R-01/03 Jakt som næringsveg

Utgangspunktet for rapporten er den auka fokuseringa på utmarka som økonomisk ressurs, i ein situasjon med reduserte inntekter og tal på sysselsette innanfor tradisjonelt landbruk. Jaktressursane sitt potensiale som grunnlag for næringsutvikling blir trekkte fram og det blir ofte stilt spørjeteikn ved kvifor ein ikkje har fått til meir næringsutvikling enn ein har i dag. Rapporten fokuserer på korleis institusjonelle tilhøve kan påverka næringsutvikling basert på sal av jakt. Den tek utgangspunkt i fire område i Trøndelag og studerer lokal organisering og forvalting av jaktressursar med utgangspunkt i grunneigar sin eigedomsrett til jakt. Den synleggjer korleis grunneigar sitt handlingsrom med omsyn til sal av jakt er påverka både av offentleg regulering av viltforvalting, politiske føringar, lokale sosio-kulturelle faktorar og samspel mellom aktørar på tilbod- og etterspurnadsida. Rapporten definerer ulike aktørar innanfor lokal viltforvalting og viser kva rolle dei ulike aktørane har gjennom formelle eller uformelle arbeidsdelingssystem. Ved å retta fokus mot samhandlingsmønster og maktfordeling mellom aktørane, viser rapporten korleis jakta og ressursforvaltinga fungerer i praksis, og korleis dette påverkar graden av næringsutvikling i ulike område.

Want to know more?

Contact us and we'll help you, whether it's coming in direct contact with researchers or finding other relevant information.