Tilgangen på fôr til husdyr er en viktig del av matberedskapen Foto: Colourbox
Tilgangen på fôr til husdyr er en viktig del av matberedskapen Foto: Colourbox

Odelsson i kapitalocen

Den store sigeren til det norske landbrukssystemet er først og fremst at det produserer billig mat til mange folk. Prisen er fallande berekraft i alle ledd, og på alle vis. Dette systemet bør utfordrast.

«Å, det er berre nokre slike klima-greier som dei har klistra på», seier far min, liketil, og seier ikkje noko meir. Så går me inn med mjølka til kveldsmaten. Me hadde vore i det nye mjølkefjøset vårt, der dei tjuefire mjølkekyrne våre nett har flytta inn. På tanken der mjølka blir lagra mellombels før Tine-bilen kjem og hentar henne til meieriet, var det klistra på ein lapp med: «CO2-klimanøytralt kuldemedium». Utsegna til far min var eit svar på spørsmål frå meg om kvifor dette stod på tanken. Han hadde altså ikkje mykje å seia om klimastempelet på mjølketanken vår, far min, og då me sette oss kring kjøkenbordet og drakk mjølka, var det ingen av oss som var uroa over at mjølka truleg har eit klimaavtrykk på 1,2 kg CO2-ekvivalentar pr. kg.

Det hender likevel ofte at eg uroar meg for klimaendringane, og eg tenkjer av og til på korleis det skal gardsbruket vårt i framtida, når eg ein gong tek over, til dømes i 2030. I 2030 skal jordbruket ha kutta 5 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Dette vil gjelda særleg gardar som vår gard, med storfe og sau, sidan metan som kjem frå fordøyinga til desse dyra har høg oppvarmingseffekt. I ei verd som står framfor mange vippepunkt, er det mange som meiner at metanutsleppa må ned, og det raskt. Då må også talet på dyr ned. Men det som skjer globalt, er det motsette.

Garden vår er også del av denne trenden. I tråd med det politikarane og marknaden sa, auka far min produksjonen på garden jamt og trutt frå eg var tenåring og fram til i dag. Det var ikkje noko alternativ, anna enn å leggja ned. Veks deg stor og effektiv, eller forsvinn, slik er kvardagen for norske mjølkebruk. Det må likevel seiast at garden vår, og det meste av norsk mjølkeproduksjon, er småskala og lokalbasert, samanlikna med land det er naturleg å samanlikna seg med.

Enkelte fagmiljø har gått så langt som til å seia at kjøt og mjølkeproduksjon nærast bør avviklast totalt. Så har me den litle, men uttalte minoriteten av veganarar som er kategorisk mot alt husdyrhald. Dei skaper mykje merksemd i media, og før far bestemte seg for å byggja det nye fjøset, var dette ein viktig grunn til at han tvilte sterkt: Skulle han verkeleg låna oppimot seks millionar kroner, og bruka mange tusentals arbeidstimar, berre for å oppdaga at alt han gjorde og stod for, var sett på som den store synda, og skydd som pesten av alle desse byfolka som han jobba for å brødfø? Det vart med skrekken, og far og mor (det var eigentleg mor som bestemte det) bygde nytt fjøs.

Jordbruket i kapitalocen

I det nye fjøset skal kyrne våre, ein flokk som har dobla seg det siste tiåret, stå og sleppa ut metan. Det kan sjå gale ut: Her står me som «verstingar» i utslepp med kyrne våre, som det stadig blir fleire av. Men i påskrifta på mjølketanken vår ligg ei forståingsramme til eit større problem om jordbruk og klima. For bonden kan få spørsmålet: «Kva gjer du på garden din for å redusera utslepp?» Og då kan bonden svara at ho har ein CO2-nøytral mjølketank. Men, dette blir så altfor smått sett opp mot globale megatrendar.

Forskarar har dei siste åra byrja å tala om at me no lever i den geologiske tidsalderen kapitalocen. Argumentet her er at akkumulering av kapital og evig vekst og forbruk skapar økologi – kapitalismen er ein måte å organisera og utbyta naturen på, der naturen blir seld på billigsal og nedvurdert som ein standardisert vareting. Dette skjer på to måtar: For det første gjer kapitalen naturen og ressursane der til dei billigaste og mest grunnleggjande innmatingane i vareproduksjonen, slik at både naturen og varene som blir produserte frå han, kan seljast billigast mogleg; for det andre så forringar, nedverdigar og underordnar kapitalen naturen, utan omsyn til bruksverdiar og eigenverdi han måtte ha for menneske og dyr.

Me kan forstå jordbruket sin plass i kapitalocen ved å sjå på det som enkelte har kalla «det økologiske hov-avtrykket». Det er eit stort hov-avtrykk: Midt i det andre tiåret av 2000-talet vart det årleg slakta 70 milliardar dyr globalt – ni gonger så mange dyr som for berre femti år sidan. Dette medan folkesetnaden berre har vore litt meir enn dobla. Det blir ofte snakka om ei kjøtifisering av den globale dietten, med ei dobling frå 23 til 43 kg per pers på 50 år. Det vil krevja 120 milliardar dyr slakta kvart år dersom trenden held fram til 2050. Kjøtproduksjon legg i dag krav på 30 prosent av all dyrka jord i verda, og 70 prosent av kjøtet som blir ete, kjem frå kylling og gris.

