Når turistar ser utover det norske landskapet finn dei det truga landsapet mest attraktivt og interessant. Forståinga av kva landskap som er mest truga har dei reisande med seg frå sine heimlege landskap. Dei tillegg det landskapet dei vitjar dei same endringsprosessane som deira heimlege landskap er utsett for og set landskapsendringane inn i ein større diskurs om tilhøvet mellom natur og kultur.

Det er eit av hovudfunna frå forskingsprosjektet Cultour som no er oppsummert i ein ny artikkel i tidsskriftet Scandinavian journal of hospitality and tourism. Her har forskarane Vinge og Flø sett nærare på korleis turistar og reisande ser og forstår det norske landskapet.
Det rurale landskapet står i dag fram som sjølve grunnressursen for store delar av det norske reiselivet. Samstundes står det same landskapet overfor dramatiske endringar som følgje av omfattande strukturendringar i landbruket. I takt med jamt mindre drift av delar av jordbruksarealet kan ein registrere aukande gjengroing i kulturlandskapet fleire stadar, samstundes som ein andre stadar ser aukande intensivering med tilhøyrande «monotonisering» av landskapet i dei agrare grendene.
Denne utviklinga uroar det norske reiselivet som i fleire år har kvilt seg på ideen om at eit velstelt jordbrukslandskap har ein betydeleg innverknad på dei reisande sine reiseopplevingar. I denne artikkelen vert funna frå 75 kvalitative intervju med norske så vel som utanlandske turistar presentert. Intervjua er gjort i tre ulike områder kring om i landet – Hadsel i Vesterålen, Vik i Sogn og Østre Slidre i Oppland – som alle opplever betydelige gjenngroingsutfordringar. Turistane vart bedne om å skildre omgivnadane og reflektere kring landskapet og ulike element i landskapet sin betyding for reiseopplevinga. I tillegg vart dei også synt tre sett av manipulerte fotografi som simulerte potensielle gjenngroingsstadium av landskapet i området dei var i og bedne om å vurdere estetikken i kvar av bildeseriane og kva for landskapsprosessar dei sjølve meinte som var i gang. Eit underliggande spørsmål for artikkelen er; korleis forstår turisten det norske landskapet og kva betyding har endringane som skjer i jordbrukslandskapet for reiseopplevinga?
Dei med tilgang kan lese artikkelen i “Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism”.

Want to know more?

Contact us and we'll help you, whether it's coming in direct contact with researchers or finding other relevant information.