Tilgangen på fôr til husdyr er en viktig del av matberedskapen Foto: Colourbox
Tilgangen på fôr til husdyr er en viktig del av matberedskapen Foto: Colourbox

Kraftfôrets kraft

Kraftfôr. Kva er no eigentleg det for noko, spør du kanskje? Det kunne mest høyrast ut som ein sportsdrikk. Og på eit vis stemmer det, kraftfôret er konsentrert energi for husdyra i ein liten pellet. Denne litle pelleten har radikalt endra norsk jordbruk gjennom dei siste hundre åra, og kan endra landbruket også i framtida.

Då eg vaks opp og var med på å stella kyr og sau heime, gjekk kraftfôret berre under namnet «mjøl», men då eg etter kvart starta på Vinterlandbruksskulen fekk me elevane streng beskjed at «mjøl» fekk me ikkje lov å kalla det, det heitte kraftfôr. Om me ikkje lærde anna det året, sa læraren, så skulle me i alle fall hugsa dette eine. Eg veit ikkje, men «mjøl» kom kan hende frå det faktum at kraftfôret lenge hadde ein komponent av kjøtbeinmjøl frå storfe i seg. Dette var proteinrike saker, og gav god tilvekst og mykje mjølk.

Kraftfôret har ikkje lenger beinmjøl i seg. Det vart forbode etter tragediane med kugalskap i Storbritannia på slutten av 1980-talet. Det var nemleg partiklar frå beinmjølet som truleg var årsaka til sjukdommen. Etter den tid har kraftfôret vore plantebasert, og det består i stor grad av norsk korn (om lag 70 prosent), men har også innhald av andre proteinrike vekstar som raps og soya – desse er importerte frå utlandet. Kraftfôret er altså i dag ei blanding av forskjellige kornsortar som er pressa inn i ein liten pellet som konsentrert protein, karbohydrat og feitt. Ein kraftfôrpellet er på om lag same storleik som ein puffa ris.

I dag brukar alle husdyrproduksjonane (i tillegg til oppdrettslaks) i Noreg kraftfôr, dersom det er konvensjonell drift. For kylling, eggproduksjon og svin er 100 prosent av fôrsetelen kraftfôr, og norskdelen av dette varierer frå 40 prosent (kylling) til 70 prosent (svin). Mjølkekua har om lag 45 prosent av fòrsetelen som kraftfôr, der 60 prosent av dette er norsk råvare. Sau/lam og ammekua brukar minst kraftfôr i fôrsetelen med høvesvis 12 og 7 prosent. Totalt sett i Noreg brukast årleg om lag 2 000 000 tonn kraftfôr.

Til samanlikning var bruken av kraftfôr tilnærma null i store delar av landet vårt ved inngangen til 1900-talet. Noko har endra seg radikalt i jordbruket på desse hundre åra, og det kan summerast i formelen: auka produktivitet, auka volum og færre produsentar. Kraftfôret er bindeleddet som mogleggjer den spesialiserte og høgproduktive husdyrproduksjonen i landet vårt. Dimed har kraftfôret også vore eit krafttak for moderniseringa vår.

Kraftfôret si historie byrjar også samstundes med det moderne gjennombrotet i Noreg seint på 1800-talet. I boka Husdyrlære frå 1896 finn me i innhaldslista, under emnet fôrmidlar, noko som er kalla «kjernen av kornplanterne og belgplanterne». Desse, står det å lesa «indeholder megen let fordøielig næring … de kan derfor regnes for kraftfôr eller koncentreret formidler».

Det har truleg alltid vore brukt litt korn i visse produksjonar, til dømes havre til hesten. Det har også vore vanleg, i alle fall sidan mellomalderen, at bøndene gav korn til gris i gjøperioden. På slutten av 1800 talet hadde bruken av korn kome inn også i mjølkeproduksjonen som eit tilskotsfòr.

