I denne boka gir Almås ei lettfatteleg innføring i den norske landbruksmodellen, med tollvern, marknadsregulering i regi av samvirke, jordbruksavtale, landbrukslover og utjamning mellom små og store bruk.

Reidar Almås er professor og nestor innan norsk landbruksforsking. Han har lenge vore ein varm forsvarar av den norske landbruksmodellen, men nyleg endra han syn. – Norsk landbrukspolitikk, slik vi kjenner den, er ikkje til å berge. Vi treng noko nytt,meiner han. – Vi treng ein omstart, ein omstart verken dagens regime i landbruks- og matdepartementet eller dei norske landbruksorganisasjonane synest å vera i stand til å sette i gang.
Almås er uroleg for kva som skjer med landbruket og presenterer ein alternativ landbrukspolitikk som kan auke norsk matproduksjon på fornybare, lokale ressursar. Denne debattboka vil vera ein brannfakkel inn i norsk landbrukspolitisk debatt. Boka er eit forsøk på skape ein høgare himmel over landbruksdebatten og samtidig eit varmt forsvar for eit allsidig, lønsamt og berekraftig landbruk over heile landet.
Reidar Almås er norsk sosiolog og professor i bygdesosiologi og regionalpolitikk (1986-2013). Han er også ein aktiv kronikør og samfunnsdebattant. Almås er seniorforskar ved Norsk senter for bygdeforsking, som han bygde opp frå starten i 1982.
Boka kjem 15.mars 2016 og lanseres 17. mars i Oslo under landbrukspolitisk seminar i regi av Norsk senter for bygdeforskning.
www.snøfuglforlag.no

REIDAR ALMÅS: 
Omstart – forslag til ein ny 
landbrukspolitikk 
Innb. kr. 350,– 
SNØFUGL 
ISBN 978-82-7083-491-4

Vil du vite mer?

Ta kontakt med oss så hjelper vi deg, enten det er å komme i direkte kontakt med ansatte eller finne annen relevant informasjon.

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.