Sverige ligg an til å ta gull i distriktspolitikk! Kva har skjedd?

Denne kronikken stod på trykk i Aftenposten og på nett aftenposten.no lørdag 25.11.2017.

Det har lenge vore opplese og vedtatt at Sverige har avvikla sin distriktspolitikk, og kommentatorar har meint Norge er den siste Sovjetstat, som held seg med ein slik levning. Dessutan meiner folk flest i Norge at når vi reiser frå Norge til Sverige, så ser vi verknaden av denne politiske forskjellen: Der det er levande grender på norsk side er det gjengrodde «vallar» og nedlagte «gårdar» på svensk side. Dette bildet er langt frå like klårt i dag.

Biltur i grenseland

Sommaren 2008 tok kona og eg ein biltur i grenseland, inn i Sverige over Storlien, sør gjennom Sveriges Åsarna og Dalarna, inn att i Norge gjennom Trysil, oppgjennom østerdalane og heim. Under heimturen oppsummerte vi med at det framleis var ein forskjell mellom norsk og svensk landsbygd til Norges fordel.

I juli 2015 tok kona mi og eg oss ein ny tur i grenseland. Denne gongen køyrde vi sørover på norsk side, gjennom skogkledde Østerdalen til Solør,  Ørje og Aremark. Vi kryssa grensa inn i Sverige over Prestebakke og Kornsjø, til Ed og Åmål. Ei snikande kjensle stal seg inn i oss: Den norske grensebygda har vorte meir lik den svenske.  Vi held fram gjennom «Ack Värmeland, du sköna», og såg beitande kyr i «öppna landskap». Heimover att, oppgjennom Älvdalen og vestover mot Sälen, passerte vi inn i Norge ved Østby i Trysil.

Ulven?

Kva var det vi såg i 2015? Vel var det stussleg og mye brakklagt jord oppgjennom Tandådalen og i Lima, men det var ikkje stort betre «aust på skogom». Forbi Nybergsund og oppgjennom Innbygda, gjennom Engerdal til Drevsjø, seig ei vond visse inn over oss: Norske styresmakter maktar ikkje lenger å ta heile landet i bruk. Og alt kan ikkje vera ulven si skuld.

«Sjå til Norge»

No veit vi at svenske politikarar, særleg i Centern og i delar av det sosialdemokratiske partiet, alt lenge har sett til Norge etter landsbygdspolitisk inspirasjon. Særleg har desse grupperingane missunt oss den differensierte arbeidsgjevaravgifta og at delar av inntektene frå vasskrafta går til kommunar og fylke. Derfor har det vore vanleg å seie i Sverige når landsbygdspolitikken har vore oppe til debatt at ein burde «sjå til Norge», og talrike delegasjonar har tatt turen hit. Denne inspirasjonsruta kan no måtte snu.

I desember 2016 la den parlamentariske landsbygdskomiteen i Sverige fram si innstilling med heile 75 forslag, som alle var samrøystes. Dette siste var ei bedrift når ein tenker på at alle partia i Riksdagen  var representerte i komiteen. For Norges del kan det vera vel verdt å sjå på ei lang rekkje av desse forslaga, særleg for dei politikarane som ønskjer seg ei velfylt distriktspolitisk verkemiddelkasse.

Analysar og bredband

Kva verkemiddel foreslår så den svenske landsbygdskomiteen? Eitt av dei viktigaste forslaga er å innføre konsekvensanalysar for balansen mellom by og land ved alle store reformer. Utfallet av slike analysar vil så vera med som eit viktig premiss i reformprosessen. Dernest blir det foreslått at heile Sverige skal med i digitaliseringa: ”Nytt mål för bredbandsutbyggnaden, är at hela landet ska ha tillgång till bredband på minst 100 Mbit/s senast 2025”. Her i landet vil det vera vanskeleg å nå målet om 90 prosent høghastighets breiband innan den tid.

Vidare blir det anbefalt at den svenske regjeringa omlokaliserer 10.000 statlega arbeidsplassar over ein periode på fem til sju år. Næringslivet i 23 «glesbygds»-kommunar med ekstra store utfordringar får ein næringslivspakke på 500 millionar svenske kroner. Endeleg skal alle len (fylke) ha ein politisk samansett ”Landsbygdsdelegation”, som skal ha ein strategisk og operativ funksjon under leiing av ”landshövdingen”, for å samordne landsbygdspolitikken.

Kva gjer vi så i Norge?

Juvelen i den distriktspolitiske krona

Våren 2017 la regjeringa Solberg fram for Stortinget ei melding om regionalpolitikken. Der blir det slått fast at alle byar, tettstader og bygder no skal tilhøyre ein region. Alle veit ikkje riktig kva region dei tilhøyrer enda, eller kva den skal heite: Vestlandet eller Bjørgvin, Nordlys eller Davvin, men framover skal det vera ein felles by- og distriktspolitikk i eit geografisk område. Vidare vart det slått fast at det er stor enighet i Norge om dei viktigaste verkemidla i by- og distriktspolitikken, slike som om sjølve juvelen i den distriktspolitiske krona: Den differensierte arbeidsgjevaravgifta.

Stortinget

Da Stortinget debatterte By-og distriktsmeldinga i slutten av mai vart det ikkje fleirtal for at nye statlege institusjonar og nye arbeidsplasser i eksisterande statlege verksemder skal etablerast utanom Oslo, sjølv om dette vart støtta av eit mindretal frå Ap, Sp, SV. Det vart heller ikkje fleirtal for ei sterkare satsing på mineralnæringa, som vart støtta av eit mindretal frå Ap, Sp og KrF. Det som i mai var eit mindretal av Ap, Sp, Kr.F, SV og MDG ba Regjeringa legge til grunn at eventuelle endringar i kommunestrukturen skal vera basert på frivillighet. Ved stortingsvalet i september kom desse partia i fleirtal, dersom KrF ikkje skulle ha skifta syn. Både i meldinga og under handsaminga i Stortinget vart det lagt vekt på at den viktigaste distriktspolitikken skjer på andre politikkområde, slike som innan landbruk, utdanning, velferd, samferdsel, energi og forsvar.

Kven av grannelanda vil det så vera som  har den mest velfylte distriktspolitiske verktøykassa i åra framover? Dette får vi ikkje vita før til våren, når Riksdagen skal debattere forslaga frå landsbygdskomiteen. Alt no kan ein like vel slå fast at Sverige har knappa inn på forspranget Norge har hatt, i og med at dei er i ferd med å gjennomføre ei rekkje av dei foreslåtte tiltaka, slik som den storstilte satsinga på høghastighets breiband over heile Sverige.

Kva kunne ei norsk regjering gjera for å koma på offensiven i distriktspolitisk OL, der Sverige no ligga an til å ta «gull» til våren? Ei lågt hengande frukt kunne vera ein distriktspolitisk pakke for å prøve ut noen av dei foreslåtte svenske verkemidla.

Vil du vite mer?

Ta kontakt med oss så hjelper vi deg, enten det er å komme i direkte kontakt med ansatte eller finne annen relevant informasjon.

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.