R-03/08 Evaluering av regionale miljøprogram i jordbruket
Rapporten legg fram ei evaluering av regionalt miljøprogram (RMP) i jord-bruket, gjort på oppdrag frå Statens Landbruksforvaltning av Norsk senter for bygdeforskning og Telemarksforskning-Bø i perioden 29.10.07 til 01.02.08. Det er blitt gjennomført fleire ulike datainnsamlingar: Spørjeskjema til alle Fylkesmennenes landbruksavdelingar med i hovudsak opne spørsmål, spørjeskjema til landets kommunar v/landbrukskontora, intervju og fokus-grupper i fire utvalte fylke. I tillegg har vi studert kvart enkelt fylke sitt planverk for RMP-arbeidet. Evalueringa er gjort etter at RMP-ordninga har verka i to år, og resultata må vurderast i eit slikt perspektiv. Rapporten gjev ei samla oppsummering av evalueringa sine undertema målretting, forvaltingseffektivitet, med-verknad/informasjon, og rullering og vidareføring. Vi set også funn og tematikk frå RMP-evalueringa inn i ein litt større samanheng ved å trekkje inn erfaringar med miljøverkemiddel i jordbruket generelt både i Noreg og andre land. Til sist kjem vi med ei eiga tilråding om konkrete tiltak knytt til RMP-arbeidet framover.