Landbruks- og matminister Sandra Borch. Foto: Torbjørn Tandberg
Landbruks- og matminister Sandra Borch. Foto: Torbjørn Tandberg

Landbruksminister Borch til bestått

Kronikk: Landbruks- og matminister Sandra Borch har bestått sin første prøve i den lange marsjen mot jamstilling for bøndene. Eksamen kjem om tre år.

Ved å legge fram eit tilbod som i media er framstilt som 10,15 milliardar men som i realiteten er på 8,9 mrd., dersom ein reknar på same måte som i kravet frå jordbruksorganisasjonane på 11,6 mrd., har ho nok lokka Bjørn Gimming og Kjersti Hoff til forhandlingsbordet. Det mest positive med tilbode sett frå bøndenes side er at staten lovar full kompensasjon for auka kostnader. Ekstra kostnader ut over det som Stortinget vedtok i juni i fjor (da vart det ingen avtale), skal kompenserast, dels på pris, dels med direkte tilskott.

Når kostnadene er dekt, skal bøndene sitte att med ein inntektsauke på 25 000 kroner som andre grupper, pluss 30 000 til å redusere inntektsgapet. Forbrukarane kan og vera fornøgde, for det meste (80 prosent) blir tatt på statsbudsjettet. Matprisane på norskproduserte varer stig med 1,5 prosent, som er 1200 kroner i året for ein familie.

Kva er det som har fått oss dit vi er i dag, med eit rekordstort tilbod til bøndene frå ein statsråd som styrer på tidenes mest jordbruksvenlege regjeringsplattform? Da er det viktig å starte med Regjeringa Solberg med Sylvi Listhaug som landbruks- og matminister, som i 2013 heva taka for kvotar og konsesjon for produksjon av kjøtt og mjølk og auka tilskotet til store bruk. Ho lova at det skulle bli meir inntekt til bøndene og billegare. Og bønderne, som såg at milliardkutta i subsidiar til landbruket som Høgre og Frp hadde programfesta, vart stoppa av KrF og Venstre i Stortinget, vart optimistar og investerte kraftig.

Åtte år med Solberg gjekk, noen år med forhandla fram avtale, andre med brot og aksjonar. Bøndene såg at kostnadene steig meir enn inntektene, tollvernet vart meir og meir lekk, så importen auka og overproduksjon pressa prisane ned. Verst vart det for bønderne som hadde investert mest, leigd jord og kvote og bygd dyrt. Dei vart sinte og starta eit bondeopprør som samla brei støtte, både innan og utanfor næringa. Så kom pandemien i mars 2020 og viste kor sårbare vi er med lange forsyningskjeder og sviktande beredskap. Grensene vart stengt, svenskehandelen vart strøypt og overproduksjonen minka enda eksportsubsidiane på ost vart fasa ut.

Så kom den perfekte stormen. Det vil seia det slutta å blåse og det vart lite sol på kontinentet. Tyskarane stengte ned kjernekraftverk og fekk ikkje opna gassrøyrledningen til Russland. Her heime vart det lite nedbør i sør, og mye av den elektriske krafta vart sendt i kablar til kontinentet og Storbritannia. Resultatet vart skyhøge prisar på olje og gass, noe som forplanta seg til prisane på gjødsel og diesel.

Som om dette ikkje var nok, gjekk Putin til krig mot Ukraina i verdas kornkammer. I solidaritet boikotta Europa og USA storeksportørane av gjødsel i Russland og prisane fauk i vêret. Bonden som betalte to kroner kiloen for fullgjødsel for 1,5 år sidan, måtte ut med fire kroner i fjor haust og no er det visst 11–12.

Prisen på bygningsvarer gjekk i taket. Det er ikkje rart at stålet blir dyrt, når dei brukar stålverket i Mariupol som festning. Vi les her i avisa at eit bygningsfirmaet på Levanger, som bygger 40–50 fjøs i året, ikkje ein gong visste at stålet kom frå Azovstal. På verdsmarknaden ga dette seg kraftige utslag på matvareprisane, som har auka med 50 prosent frå 2019. Her i Norge, der prisane på viktige varer som mjølk, korn, frukt og grønt er bestemt i jordbruksavtalen, slapp vi det. Einar Gerhardsen visste kva han gjorde, da han i 1951 midt under Korea-krigen gjekk inn for ein hovudavtale mellom staten og bøndene.

Ingen veit kor lenge krigen og dyrtida vil vare. Det vi veit, er at verdas forsyning av matkorn er trua for fleire år framover. Ikkje farleg for oss, vi kjøper ikkje korn frå Ukraina og Russland og har pengar til å kjøpe matkorn andre stader. Da er vi med og driv prisane vidare opp, i staden for å produser alt vi kan av korn til menneske og dyr her heime, noen som kan bidra til å halde prisane nede.

Det er uklokt å lite på at andre land skal sørge for matvareberedskapen vår og umoralsk å kjøpe maten ut av munnen på fattige folk. Og er det så sikkert at vi kan kjøpe maten når vi vil, kor vi vil? Indonesia har alt innført forbod mot eksport av palmeolje etter at eksporten av solsikkeolje frå Ukraina vart blokkert av russiske krigsskip. Og India, ein storeksportør av korn, vurderer det same etter at ei varmebølgje har øydelagt produksjonen av kveite.

Regjeringa Støre har i Hurdalsplattforma både lova å styrke matvareberedskapen med statlege kornlager og tette inntektsgapet for bøndene. Det kan bli mange eksamenar for Sandra Borch framover. Første juli kjem innstillinga frå Grytten-utvalet, som skal koma med forslag til korleis ein kan måle forskjellen i inntektsnivå mellom bønder og andre grupper. Utvalet skal og trekke ut godtgjersle for eigenkapital frå inntektsmålet.

Grytten-utvalets innstilling kan bli ein kraftig hump på vegen for Borch, og vise at gapet er nærare 400 000 kroner enn dagens anslag på 250 000. Da blir det fort ein diskusjon om kor mange år opptrappinga skal ta. I 1975, etter Hitra-aksjonen og Berge Furres innsats i Stortinget, tok det seks år før ei tilsvarande målsetting vart oppfylt av Regjeringa Willoch i 1982. Kanskje blir det på nytt SV som må banke løysinga på plass i Stortinget. Å ja, det kan nok ta seks år.