R-01/05 Bygda som bustad

Rapporten er ei doktoravhandling i sosiologi ved Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Universitet. Avhandlinga utgjer fem artiklar, samt innleiings- og metodekapittel. Artiklane er kvar for seg sjølvstendige arbeid som omhandlar sider ved bygda som bustad. Bakgrunnen for analysane er korleis bygd og bygdeliv er opplevd blant eit utval personar som har gått mot flyttestraumen; inn- og tilbakeflyttarar til bygdene. Avhandlinga viser korleis forholdet til og opplevinga av bygd og by endrar seg gjennom livsløpet, delvis i kontrast til kvarandre – men og på ein komplementær måte. Ideen om det trygge lokalsamfunnet med familienettverk, slektskap og oversikt er viktig for bygdebusettinga, samtidig som behovet for tryggleik endrar seg med livsfase. Opplevinga av bygda som trygg og god, i eit samfunn der alle kjenner alle, har likskap med førestellingar som er samla i det akademiske omgrepet ’rural idyll’. Samtidig representerer den moderne bygda levemåtar som ikkje skil seg stort frå det øvrige samfunnet. Med unntak av betydeleg høgare nabokontakt i bygdene, er det relativt mykje likskap i sosial kontakt mellom områdetypar. Sosial kontakt er likevel ei viktig side ved opplevinga av den trygge bygda. Avhandlinga viser og at bøndene i den moderne bygda får ein ’minoritetsstatus’. Det særeigne ved bonden sin levemåte representerer både eit ytre press på eiga livsform, og andre føringar på det å velje bygda som bustad.

Want to know more?

Contact us and we'll help you, whether it's coming in direct contact with researchers or finding other relevant information.