Kraftfôrbil fra Fiskå Mølle
Kraftfôrbil fra Fiskå Mølle med pellets Foto: Jostein Lerdahl

Krafta i kraftfôret

Kraftfôr, kva er eigentleg det, spør du kanskje.
Det høyrest mest ut som ein sportsdrikk. Og ja, kraftfôret er konsentrert energi for husdyra – ein liten pellet som har endra norsk jordbruk radikalt.

Då eg vaks opp og var med på å stella kyr og sauer heime, gjekk kraftfôret berre under namnet «mjøl», men då eg etter kvart starta på Vinterlandbruksskulen, fekk me elevane streng beskjed om at «mjøl» fekk me ikkje lov til å kalla det, det heitte kraftfôr. Om me ikkje lærte anna det året, sa læraren, så skulle me i alle fall hugsa dette eine.

Eg veit ikkje, men «mjøl» kom kan henda av det faktum at kraftfôret lenge hadde ein komponent av kjøtbeinmjøl frå storfe i seg. Dette var proteinrike saker og gav god tilvekst og mykje mjølk.

Utan beinmjøl

Kraftfôret har ikkje lenger beinmjøl i seg. Det vart forbode etter tragediane med kugalskap i Storbritannia på slutten av 1980-talet. Det var nemleg partiklar frå beinmjølet som truleg var årsaka til sjukdommen. Etter den tid har kraftfôret vore plantebasert, og det består i stor grad av norsk korn (om lag 70 prosent), men det har også innhald av andre proteinrike vekstar, som raps og soya som er importert frå utlandet. Kraftfôret er altså i dag ei blanding av forskjellige kornsortar som er pressa inn i ein liten pellet som konsentrert protein, karbohydrat og feitt. Ein kraftfôrpellet er på om lag same storleik som eit puffa riskorn.

Kraftfôr til alle

I dag brukar alle husdyrproduksjonane (i tillegg til oppdrettslaks) i Noreg kraftfôr, dersom drifta er konvensjonell. For kylling, eggproduksjon og svin er 100 prosent av fôrsetelen kraftfôr, og norskdelen av dette varierer frå 40 prosent (kylling) til 70 prosent (svin). Mjølkekua har om lag 45 prosent av fôrsetelen som kraftfôr, der 60 prosent av dette er norsk råvare. Sauer/lam og ammekyr brukar minst kraftfôr i fôrsetelen, med høvesvis 12 og 7 prosent. Totalt sett brukar ein årleg om lag 2.000.000 tonn kraftfôr i i Noreg.

Radikal endring

Til samanlikning var bruken av kraftfôr tilnærma null i store delar av landet ved inngangen til 1900-talet. Noko har endra seg radikalt i jordbruket på desse hundre åra, og det kan summerast i formelen auka produktivitet, auka volum og færre produsentar. Kraftfôret er bindeleddet som mogleggjer den spesialiserte og høgproduktive husdyrproduksjonen i landet vårt. Dimed har kraftfôret også vore eit krafttak for moderniseringa vår.

Kraftfôrets historie byrjar også samstundes med det moderne gjennombrotet i Noreg seint på 1800-talet. I boka Husdyrlære frå 1896 finn me i innhaldslista, under emnet fôrmidlar, noko som er kalla «kjernen av kornplanterne og belgplanterne». Desse, står det å lesa, «indeholder megen let fordøielig næring (…) de kan derfor regnes for kraftfôr eller koncentreret formidler».

Oppgjøing

Det har truleg alltid vore brukt litt korn i visse produksjonar, til dømes havre til hesten. Det har også vore vanleg, i alle fall sidan mellomalderen, at bøndene gav korn til griser i gjøperioden. På slutten av 1800-talet hadde bruken av korn kome inn også i mjølkeproduksjonen som eit tilskotsfôr.

Korn til kyr ser ut til å vera brukt ei stund før dette også, då meir som naudfôr på våren. Alt på denne tida var det nokre som meinte at kyrne ikkje skulle få det kornet som menneska kunne eta sjølve. Dette er ei av dei sentrale konfliktane knytte til kraftfôr også i dag: Skal bonden gi kornet som den beste dyrkajorda avlar, til husdyra, eller skal menneska sjølv eta dette kornet?

