Bønder protesterer i Berlin, Tyskland

Kronikk: Bondeopprør i krisenes tid

Traktorane trillar gjennom Berlin og Paris. Bøndene er sinte. Dei gjer opprør mot kutt i stønaden til landbruksdiesel og dei gjer opprør mot kutt av ku. I Polen og Slovakia har bøndene blokkert grensene mot Ukraina for å stoppa billeg korn frå å fløyma over grensene og å utkonkurrera dei.

Bondeopprør er slett ikkje noko nytt i europeisk historie, men dette kjem i krisenes tid – innan både klima, politikk og økonomi – og er kanskje dei største me har sett i EU si over 70 år lange historie.

Noko er i ferd med å skje mellom EU sine mange bønder og resten av samfunnet, ei kløft er i ferd med å opna seg. Under eit landbruksarrangement i Brussel i januar i år sa EU-president Ursula Von Der Leyen at «me kjenner nok alle på at det er ei aukande polarisering og ei deling av samfunnet når det kjem til landbruksrelaterte problem».

Ho set ord på ein aukande avstand mellom by og land over lang tid, ein avstand som mykje er skapt av den politikken som er meint å losa samfunna våre gjennom det grøne skiftet og inn i ei berekraftig framtid. Denne politikken er ikkje sosialt berekraftig. Den er knapt berekraftig for klima og miljø heller, med kortsiktige politiske og teknologiske løysingar som ikkje grip problemet ved rota.

Bøndene har samlet seg for protestaksjon

Bøndene har samlet seg for protestaksjon Foto: Marco Verch /Flicr.com

Dei ulike bondeopprøra står alle fram som reaksjonar på eit systematisk problem med det nyliberale industrijordbruket. Marknadsbaserte løysingar og frihandel skulle løyse sosiale så vel som økonomiske problem. Kommersialisering, oppskalering og «modernisering» skulle gi sjølvforsyning og lønsemd til landbruket, men også gode liv på landsbygda. Systemet løyste nokre problem, men skapte også sine heilt eigne.

EU sin strategi for «modernisering» av jordbruket betydde i praksis å omskape lokalt forankra småbønder, lokale marknader og lokale ressursar til eksemplariske kapitalistiske entreprenørar med eitt mål for auget: vekst og utviding av produksjonen.