Kor langt skal ein gå i å gripe inn i beiterett, jaktrett og bygdefolks helse og livskvalitet for å ta vare på rovdyr, spør Reidar Almås.
Denne kronikken stod på trykk 11.07.2017 i Nationen og på Nationen.no https://www.nationen.no/article/ulvens-herjingar-og-sauebondens-psykososiale-helse/
I ein kronikk i Nationen 1. juli skriv forskarane Kjetil Skogen og John Odden ved NINA at eg «hevder at norske forskere er uinteressert i ulveproblemene og antyder at de ikke vil studere bøndenes psykiske belastninger fordi de er konfliktsky».
Vidare hevdar dei at «Reidar Almås skyter langt over mål» i min artikkel «Kor kjem dette hatet mot sauebøndene frå?», som stod på trykk i same avis 28. juni. Resten av kronikken brukar Skogen og Odden til å gje ei oversikt over eiga forsking og lufte sine eigne synspunkt på rovdyrkonflikten.
Uforvarande kjem Skogen og Odden til å bekrefte at eg har skote blink på mitt eige mål: Korleis er det med den psykososiale helsa hos rovdyrutsette bønder? Og: Kva veit vi om korleis sauebonden har det når ho får dyra sine drepne og lemlesta av ulv eller andre rovdyr?
Frå anvisarplass melder Skogen og Odden: «Almås mener nok egentlig at det blir forsket på feil ting. Han har nemlig helt rett i at sauebøndenes psykiske plager ikke har vært i fokus […] Vi er enige i at forskning på psykososiale belastninger i arbeidslivet er viktig.»
Så langt har eg tydelegvis treft blink. Eg har heller ikkje kritisert dei for å vera konfliktsky, men kanskje andre har vore det?
Skogen og Odden anviser bom på eit mål som eg ikkje har skote på, når dei skriv: «Hva som driver konfliktene har vi skrevet om før [….] Her får det holde å peke på at ulvedebatten den siste tida (før angrepene i Hurdal) har vært nærmere sakens kjerne, nemlig spørsmål om jakt, hunder og opplevelse av alminnelig livskvalitet. Og ikke minst en form for «antielitisme» som også gjør seg gjeldende på mange andre samfunnsområder, og i mange andre land. Dessuten er skogeieres økonomiske interesser berørt.» God oppsummering av eiga forsking, Skogen og Odden!
Skulle eg skyte på dette målet som Skogen og Odden lanserer i kronikken, vil eg underskrive det som Nibio-forskar Geir Harald Strand med kollegaer rapporterte i 2016:
«Rovviltforvaltningen har en todelt målsetting. Den skal sikre både levedyktige rovviltbestander og bærekraftige beitenæringer. Rovviltforvaltningen skiller mellom rovdyrprioriterte og beiteprioriterte områder. De rovdyrprioriterte områdene utgjør om lag 55 prosent av Norges landareal. Innenfor dette området finnes 53 prosent av de aktive bøndene, 60 prosent av jordbruksarealet og 30 prosent av alle sauer og lam [….] Halvparten av arealet som benyttes av samisk reindrift er også prioritert for rovvilt. Rovviltbestandene har derfor potensielt stor betydning for […] beitenæringene – i vid forstand – som er mest utsatt for rovdyr.»
For meg må dei menneskelege, sosiale og økonomiske konsekvensane for beitenæringane og lokalsamfunna i randsona mellom rovdyrprioriterte og beiteprioriterte område bli kjernen i framtidig samfunnsforsking om rovdyr: Kor langt skal ein gå i å gripe inn i beiterett, jaktrett og bygdefolks helse og livskvalitet for å ta vare på rovdyr? Dette gjeld ikkje berre ulv: I mange bygder, slike som Oppdal, Midtre Gauldal og Rennebu her i Trøndelag, er beitedyra utsett for både tre og fire av dei store rovdyra: Bjørn, ulv, gaupe og jerv.
