiande oppdrettsselskapet SalMar, men som også pløyer store verdiar tilbake i samfunnet på Frøya. Det unike med den tredje næringsklynga i Kviamarka, er samhandlinga mellom samvirke, private næringsmiddelbedrifter frå gartneri til meieri, og kommunen. Dersom ein ønskjer å studere korleis norsk og internasjonal matindustri vil utvikle seg i åra som kjem, er det nyttig å studere grøntsektoren, kyllingbransjen og laksenæringa.
 
Kilde: Almås, R. 2015: Regional samhandling, nyspaking og utviklingsbanar i tre matklynger: Gauldalen, Frøya og Kviamarka, Norsk matmakt i endring (Fagbokforlaget).

Vil du vite mer?

Ta kontakt med oss så hjelper vi deg, enten det er å komme i direkte kontakt med ansatte eller finne annen relevant informasjon.

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.