A-05/00 Risiko, nyttevurdering og haldning til genmodifisert mat.
Det viser seg at norske forbrukarar ikkje vil ha genmodifiserte matvarer. Forbrukarane er ikkje villige til å ta unødvendig risiko på dette området. Det viser seg at folk set spørsmålsteikn ved motivet bak forskinga. Folk krev å få sjå ein eigennytte ved teknologien før dei vel å akseptere den. Genteknologien er akkurat no i ferd med å ta steget frå forskingslaboratoria til fabrikkane i ei rekke ulike industribransjar. Ein stor del av denne utviklinga og desse bruksområda er knytt til matvaresektoren. Samtidig er det produkta innanfor denne sektoren som forbrukaren kjem til å møte flest gonger i kvardagslivet. Etterkvart som genteknologien går frå å vere berre teknologiutvikling til å bli produktutvikling og marknadsintroduksjon, blir produsentane og forskarane meir og meir klar over at aksept av ny teknologi kan vere eit hinder i prosessen. Teknologen må arbeide på to felt. Han må forandre både natur og menneske. Senter for bygdeforskning er for tida deltakarar i eit EU finansiert prosjekt, hvor er å analysere bruk av genteknologi sett i relasjon til både mennesket og naturen. Korleis vil forbrukarane og produsentane vurdere ei slik jordbær? Det er dette spørsmålet Bygdeforskning skal freista å få svar på. I denne artikkelen blir det gjor rede for atmosfæra som jordbæra blir introdusert i.