Small wooden bridge over the mountain rive
Illustrasjonsbilde Foto: Colourbox

Mellom rotfaste og fotfaste

Kulturkløfta mellom dei som har røter og føter, kan ikkje fyllast av pengar. Og alle kan ikkje gje seg ut på vandring, skriv Reidar Almås i spalta Faglig snakka i Nationen.

Det opnar seg no ei kløft i folket vårt. Dette er ei sosial og kulturell kløft mellom dei som har røter, dei rotfaste, og dei som har føter, dei fotfaste.

Dei rotfaste som held seg på heimetraktene er prisgitt stadens næringsliv, og er mellom dei som taper på globaliseringa. Dei rotfaste er bekymra for framtida til velferdsstaten og den norske modellen, mens dei fotfaste som fartar rundt og gjer karriere, trur at vi kan ha vel så mykje å lære av andre når det gjeld å organisere samfunnet.

Dei fotfaste elitane, dei som har høg utdanning eller mykje pengar, eller begge delar, er ikkje bekymra for framtida.

Denne kløfta i folket er farlegare enn fjellet Mannen i Romsdalen, der ein trass i sterke naturkrefter held utglidinga under oppsikt og veit nokon lunde når det store raset kan koma. Og sprengkreftene i kulturkløfta, som også har heimsøkt andre samfunn av vår type, er sterkare enn kreftene til isen og snøen som til slutt vil sprenge Mannen.
Kulturkløfta mellom dei som har røter og føter, kan ikkje fyllast av pengar. Og alle kan ikkje gje seg ut på vandring.

Kulturkløfta finst i alle vestlege demokrati, men det er stor forskjell mellom det som kjem ut av desse kløftene, alt etter den særeigne sosiale og politiske kulturen i kvart land.
I Storbritannia, der David Goodhart har kalla dei to identitetsgruppene «somewheres» og «anywheres», kom Brexit flytande ut av denne kulturkløfta. I USA kom valsigeren til Donald Trump ut av ei tilsvarande kulturell kløft mellom rotfaste og fotfaste.

Vi har sjølv hatt våre to Brexit-hendingar med dei to folkerøystingane om medlemskap i den europeiske unionen i 1972 og 1994. Båe gongene lukka kulturkløftene seg tilsynelatande etterpå, utan varige kløyvingar.

Kva som vil koma ut av den veksande sosiale og kulturelle kløfta i Norge, er enno ikkje heilt klårt. Vi har så vidt sett starten. Nokre er raske og vil seie at Sylvi Listhaug og det ho står for, med Carl I. Hagen som fadder, er eit teikn på eit opprør mot elitane i landet, sjølv om desse to så visst er ein del av den politiske eliten sjølve. Konfliktane rundt innvandring og kommunereforma, er typiske eksempel på politiske konfliktar som botnar i konfliktar rundt identitet, og meir skal koma.

Som forskarar kan vi resonnere oss fram til at kløfta er i ferd med å vide seg ut i landet vårt og, etter som vi ser teikn til at det blir mindre tillit mellom folk, grensene for kven velferdsstaten er til for blir meir omdiskuterte, og politikarforakta breier seg.
Trua på demokratiet blir mindre, år for år. Vår oppgåve som forskarar er å skaffe kunnskap om kva som skjer. Det gjeld både sosialt, kulturelt og økonomisk, mens det skjer, – og peike på boteråder.

Den tradisjonelle norske måten å møte denne typen kulturelle kløyvingar på har vore at ein radikal del av den privilegerte eliten, gjerne kalla dei «byradikale», har tatt parti med store folkegrupper av bønder, fiskarar og arbeidarar. Desse har vore det ein kan kalle klassesvikarar, i og med at dei har utgjort ein motekspertise imot embetsvelde og dei kulturelle og økonomiske elitane.

Det er denne motkulturelle historiske tradisjonen vi må studere, forstå og dra lærdom av om vi skal makte å utvikle kulturelle institusjonar og økonomiske reformer som kan bygge bru over den nye kulturkløfta. Her blir dei som har både røter og føter viktige.
Goodhart definerer ein «somewhere» som ein person som bur mindre enn 30 kilometer frå der personen har vakse opp. I Storbritannia er «Somewheres» i fleirtal, med om lag 60 prosent av folket, mot 25 prosent «anywheres». Dei resterande 15 prosentane er litt av begge delar.

Forskarar kan ha både røter og føter. Dei fleste forskarar med nokre år på baken har gjerne hatt fleire utanlandsopphald og reiser på konferansar i inn- og utland. Dette er eit stort privilegium, som forpliktar.

Om ikkje vi, som kan studere og forstå til dels svært varierande samfunnsforhold med ulike konsekvensar for borgarane, kan bidra med innsikt i kva som fører til eit godt samfunn, kven skal gjera det da?

Og om ikkje vi kan formidle denne kunnskapen på ein annan måte enn på den subjektfrie byråkratstilen som vi har vant oss til skal koma frå det offentlege, da har vi fortent å tape vårt privilegium.

Eitt av måla for moderne og tidsmessig samfunnsforsking må vera å bygge bru over den nye kulturkløfta mellom rotfaste og fotfaste. Den forskinga er ikkje verdifri, og det skal samfunnsforskinga heller ikkje vera.

Denne teksten stod på trykk i Nationen og på nationen.no den 16. mai 2018 i spalten Faglig snakka.