Korn til kyr ser ut til å vera brukt ei stund før dette også, då meir som naudfôr på våren. Alt på denne tida var det nokre som meinte at kyrne ikkje skulle få det kornet som menneska kunne eta sjølve. Dette er ei av dei sentrale konfliktane knytt til kraftfôr også i dag: skal bonden gi kornet som den beste dyrkajorda avlar, til husdyra, eller skal menneska sjølv eta dette kornet? Det som er sikkert, er at slik norsk husdyrproduksjon er lagt opp i dag, så må husdyra ha kraftfôret sitt.

Grunnen til detter er at husdyrproduksjonane er vorte ein produksjonsfaktor i ein økonomi der høgast mogleg avdrått per dyr er grunnsteinen. Slik var det ikkje i det gamle jordbrukssamfunnet. Motsett frå i dag, mjølka ofte ikkje kyrne om vinteren i det gamle jordbrukssamfunnet, og dei gjekk ute på beite heile sommaren. Bøndene hadde relativt sett mange kyr som produserte lite mjølk kvar, og fôret i laktasjonsperioden var nesten utplukkande beitegras.

Denne praksisen skulle endra seg ettersom 1900-talet skreid fram. Mange autoritetar meinte att bøndene burde redusera talet på dyr, og heller fôra dei med kraftfôr om vinteren for å auka ytinga per ku. Og slikt vart det, ikkje berre for mjølkekua, men for alle husdyrproduksjonane. Gjennom heile 1900-talet har det vore ei konsekvent og storslagen satsing på meir avdrått per dyr, vere det seg mjølk, kjøt eller egg.

For mjølkeproduksjonen har dette ført til at talet på dyr har vorte mykje redusert, og konsentrert på mykje færre gardsbruk som i snitt er mykje større enn før. Færre dyr produserer meir mjølk på færre gardar. Det var ein klar samanheng mellom innsparte årsverk og auka i bruken av kraftfôr. I dag gjer kraftfôret at me kan ha høgtytande mjølkekyr her i landet året rundt, men det har også ført til at kyrne får mindre av energien sin frå graset som veks hjå bonden.

For kylling, egg og svin har talet på dyr auka kraftig: aldri før har det vore så mange kyllingar og gris her i landet, og aldri før har me ete så mykje kjøt frå desse to dyreslaga som altså er 100 prosent fôra på kraftfôr. Samstundes er desse dyra konsentrert på nokre svært få, og etter historisk målestokk, svært store besetningar.

Fram til midten av 1900-talet var gris noko mange gardar hadde nokre fåe av kvar, og dei fekk mykje restmat. Kyllingproduksjon av typen hurtigveksande broilerar som gjev oss kyllingfilleane som me et så mykje av no til dags, fanst ikkje i Noreg før på 60-talet, og då berre i liten skala. Bølgja av aukande kraftfôrbruk tok med seg broileren til Noreg, og skylte grisen ut til sine eigen store fjøs konsentrert til nokre ganske få gardar.

Her er me i dag, det er kraftfôrets kraft, og eigentleg ein logisk konsekvens som går ut frå kraftfôrets natur som konsentrert fôrmiddel for rask og effektiv vekst i avdrått. I dag er berre 2 prosent av oss bønder fordelt på under 40 000 bruk, men dei produserer fleirfaldige gonger meir mat enn kva 20 prosent av folkesetnaden gjorde på til dømes 200 000 bruk i 1950. Kraftfôret går slik inn i logikken åt den industrielle moderniteten, viss fremste kjenneteikn er uhemma produktivitetsvekst.

Me kan seie at kraftfôret er sjølve symbolet på det moderne, norske husdyrbruket. I ein liten pellet samanfattast bruksnedlegging og produksjonsvekst, diskusjonar som sjølvforsyning og om import. For dei som vil endra retninga på norsk landbruk, vil difor kraftfôret vera ein nøkkel. Kraftfôret har hatt kraft til å endra norsk landbruk frå tradisjon til modernitet, og det kan ha kraft til å endra landbruket også i framtida.

Bølgja av aukande kraftfôrbruk tok med seg broileren til Noreg

Eirik Magnus Fuglestad
Denne kronikken ble publisert på Bondebladet.no den 30.09.2021.