Olaug V. Bollestad, Kristelig Folkeparti, Rogaland
Olaug V. Bollestad, Kristelig Folkeparti, Rogaland

Eit brot med bøndene vil smerte meir enn ribbeinsbrotet

No må statsråd Olaug Bollestad (KrF) overgå avtalen Jon Georg Dale (Frp) signerte i fjor for å berge æra.

Denne kronikken stod på trykk i Adresseavisen og på adressa.no den 14.05.2019.

Tirsdag 7. mai kom tilbodet til bøndene frå staten i jordbruksoppgjeret og landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) la akkurat ein milliard på forhandlingsbordet, på krona likt med det Jon Georg Dale tilbaud for eitt år sia. I fjor var det overraskande høgt til ein minister frå FrP å vera. Det Dale og Siv Jensen visste, var at i Stortinget sat KrF på vippen, klare til å gjera felles sak med dei raudgrøne for å plusse på. Like godt å la bøndene få desse millionane, før andre tok æra. Så i år var denne milliarden det minst som måtte til for å få Olaug Bollestads partifeller på Stortinget med Steinar Reiten i spissen til å puste letta ut.

Mange har meint at det no var tid for KrF å vise at det var bryet verdt og nesten splitte partiet for å gå inn i Solbergs regjering. Eit av argumenta til blå side for å gå i regjering var distrikts- og landbrukspolitikken. No må Bollestad overgå den avtalen Jon Georg Dale (Frp) signerte i fjor for å berge æra. Eit brot med bøndene vil smerte meir enn det ribbeinsbrotet ho fekk under sekkeløpet i Stavanger nyleg.D

Så langt er det håp i hangande snøre. Avstanden opp til bøndenes krav er 90 millionar større i år, etter som bøndene har kravd 1, 92 milliardar, mot 1,83 i fjor. Bondeorganisasjonane blir neppe med på ein avtale under 1,2 milliardar. Statens tilbodet skal gje bøndene fem prosent inntektsvekst, noko som utgjer 16.500 kroner per årsverk. Tilbod forutset marknadsbalanse, noe ein er langt unna i dag, både på kjøtt av svin og sau og på egg. Marknadsbalanse kjem neppe til å skje med mindre ein tar i bruk nye og skarpare verktøy for produksjonsregulering, og da vil mye av tilbodet vise seg å vera luftpengar.

Bøndenes krav har ein tydeleg Småbrukarlags-profil, med ei vidare reversering av Listhaug-lina. Fjorårets grep med å gi mest til dei små og flate ut og la dei store hente meir av inntektene i marknaden, er vidareført og forsterka. Det blir foreslått å legge inn øvre tak i husdyrtilskotet for grovfôrbaserte husdyr og nye tak i arealtilskota til korn, grønsaker, frukt og bær. Eit samla landbruk krev vidare ei sterkare satsing på økologisk landbruk, utan at staten har følgd opp i sitt tilbod.

Det blir og kravd at små og mellomstore mjølkebruk skal prioriterast ved fordeling av investeringsmiddel. Bøndene vil sjå på systemet med mjølkekvotar, blant anna blir det foreslått at dei som leiger ut kvote må selje 20 prosent av kvoten til staten. Dette for å motverke at det forsvinn så mye pengar ut av landbruket ved sal og bortleige av mjølkekvotar. Her har statens mektige forhandlingsleiar Forsell vore ute og brumma sin skepsis, og da blir det truleg ikkje noe av.

Den største satsinga i årets oppgjer vil koma på potet, frukt og grønt, der staten og bøndene er samde om det det både er rett å satse og at marknaden kan ta unna meir norske varer. Staten foreslår ein vekst i målpris på 25 øre per kilo på potet og 3,8 prosent i snitt på frukt og grønsaker, det siste ligg faktisk over kravet frå bøndene. For korn foreslår staten å auke målprisen på matkorn med 12 øre per kilo, mot kravet på 17 øre. For andre produksjonar er det lite å hente på pris: Staten tilbyr tre øre på mjølkeliteren og null på kjøtt og egg. Forbrukarane tener på dagens situasjon med overproduksjon: Matprisane har stege med 1,9 prosent siste året, mens konsumprisindeksen har stege med 2,9 prosent, og statens tilbod vil koste kvar av oss skattebetalarar 120 kroner i året.

Kravet frå bøndene er tydeleg lagt opp for å få til ein avtale. Kravet har ein klassisk sentrum-venstreprofil med omkamp om den landbrukspolitikken Listhaug innførte. Bøndene kan våge å ta denne omkampen fordi det etter valet i 2017 kom eit nytt landbruksfleirtal på Stortinget. Bøndene har generelt vore moderate i krava sine i år, særleg med tanken på den sterke kostnadsutviklinga på diesel og andre innsatsfaktorar.

Årets oppgjer har vorte krevjande for den nye leiaren i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, som opplever opprør i eigne rekkjer midt under forhandlingane, med ordførar i representantskapet Per-Anton Nesjan i spissen. Nyvald leiar Kjersti Hoff må vise at ho kan levere, men blir resultatet av forhandlingane ein avtale på eit nivå godt over det Merete Furuberg leverte i fjor, kan ho nok skrive under.

I Bondelaget kan Bartnes trygt ta nedslag på alt over 1, 2 milliardar, fjellstøtt som han står der i garden. Sjølv om inntektsgapet ikkje blir stort mindre enn det var før, har Bollestad fått inn ei line i statens tilbod som heiter «Nivåheving ut over lik prosentvekst». I tilbodet frå Staten står det 215 millionar kroner på denne lina , noe som svarar til i underkant av 4800 kroner fordelt på dei 45 000 årsverka i jordbruket. Denne Bollestad-lina kan bli den raude lina som jordbruksoppgjera vil bli målt imot i åra som kjem.

Kva har bøndene å vinne på eit brot, slik at oppgjeret går til Stortinget? Ingen ting, anna enn at opposisjonen i Småbrukarlaget kan stå att som dei reine og ranke som ikkje har skitna til fingrane sine med kompromiss. Bollestad har heller ingen ting å vinne på eit brot.

Kva har partane å vinne på ein avtale? Først og fremst vil Bollestad og KrF kunne helse heim til bønder i sør og vest at landbrukspolitikken blir betre med dei i Solbergs regjering. Også i Trøndelag kan ein avtale med bøndene vera lim og naglar i ei lekk KrF-skute. Bondelaget og Småbrukarlaget kan håpe å vinne små omkampar fram mot 17. mai, slik at både Lars Petter Bartnes og Kjersti Hoff kan sende gledelege helsingar heim på nasjonaldagen. Bartnes og Bollestad blir nok samde, men om Hoff blir med på ein trekant, er meir uvisst.