Siste del av ulvekronikken brukar Skogen og Odden til å beskrive sine røter i Østerdalen og Trysil. Det blir patetisk, men ikkje meir legitimt av å høyre om Skogens familie i Åmot som hadde ein (1) sau. Kva slags driftsform var dette? Og kor mange slike sauehaldarar har funnest? I det allsidige husdyrhaldet, som var dominerande over heile landet i dei par første tiåra etter andre verdskrigen, var dei fleste saueflokkane i små.
I 1949 var det i gjennomsnitt 12 sauer og lam (tilsvarar ca. f vinterfôra sauer) på dei 85.250 bruka med sau. Sauene gjekk stort sett på beite i utmark eller kulturbeite. Ein treng ikkje vera matematikar for å rekne ut at ein auke i dagens ulvebestand ville ha vore ein katastrofe for datidas driftsform. Det er ikkje slik som Skogen og Odden hevdar at det er det dei kallar «industrialisering av utmarksbeitet» med større flokkar som har auka rovdyrproblema.
«Norsk rovdyrpolitikk har gradvis tatt frå husdyrbønder og samar delar av deira eigedomsrett.»
Driftsformene i landbruket har seinare endra seg mykje på grunn av auka krav til effektivitet, teknologisk utvikling, landbrukspolitiske verkemiddel og ikkje minst på grunn av modernisert levemåte på landsbygda. Det er hamskiftet i landbruk og bygder som er forklaringa på at saueflokkane har vorte større. Å moralisere seg tilbake til tretti- eller syttitalet som Odden, Skogen og deler av miljørørsla gjer, fører ingen stad.
Kronikken til Skogen og Odden illustrerer eit anna poeng som er langt viktigare enn forskinga på rovdyr og sauehald: Kva har den sikkert vel publiserte norske rovdyrforskinga bidratt med til å løyse konfliktane rundt rovdyr og sau, rein og andre dyr på beite her heime?
Vesentlege stemmer frå ulike fag i norsk forsking, som Øyvind Østerud, John Peter Collett og Vigdis Ystad har reist den alvorlege problemstillinga om det er slik at norsk forsking blir meir irrelevant for det norske samfunnet på grunn av presset mot forskarane på å få ut flest mogleg publikasjonar på engelsk.
Og vil ikkje det aukande innslaget av utanlandske forskarar med avgrensa kunnskap om norske forhold på sikt undergrave tilliten og relevansen til norsk forsking for politikkutforming? Så vidt eg kan sjå, har den norske rovdyrforskinga i liten grad bidratt til å dempe arealkonfliktane rundt dei store rovdyra.
Derfor er det svært positivt at Forskingsrådet og fire fylkesmenn finansierer Bygdeforskning og ei rekkje andre forskingsmiljø i prosjektet «Lokal rovdyr» for å utvikle kunnskap om korleis auka rovdyrtal påverkar beitenæringar, lokalsamfunn og samisk reindrift.
Formålet er å utvikle og anbefale nye og forbetra verkemiddel og tiltak, eit formål som dei grunnleggande fedrane og mødrene i norsk samfunnsforsking ville nikke gjenkjennande til. Heldigvis har vi også yngre forskarar med kompetanse på helse og arbeidsmiljø som kan ta opp den hansken eg har kasta.
No har også minister Helgesen omsider, etter instruksjon frå Stortinget, funne ut at han vil endre rovviltforskrifta slik at Naturmangfaldlovens paragraf 18c kjem i bruk. Da kan forvaltinga legge vekt på lokalsamfunn, lokal næringsutvikling og distriktspolitikk, både i samsvar med Bernkonvensjonen og norsk lov.
Eigedomsretten er den syttande menneskerett, først vedtatt av Frankrikes nasjonalforsamling, 26. august 1789. Norsk rovdyrpolitikk har gradvis tatt frå husdyrbønder og samar delar av deira eigedomsrett: Retten til å beite i utmark og på vidder. Denne problemstillinga burde oppta både forskarar, juristar og politikarar.
Om eg skulle spå, går det ikkje lenge før vi ser ei sak for den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg om tap av beiterett på grunn av storsamfunnets rovdyrpolitikk. Kjem den ikkje frå Norge, kan den koma frå Finland, eller frå Danmark, der ulven har yngla i vår.