Kor kjem så mjølkekyrne våre inn i dette hov-avtrykket? Jau, dei er del av dette gjennom det som er vorte kalla «det industrielle korn-oljefrø-storfe-komplekset». Som med all produksjon i kapitalocen blir også mjølkeproduksjon standardisert, effektivisert, oppskalert og løfta ut av sine gamle syklusar. Det er freistande å parafrasera Marx i Det kommunistiske manifest:

Kapitalocen har gjort ende på dei naturlege syklusane og idylliske lokale forhold. Han har nådelaust rive over dei mangearta biologiske banda som knytte menneska og dyra til staden der dei bur, og ikkje etterlate noko anna band mellom menneska og naturen enn den nakne eigeninteressa, den kjenslelause «kontante betalinga». Han har drukna det fromme svermeriet, begeistringa over naturen og bonden sin sentimentalitet til arbeidet i den egoistiske berekninga sitt iskalde vatn. Han har oppløyst dyra sin eigenverdi i byteverdi, og i staden for dei mange fridomane i naturen sett den eine samvitslause fridomen – frihandel. Han har kort sagt, i staden for ei utbyting tilslørt av religiøse og politiske illusjonar, sett den opne, skamlause, direkte, nakne utbytinga.

Kyrne blir tingleggjorde til abstrakte vareting og produksjonsfaktorar, dei blir kommodifiserte, saman med maten dei et. Med dette har kyrne i gått frå å vera sjølvgåande proteinfabrikkar som gav ekstra protein til menneska i form av mjølk, danna frå beitegras og annan restmasse som menneska ikkje kunne nytta, til å verta proteinfabrikkar med negativ effekt, ettersom den auka produksjonen dei no står for, mykje kjem frå energi frå oljevekstar og korn. I denne prosessen går energi som menneska kunne ha nytta seg direkte, tapt i prosessen med å få fram mjølk og kjøt.

Kyrne på garden vår går framleis ute og beitar i ulendt vestlandsterreng mellom mai og september, i alle fall gjorde dei det inntil i år. Men når dei no har gått frå båsen i gamlefjøset til lausdrifta i det nye fjøset, kan beiting bli problematisk. Mange bønder melder om praktiske problem med å få kyrne til å vera på beite og samstundes få nytta mjølkeroboten, og med nytt fjøs og ny gjeld skulle helst kvar ku produsert meir mjølk, og helst skulle ein hatt endå fleire dyr. Bonden aukar på med blandinga av korn, soya og raps (kraftfôr). Når alle norske bønder må byggja nytt fjøs i 2034, vil dei fleste bønder hamna i den situasjonen at det er meir effektivt å berre ha kyrne inne heile året og gi dei ekstra mykje kraftfôr for auka effektivitet.

Bondeopprørarar og landbruksmodell på avvegar

Einaste måten å få ned talet på dyr og dimed utsleppa på er å gi naturen tilbake verdien sin, og slutta å selja han på billigsal. Det som må til, er ei de-kommodifisering av jordbruket, der mjølkedyra på ny får bli sjølvgåande proteinfabrikkar som me kan hausta av, i den grad gras- og beiteressursane tillèt det. Det vil tyda dyrare mat enn det me no har, og færre dyr. På denne måten kan bøndene få ei løn til å leva av, utan å stadig pressa dyra og naturen over alle tolegrenser. Det vil også svara på eit anna stort problem i landbruket: skyhøg gjeldsbyrde og låg timeløn. Dette er sjølvsagt ikkje berre norske problemstillingar, og i mange land er det mykje verre, men det er gale nok her også, og me har fått eit bondeopprør som har markert seg sterkt det siste året.

Bondeopprørarane har kritisert dei landbrukspolitiske organisasjonane og samvirka for å vera passive. Organisasjonane på si side har implisert at opprørarane er uansvarlege, og seier at me for all del ikkje må setja på spel det innfløkte systemet me har når det gjeld marknadsregulering og jordbruksforhandlingar med staten. Eg trur dette systemet må utfordrast. Det er eit 70 år gamalt system som vart til i ei tid då trendane kapitalocen framleis ikkje stod klare for oss. Endå viktigare, det landbrukspolitiske systemet me har i dag, har også i stor grad vore med på å skapa dei problema som jordbruket no står overfor. Eg vil påstå at det som har vore mest vellukka med jordbruket vårt gjennom desse 70 åra, ikkje er at det har klart å skapa eit berekraftig jordbruk, verken sosialt, økonomisk eller økologisk. Nei, den store sigeren til dette systemet er billig mat til mange folk. Prisen for dette har vore fallande berekraft i alle ledd, og på alle vis. Prisen har vore å degradera og billiggjera naturen, dyra og arbeidet til bonden.

Epilog

Eg tykkjer me har fått det fint i det nye fjøset vårt, og eg tykkjer dyra har det fint. Når eg kjem heim til sommaren, skal eg ta kyrne ut på beite, for det er framleis ikkje fleire av dei enn at det er mogleg å jaga dei ut og inn som i gamle dagar. Når eg skal ta over garden i framtida, vonar eg at eg kan driva med litt færre dyr som er litt mindre intensivproduserande enn i dag, og på ein måte som ikkje legg så mykje beslag på dyrka jord som kunne vore til menneskeføde. Då kan eg seia at det har me gjort her på garden for å redusera klimagassutsleppa. Men før nokon tek mot til seg og endrar på rammene me har rundt oss, så seier eg berre at her på garden, her har me ein mjølketank der det står: «CO2-klimanøytralt kuldemedium».

Denne teksten ble publisert i Klassekampen den 23. februrar 2022.