Reidar Almås
Reidar Almås beskriv kravet frå bøndene i årets jordbruksforhandlingar som eit framhald på reverseringa av Listhaug-lina i landbrukspolitikken. Foto: Odd Roger K. Langørgen

– Eit klassisk raudgrønt krav til ei blå regjering

Landbruksforskar Reidar Almås meiner bøndenes krav til årets jordbruksforhandlingar har eit tydeleg Småbrukarlagspreg, er ei vidare reversering av Listhaug-lina og lagt opp for å få til ein avtale.

– Eit klassisk raudgrønt krav til ei blå regjering.

Men det betyr ikkje at seniorforskaren ved Ruralis meiner landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) vil få eit lett løp.

– Eit av argumenta til partiet for å gå i regjering var distrikts- og landbrukspolitikken. No må ho leve opp til avtalen Jon Georg Dale (Frp) signerte i fjor, som var all time high for bøndene.

Småbrukarlagspreg

Almås beskriv innretninga av bøndenes krav som prega av den nye forhandlingsleiaren frå Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

– Bondelaget har strekt seg langt i retning Smårukarlaget, og også i retning av det KrF har sagt om kva type bruk som skal få best utteljing. Det er tydleg at dei vil at lina frå i fjor, med styrka kanaliseringspolitikk, skal vidareførast.

Les hele saken hos Nationen.no