A-3/23 Ground rent from the Norwegian outfields and social sustainability in centre-periphery relations
Writer: Eirik M. Fuglestad
Den norske utmarkshistoria har døme på korleis grunnrente har vore fordelte både som rettar til bruk, og som pengeverdiar. Det mest kjende døme er forvaltninga av fossekrafta slik den kom i stand fram mot 1917. Men også bureisinga som toppa seg på 1930-talet, Fjellova av 1920 og Jordlova av 1928 kan sjåast i denne samanhengen. Dette var grunnrente delt som rettigheitar til bruk av ressursane. Meir vanleg i dag er å sjå grunnrente som ein pengeverdi som kan skattleggjast, slik som det etter no er ved vasskraft, og som regjeringa har føreslått det skal bli på vindkraft og oppdrett. Ei framtidig forvaltning av utmarka må ha deling av grunnrenteverdien frå utmarksressursane som prinsipp dersom me skal gjennomføra eit sosialt berekraftig grønt skifte, der ulikskap mellom sentrum og periferi blir bøta på. Dette bør vera grunnrente forstått både som bruksrettar til naturressursar og som pengeverdi, slik at grunnrente kan bli eit breitt verktøy som kan sørgja for at verdiane frå naturressursane i større grad kan bli att i kommunane der dei ligg. Dette kan bidra til større kjensle av rettferd i utmarkskommunar i periferien ovanfor sentrum, til betre kommuneøkonomi i utmarkskommunar, og til at me verdsett naturressursane i større grad. Tidsskriftet UTMARK, nr.1 2023