Vi ved Ruralis, deltek i EU-prosjektet LIAISON som no lanserer ein konkurranse for bygde- og landbruksbasert innovasjon. Her treng vi di hjelp!

Den europeiske partnarskapen for nyskaping, bærekraft og produktivitet i landbruket – EIP-AGRI – vart lansert av EU i 2012. Kjernen i dette arbeidet er nyskaping basert på samhandling og samarbeid mellom ulike aktørar, såkalla «interaktiv innovasjon». Denne tilnærminga fungerer allereie godt innanfor EIP-AGRIs såkalla operasjonelle grupper og innanfor mange Horisont 2020 prosjekt. Horisont 2020 er EUs store forskningsprogram, der Noreg deltek.

Forskingsprosjektet LIAISON er eit prosjekt finansiert av Horisont 2020 og handlar om «Betre rural innovasjon: Knytte aktørar, verktøy, politikk i nettverk».

Konkurransen

Vi håpar at du kan bidra med å spreie informasjon om konkurransen i dine nettverk knytt til jord-, skogbruk, reindrift, mat og bygd.

Til konkurranseskjema

Med di hjelp håpar vi å identifisere både pågåande og andre relativt nye nyskapande og gode initiativ innan jordbruk, skogbruk, reindrift og verdikjeder knytt til mat.

Vi er på utkikk etter prosjekt som ideelt sett har fleire partnarar med ulike typar komplementær kompetanse og kunnskap involvert, både praktisk, forskningsmessig og anna, og der ein har slått sine krefter saman i prosessen for å få til nyskaping. 15 tiltak/føretak/prosjekt frå heile Europa vil bli vald ut.

Informasjonsbrosjyre

Vedlagt er ei informasjonsbrosjyre, som det er flott om du kan distribuere vidare i dine nettverk.

Last ned informasjonsbrosjyre

Ta gjerne også direkte kontakt med tiltak, verksemder eller prosjekt du meiner bør søke konkurransen.

Dette kan dykk vinne

Ein jury samansatt av ekspertar vil velge ut 15 europeiske vinnarar som gode representantar for distriktsbasert innovasjon – «rurale ambassadørar for innovasjon». Dette vil bli markert ved at dei vert invitert til eit arrangement i ein europeisk storby høsten 2019, dei vil få tilgang på eit stort europeisk nettverk, og få tilbud om gratis utarbeida videomateriell for bruk i deira informasjons- og markedsføringsarbeid. Vinnaren vil og få tilgang på inntil 10 timar gratis veiledning frå Ruralis-forskar med sikte på å utvikle eit innovasjons- eller FoU-prosjekt.

 

Beste helsing,

Katrina Rønningen og Eirik M. Fuglestad

Vil du vite mer?

Ta kontakt med oss så hjelper vi deg, enten det er å komme i direkte kontakt med ansatte eller finne annen relevant informasjon.