EU
Foto: Colourbox

Kor finst EU – eigentleg?

GJESTEKOMMENTAR: Å bygga nytt fellesskap kan gå godt, som då dei norske nasjonsbyggarane tok fatt, – eller det kan gå dårlegare, som med EU. For EU kjem det mykje an på føter og røter.

Mellom mellomalderske borgmurar og solsvidde beitemarker, halvannan time med buss inn i landet frå Lisboa, finn eg EU som reelt, førestilt fellesskap. I den Portugisiske fjellbyen Évora med snautt 60.000 innbyggarar blir den snusfornuftige, tørre byråkratismen som er grunnstoffet i EU, forvandla til små glimt av ein overnasjonal draum.

Bodø og Évora

Det er ganske langt å flyga til Lisboa frå Bodø, der eg mykje held til no. Desse to byane er sørlege og nordlege utpostar på den uendeleg lange europeiske atlanterhavskysten. Langt til Oslo, og lenger til Brussel, seier dei. Endå lenger frå Brussel til Bodø. Likevel skal Bodø vera europeisk kulturhovudstad i 2024. Det europeiske byråkratiet er eit nett som spinnast vidt og breitt. Det var dette byråkratiet sitt nasjonsbyggjande potensial eg oppdaga i den portugisiske fjellbyen Évora, søraust frå Lisboa.

Frå Lisboa går turen med buss over den to kilometer lange hengebrua Ponte de 25 Abril som går over elva Tajo der den breier seg ut i ei stor bukt i Atlanterhavet. Brua er å likna med Golden Gate Bridge i San Francisco. Den vart bygd lenge før Portugal var med i EU, då landet framleis var under diktatoren Salazar. I bussen sit eg og to andre norske forskarar i lag med ein bråte forskarar frå ei rekke EU land. Alle er me med i eit stort nettverk av konsulentar og forskarar frå heile Europa. På effektive motorvegar susar me raskt oppover mot høgsletta til Évora.

Évora har vore både keltisk, romersk, vestgotisk og maurisk, og sete for portugisiske herskardynasti – før byen no er ein by i EU. Med denne blanda kulturelle arven er det kanskje høveleg at me også kjem hit frå mange forskjellige stader i heile Europa.

Å bygga felleskap

Eg byrjar å spørje folk kor dei kjem frå, og om kven dei er. Det viser seg å ikkje vera så lett å svara på for mange. Ei er fødd i Romania, budde tenåra i Frankrike, jobbar no Brussel, men bur i Tyskland. Det er fleire britar, som bur både i Budapest og i Bulgaria. Ein kar frå Australia bur i Sveits. Alle fartar dei jamleg kringom i Europa på prosjektmøte.

Det dei hadde sams, og eg med dei, var at me alle jobba med å administrera og utføra eit prosjekt som skulle hjelpa europeiske bygder og europeisk jordbruk. Det gjekk opp for meg at ved å gjera denne jobben laga me ikkje berre eit fellesskap mellom oss sjølv, me førebudde også potensielt grunnen for eit europeisk fellesskap.

Førebels var det berre oss, me som samla inn innrykk frå alle Europas hjørne og jobba saman, som var dette fellesskapet. Men eit fellesskap var det, og eg kjende det som at eg overskreid dei tørre, byråkratiske rammene for EU-prosjektet og såg moglegheita for noko større. Kunne eg føle ei slags europeisk ånd i rommet?

Var det ikkje på sett og vis slik til dømes dei norske nasjonsbyggarane på 1800-talet også starta vårt eige nasjonale prosjekt? Anten det handla om å reisa kringom i landet for å samla eventyr, for å vera lærarar, eller prest, eller for å betra jordbruk og næringsvegar i landet? Dei var også på eit vis prosjektmakarar som oss i Évora. Forskjellen er at deira prosjekt vart møtt med resonans hjå breie lag av folket, slik at folket òg vart del av det norske fellesskapet.

Dei med røter og dei med føter

Alle nasjonar er grunnleggande sett ein draumetilstand i menneska sine sinn, ikkje ein bestemt stad eller stat, ei heller ei bestemt gruppe menneske. Dette er Benedict Anderson si tese om nasjonen som førestilt fellesskap. Dette må ha resonans hjå brorparten av dei menneska innan det området som nasjonen skal omfatta, og denne resonansen må koma frå verkelege interesser desse folka har. Det er dette EU ikkje har klart, – det er framleis berre i dei byråkratiske prosjekta at EU finst som reelt, førestilt fellesskap.

Den britiske skribenten David Goodhart har meint at det er to grupper menneske i dagens Storbritannia: dei med røter («somewheres»), og dei med føter («anywheres»). Eller sagt slik: Dei som høyrer til ein stad, og dei som vandrar kvar som helst. Det er dei rotlause som fer kringom i EU, medan dei rotfaste ikkje er del i dette. Dermed oppstår det eit sosialt og økonomisk skilje. Men det ligg kanskje ei open moglegheit i EU sitt byråkrati, eit potensial for utviding av den europeiske førestilte fellesskapen når erfaringar og menneske blir knytte saman, slik som i Évora. Der er byråkratiet sitt nasjonsbyggande potensial.

Når eg er komen attende til Bodø frå Portugal, med fly via Oslo og Trondheim, slår den kalde vinden får vesthavet meg på kinna. Fjellrekka Børvasstindan står bakom byen med snø på toppane. Évora og EU kjennest langt borte. Men Bodø skal bli europeisk kulturhovudstad i 2024. Det europeiske byråkratiet drysser draumen om det europeiske ned som svevande snø på folk og fe.

Denne gjestekommentaren stod på trykk i Stavanger Aftenblad og aftenbladet.no den 06.11.2019.