Sauer på beite i utmarka Foto: Colourbox
Sauer på beite i utmarka Foto: Colourbox

Grenser i utmarka

Vi kan sjå ei vriding frå å sjå rettane i utmarka som kollektive og delte, til å i større grad sjå utmarka som eit areal som kan avgrensast og kontrollerast av den enkelte.

No, som bygda har vorte byen sin batteriladar, så er det mange hytteeigarar og andre friluftsforbrukarar som vi ha sitt å seie om kva utmarka skal brukast til. Det er òg stadig fleire slike som meg – utflytta gardsgutar og tauser, som sit i byen og fjernstyrer eigendomane dei meir eller mindre frivillig har vorte sittande att med, for å forvalte grunn og jaktrettar.

I tillegg har du gruveselskap frå Canada, Statkraft med halve miljøbevegelsen i ryggen og pengesterke aktørar som har kjøpt opp utmarksareal for å drive ”eigendomsutvikling”. Mange aktørar utan tilknyting til lokalsamfunnet, og mange aktørar utan rotfeste i den tradisjonelle norske utmarksbruken.

Finst det grenser for utmarksbruken? Sjølv om det har vore bytesteinar og -trær i utmarka i lang tid, så kan det sjå ut som om behovet for grenser som skil mitt frå ditt i utmarka er aukande.

Det er alltid menneske som trekkjer grensene, og då kan dei òg alltid stillast spørsmål ved. Men grenser på kartet er det mest bruka verktøyet i moderne arealforvaltning – for å regulere og styre aktivitet, for å halde orden på ei elles komplisert verkelegheit.

Grenser er avgjerande når vi snakkar om eigendom og rettar. I eit så kalla substansielt eigendomssyn så dannar grenselinene område der eigarar har full og eksklusiv råderett, der andre sin aktivitet er å sjå på som eit inngrep i eigendomsretten. I eit praktisk-funksjonelt eigendomssyn markerer grenseliner områder der fleire kan ha ulike rettar.

Grenser kan vere fysiske, dei kan være opplevde, og dei kan vere konstruerte for eit bestemt formål. Grenser er eit forvaltningsredskap, dei identifiserer oss og dei strukturerer rettane våre, kven vi samhandlar med, kven vi byggjer fellesskap med, kven me kjem i konflikt med.

Innmarka ligg tett til garden, med klare eigendomsgrenser, og innanfor desse grensene kontrollerer eigarane i stor grad ressursane slik dei vil. I utmarka har det vore annleis. Her har ein på ulike vis organisert seg slik at fleire har tilgang til å utnytte dei same areala, uavhengig av kven som eig grunnen. Ut frå behov, praksis og sedvane kan ulike folk ha rettar til eksempelvis sauebeite, reinbeite, fiske, skogsdrift, veduttak, friluftsliv, nærast side om side. Ein kan litt forenkla seie at medan eigarskapet til innmarka no stort sett praktisert i tråd med eit substansielt eigendomssyn, så har utmarksbruken, i alle fall til no, i stor grad vorte praktisert etter eit praktisk-funksjonelt eigendomssyn.

Vi ser ei vriding frå å sjå på rettane i utmarka ut frå eit funksjonelt og praktisk perspektiv, til å sjå på utmarka ut frå eit meir substansielt syn på eigendom.

Tradisjonelt jordbruk kastar ikkje nødvendigvis av seg så mykje for tida, og i lengre tid har gardbrukarar vorte oppmoda til å vere kreative og nytenkjande når det gjeld å skaffe inntekt frå garden sine ressursar. Som ein landbruksbyråkrat eg intervjua sa: Landbruket må sjå utover skigarden for å kunne livberge seg.

I Stortingsmeldinga frå 1999/2000 – Om landbruk og matproduksjon – vart det oppmoda til at grunneigarar skulle ta i bruk en større del av ressursgrunnlaget på landbrukseiendommen gjennom blant anna økt næringsmessig utnyttelse av utmarka. Det er neppe Stortingsmeldinga, dåverande landbruksminister Lars Sponheim og påføljande politikk som åleine har styrt utmarksbruken sidan årtusenskiftet, men det er ei slik utvikling vi har fått: Ny og fornya ressursbruk.

Dette har ført til fleire konfliktar som utmarksforvaltninga må handsame. I moderne arealforvaltning er det lett å ty til kartet, og grensene, for å organisere aktørar og bruk. Men det som trengs no er å ta i bruk fleire verktøy, nye eller gamle, som gjer det mogleg å forvalte både skiftande bruk og fleire aktørar på dei same områda.

I staden for å segregere aktørar og aktivitetar bør vi tole å leve med mangfald og usikkerheit, vi må anerkjenne det usynlege og la terrenget heller enn kartet vere styrande for avgjerslene vi tek. I så fall vil vi måtte akseptere at vi ikkje alltid kan trekkje ei grense når vi føler vi har behov for det. Og at kanskje handlar det her meir om å begrense oss, enn om å lage nye grenser mellom oss.

Denne saken stod på trykk i Nationen og på nationen.no sin spalte Faglig snakka den 08.08.2018.