R-05/02 Dansk økologisk landbruk -samarbeid eller konflikt versus økologisk integritet

Rapporten "Dansk økologisk landbruk - samarbeid eller konflikt versus økologisk integritet" er utarbeida på bakgrunn av eit feltarbeid i Danmark våren 2001. Formålet med feltarbeidet har vore å framskaffe kunnskap om forholdet mellom dei konvensjonelle og dei økologiske landbruksinteressene i Danmark. Dansk økologisk landbruk sin historie er på mange måtar unik i Europa, ingen andre land kan vise til den same utviklinga. Her har det økologiske landbruket greidd å halde på og utvikle sin eigen sjølvstendige identitet samstundes som ein har utvikla samarbeidet med dei konvensjonelle landbruksorganisasjonane. Karakteristisk for Danmark er den gode balansen mellom produksjon, foredling, distribusjon og forbruk av økologiske varer. Rapporten viser at den danske historia har vore rik på konfliktstoff, men trass konfliktane har ein til forskjell frå mange andre europeiske land greidd å balansere på knivsodden mellom konflikt og samarbeid, ein balanse som kan oppsummerast ved hjelp av omgrepet "kreativ konflikt".

Want to know more?

Contact us and we'll help you, whether it's coming in direct contact with researchers or finding other relevant information.