Avdrått

Det som er sikkert, er at slik norsk husdyrproduksjon er lagt opp i dag, så må husdyra ha kraftfôret sitt. Grunnen til dette er at husdyrproduksjonane har vorte ein produksjonsfaktor i ein økonomi der høgast mogleg avdrått per dyr er grunnsteinen. Slik var det ikkje i det gamle jordbrukssamfunnet. I motsetnad til i dag mjølka dei ofte ikkje kyrne om vinteren, og dei gjekk ute på beite heile sommaren. Før i tida hadde bøndene relativt mange kyr som produserte lite mjølk kvar, og fôret i laktasjonsperioden var nesten utelukkande beitegras.

Færre og større

Denne praksisen skulle endra seg ettersom 1900-talet skreid fram. Mange autoritetar meinte at bøndene burde redusera talet på dyr og heller fôra dei med kraftfôr om vinteren, for å auka ytinga per ku. Og slik vart det, ikkje berre for mjølkekua, men for alle husdyrproduksjonane. Gjennom heile 1900-talet har det vore ei konsekvent og storslagen satsing på meir avdrått per dyr, vera det seg mjølk, kjøt eller egg.

For mjølkeproduksjonen har dette ført til at talet på dyr har vorte sterkt redusert – og konsentrert på langt færre gardsbruk som i snitt er mykje større enn før. Færre dyr produserer meir mjølk på færre gardar. Det var ein klar samanheng mellom innsparte årsverk og auka i bruken av kraftfôr. I dag gjer kraftfôret at me kan ha høgtytande mjølkekyr året rundt her i landet, men det har også ført til at kyrne får mindre av energien sin frå graset som veks hjå bonden.

Meir kylling og gris

For kylling, egg og svin har talet på dyr auka kraftig: Aldri før har det vore så mange kyllingar og griser her i landet, og aldri før har me ete så mykje kjøt frå desse to dyreslaga, som altså er 100 prosent fôra på kraftfôr. Samstundes er desse dyra konsentrerte på nokre svært få og – etter historisk målestokk – svært store besetningar.

Fram til midten av 1900-talet var gris noko mange gardar hadde nokre få av kvar, og dei fekk mykje restemat. Og kyllingproduksjon av typen hurtigveksande broilerar som gjev oss kyllingfiletane som me et så mykje av no til dags, fanst ikkje i Noreg før på 60-talet, og då berre i liten skala. Bølgja av aukande kraftfôrbruk tok med seg broileren til Noreg og skylde grisen ut til sine eigne store fjøs, konsentrert til nokre ganske få gardar.

Sjølve kjenneteiknet

Her er me i dag, det er kraftfôrets kraft, og eigentleg ein logisk konsekvens som går ut frå kraftfôrets natur som konsentrert fôrmiddel for rask og effektiv vekst i avdrått. I dag er berre 2 prosent av oss bønder fordelte på under 40.000 bruk, men dei produserer fleirfaldige gonger meir mat enn kva 20 prosent av folkesetnaden gjorde på til dømes 200 000 bruk i 1950. Kraftfôret går slik inn i logikken til den industrielle moderniteten, som først og fremst er kjenneteikna av uhemma produktivitetsvekst.

Me kan seia at kraftfôret er sjølve symbolet på det moderne, norske husdyrbruket. I ein liten pellet vert bruksnedlegging og produksjonsvekst og diskusjonar om blant anna sjølvforsyning og import samanfatta. For dei som vil endra retninga på norsk landbruk, vil difor kraftfôret vera ein nøkkel. Kraftfôret har hatt kraft til å endra norsk landbruk frå tradisjon til modernitet, og det kan ha kraft til å endra landbruket også i framtida.

Eirik Magnus Fuglestad er odelsson og forskar ved Ruralis.

Denne saken er publisert i DAG OG TID 13.08.2021.