Seminar: Kven skal eiga Noreg? Eigedom og nasjonsbygging i det 21 hundreåret
Forskar ved Ruralis Eirik Magnus Fuglestad legg fram ny bok om eigedomsretten si rolle i nasjonsbygginga på Stortinget 5. november 2018.
Er eigedomsrettsprinsippa til jord som dominerer i dag i tråd med tradisjonen frå 1814? og ikkje minst, er den framtidsretta ? Korleis best ta vare på grunnressursane våre, særleg jordeigedom? Dersom ein i 1814 etablerte ein demokratisk eigedomsrett for nasjonal suverenitet, kva politisk parti er i dag ivaretakar av denne tradisjonen? Det blir også mellom anna paneldebatt med Per Olaf Lundteigen (SP), Martin Kolberg (AP) og Michael Tetzschner (H).
Program
10.00 – 10.10 – Velkomen ved Per Olaf Lundteigen (Sp) og Svein Frisvoll (direktør, Ruralis)
10.10 – 10.40 – «Historia sin tilbakekomst: om eigedom, suverenitet og makt i det nittande hundreåret og i dag» – Forfattar av boka Private property and the Origins of Nationalism in the United States and Norway Eirik Magnus Fuglestad fra Ruralis snakkar om kva rolle den private eigedomsretten til jord og resursar har hatt i nasjonsbygginga. Kva rolle har den private eigedomsretten i dag?
10.40 – 11.10 – «Privat eiendomsretorikk: forbannelse, berettigelse og begrensning» – samfunnsgeograf Karl Fredrik Tangen (høyskolelektor, Høyskolen i Kristiania) drøftar korleis ideen om privat eigedom gir eit retorisk grep med materielle konsekvensar når makt og ressursar er i spel.
11.10 – 11.25 – Kaffipause
11.25 – 11.55 – Avisa Nationen, kven skal eige jorda og ressursane? V. Irene Halvorsen/Hilde Havro/Astrid Dybvik
11.55 – 12.30 – Pause med enkel servering
12.30 – 13-15 – Politisk debatt om eigarskap (ordstyrar Svein Frisvoll)
- Per Olaf Lundteigen (Senterpartiet) – innlegg 10 min
- Martin Kolberg (Arbeidarpartiet) – innlegg 10 min
- Michael Tetzschner (Høyre) – innlegg 10 min
- Ordveksling inkl. kommentarar frå salen – 15 min
13.15 – 13.30 – Avslutning og oppsumering ved Svein Frisvoll
Teknisk arrangør: Per Olaf Lundteigen (Sp). Program ved Ruralis.
Påmeldingsfrist 31 oktober. Påmelding gratis og open for alle.
NB! Inngang til Stortinget frå Akersgata. Møt opp tidleg, seinast 15 min før start pga. inngangsrutinar på Stortinget.