Foto: Colourbox
Foto: Colourbox

Var det ei koronakrise vi trong for å skifte spor?

Norge blir aldri det same etter koronaen, men fleire av konsekvensane på lang sikt kan bli av det gode. [Denne kronikken er skrevet av seniorforsker Reidar Almås, og stod på trykk i Adresseavisen og adressa.no den 27.04.2020.]

Det er tidleg å trekke endelege konklusjonar om kva for konsekvensar koronapandemien får for det norske samfunnet, men alt no ser vi noen tydelege verknader som kan bli varige. Både her heime og i mange andre land ser vi tragiske konsekvensar for økonomi, liv og helse på kort sikt. På lang sikt kan tiltaka mot koronaens herjingar føre til meir godt enn dårleg, dersom vi steller oss rett.

I mitt eige arbeidsmiljø ser eg korleis folk har omstilt seg over natta og arbeider heimanfrå over nettet som om dei aldri skulle gjort anna. Det viser seg at vi alle har vore utstyrt med teknologiar vi på langt nær har gjort full bruk av. Både forskarar, dei som underviser, studentar og elevar har på kort tid tilpassa seg, og vi ser ei «nettifisering» som ikkje vil la seg snu. Det er dårleg nytt for flyselskap og hotellnæring, men godt nytt for dei som utviklar dei nye teknologiane og plattformene. Bruk av nettbaserte løysingar vil spare tid, pengar og ikkje minst miljøet. Avstand og landegrenser blir eit mindre problem enn før og fleksible kombinasjonar av heimarbeid, «teams», «webinar» og oppmøte på arbeidsplass blir eit gode som arbeidstakarane vil forlange. Dette vil gjelde i dei fleste yrke og bedrifter, mest i dei tenesteytande næringane.

Samtidig har koronatilstandane sett søkelyset på dei lange og sårbare forsyningskjedene som følgjer av globaliseringa. Manglande forsyning av virkestoff til medisin og smittevernutstyr har brutalt mint oss om at «just in time» og «lean production» ikkje kan gjelde alle varer. Det kan ikkje vera til å leva med at verda har overlatt produksjonen av alle typar antibiotika til India og Kina. Finland har vist veg når det gjeld å ha beredskapslager av medisin, smittevernutstyr, korn, oljeprodukt og reservedelar til landbruksmaskiner. Det er nok ikkje tilfeldig at Finland i dag har færrast døde etter folketalet av dei nordiske landa. Ein skal ikkje vera mye til spåmann for å forutseie at det blir ein fornya debatt om nasjonal beredskap når den verste krisa er over. Dei politiske kløyvingane mellom sentrum og periferi er og aktualisert, og viser at i vårt langstrakte land trengst det desentraliserte løysingar og lokale styresmakter som har makt og får ansvar.

Etter kvart vil det også gå opp for fleire her heime at korn til mat og fôr er sårbare varer som vi må sikre oss lager av. Alt no ser vi at prisen på kveite på verdsmarknaden har stige med 20 prosent på ein månad. Eg ser fram til korleis dei vil argumentere i framtida dei som er imot å lagre korn til eit halvt års forbruk. Den årlege kostnaden (30-40 millioner) må ein sjå som forsikringspengar, og det blir småpengar imot dei summane vi brukar på å bekjempe arbeidsløysa. Matforskaren Annechen Bugge ved SIFO/Oslo Met meiner at koronakrisa vil skape auka etterspørsel etter kortreist mat, og eg trur ho har rett.

Vi ser og at mangelfull tilgang på arbeidskraft kan gjera det vanskeleg både å plante, så og hauste av markens grøde. Dette gjeld særleg frukt og grønt, og da bør bøndene kjenne si besøkstid og rekruttere norsk arbeidskraft. Det har vorte ei myte at nordmenn ikkje vil ha sesongarbeid i landbruket, men kanskje det nettopp er no norsk ungdom skal knuse denne myten?

Her i avisa er Tore Lindbak med Oppdal som eksempel ute og argumenterer for at hyttekommunane må dimensjonere helsevesenet sitt slik at dei kan tilby helsehjelp til hyttefolket. Dette er eit rimeleg argument i normale tider, og så vidt eg veit har ingen vorte liggande sjuk på hytta utan å få helsehjelp. Men dette er ikkje normale tider. Derfor måtte også hyttefolket delta i den nasjonale dugnaden og for ei lita stund halde seg i kommunen der dei betaler skatt. Eller så må hyttekommunen få sin del av kommuneskatten som hytteeigarane betaler, etter kor lenge dei oppheld seg i dei respektive kommunar. Teknisk går det an, men debatten har ingen tatt.

På lengre sikt skal eg ikkje gje meg til å spå kva som vil skje. Noen har spådd kapitalismens endelikt, andre at Kina vil ta over verdsherredømet. Kapitalismen er nok fleksibel nok til å overleva denne gongen og, men truleg i ei meir regulert og statsøkonomisk form. Og så langt har det kinesiske leiararskapet med alle sine manglar gjort ein betre figur enn vår nære allierte over dammen. Av dei meir globale konsekvensane, ser vi i alle fall at nasjonalstaten har fått ny aktualitet når det gjeld som mest. Norske leiarar og ekspertar har stått fram som myndige og kunnskapsrike leiarar og gjort oss trygge og lydige. Eg treng ikkje nemne namn frå naboland eller land vi ikkje vil samanlikne oss med som har stått fram både som arrogante og mindre truverdige.

Tillit i eit samfunn har stor verdi, meir enn pengar på bok. Pengane vi har på bok kjem også godt med, så takk frå min generasjon for at vi fekk vera med og tære på oppsparte midlar når vi trong det. Enn så lenge vil vi bruke 3-4 prosent av oljefondet for å bekjempe den verste samfunnskrisa i vår levetid. Det kan bli meir, men etterpå vil dei fleste meine at det var verdt det. I ettertid kan det og vise seg at det var no vi vart tvinga til å ta det første steget mot eit meir klimasmart samfunn.

Link til Adresseavisen