A-01/02 Materialistisk ungdom? Verdiorienteringer blant by- og bygdeungdom.
Artikkelen gjer ei samanlikning av framtidstankar blant by- og bygdeungdom på 1990-talet. Samtidig blir det trekt liner til ei liknande undersøking frå 1960-talet, der ein fann at byungdom var mest opptekne av utdanning, eigedom og status, medan bygdeungdom var meir opptekne av arbeid og tilhøyrsle. I dag, derimot, finn vi at byungdommen er meir opptekne av god løn, karriere og utlandsorientering, medan bygdeungdommen er meir opptekne av hus og statuseigedom, familieetablering og ektefellen sin status. Bygdeungdommane er framleis meir heimekjære, men det er i dag liten forskjell mellom ungdomsgruppene i utdanningsorientering, sjølv om byungdommen skriv meir om jobben dei vil ha. Ein konklusjon i artikkelen er at sjølv om eigedom og statussymbol ser ut til å ha vorte viktig også på bygda, har ikkje dette skjedd på kostnad av lokal identitet, tilhøyre og familieorientering.