Det skjer omfattande endringar i den midt-norske landbruket om dagen. Talet på bruk er i rask tilbakegong og nær 86000 mål jordbruksjord har blitt tatt ut av produksjon sidan 2005 i denne regionen. Tilgangen til jord er ein avgrensande faktor for saueproduksjonen særleg når ein ser på den økologiske saueproduksjonen. Bruken av grasareal vår og haust går vanlegvis på bekostning av vinterforproduksjonen. Det å få tilgang meir eller mindre marginale grasressursar for bruk til vår og haustbeite kan bidra sterkt til å snu eller redusere nedgangen i husdyrproduksjonen. 
Skal dei som framleis er i næringa få høve til å utnytte ledige grasressursar må faktorar som produksjonsøkonomi og dyrevelferd vurderast. Regjeringa vil auke den totale produksjonen av mat i Noreg for å halde tritt med den veksande befolkninga. I tillegg er det eit veksande medvit om verdien av å halde dei marginale jordbruksareala i hevd. 
Dette prosjektet vil møte desse utfordringane med forskingsbasert kunnskap. Målet er å undersøke moglegheitene for å oppretthalde kvaliteten på dei nedlagde grasareala gjennom beiting og bruk på ein økonomisk og etisk forsvarleg måte. Resultata frå prosjektet vil bidra til å auke kunnskapen om korleis måla i den nye landbruksmeldinga skal nåast.

Vil du vite mer?

Ta kontakt med oss så hjelper vi deg, enten det er å komme i direkte kontakt med ansatte eller finne annen relevant informasjon.

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.