19. januar 1982 er rekna som starten på Bygdeforskning da Norges landbruksvitenskapelige forskningsråd løyvde pengar til eit stort forskningsprosjekt om bønders arbeidsmiljø og helse ved Universitetet i Trondheim (seinare NTNU) på Lade.

Forskningstema dei første åra var i tillegg til arbeidsmiljø og helse,  samvirkeorganisering, kvinner i landbruket, bygdeutvikling og landbrukspolitikk.

Reidar Almås grunnla Bygdeforskning og var dagleg leiar i fire periodar: 1982-87, 1988-1994, 1995-1998, 2002-2007. Andre leiarar har vore: Marit S. Haugen, 1994-95, 1998-2002, Jørn Ødegård 1987-88, Dag Jørund Lønning (2007), Egil Petter Stræte 2008-2013, Harald A. Lein frå 2013-2018 og Svein Frisvoll fra 2018 til dags dato.

Navnebytter oppgjennom årene

1982 - 1984: Bygdeforskningsgruppa ved Universitetet i Trondheim

1985 - 1988 Bygdeforskning ved Universitetet i Trondheim

1989 - 2000: Senter for bygdeforskning, avdeling i forskningsstiftelsen ALLFORSK

2001 - 2017: Norsk senter for bygdeforskning

2017 - til dags dato: Ruralis - Institutt for rural- og regionalforskning

Reidar får St Olavs Orden 2011
Reidar Almås fekk overlevert St. Olavs orden i 2011 for sin innsats innan bygdesosiologi av Fylkesmann Kåre Gjønnes.

Det første styre fekk Bygdeforskning i 1989, med professor Willy Martinussen som styreleiar. Seinare har Kirsten Vesterhus (1995 - 2000), Anders Todal Jenssen (2001), Hjørdis Kaul (2002-2004), Tore Bjørkli (2005-2014), Ola Svein Stugu (2015) og Riche Vestby (2016- ) vore styreleiarar.

Frå 1991 vart arbeidsgjevaransvaret for dei 13 tilsette ved Bygdeforskning overført frå Norges landbruksvitenskapelige forskningsråd til forskningsstiftelsen Allforsk ved  Universitetet i Trondheim, samtidig som Bygdeforskning fikk ei grunnbevilging på kr 1 250 000. I 1993 flytta Bygdeforskning frå Lade til NTNU på Dragvoll, der vi har vore i Idrettsbygget sidan årsskiftet 2011-2012.

Gaselle diagram

Gasellebedrift har vi vore to gonger. Gasellebedrifter er foretak som doblar omsetninga på fire år. Bygdeforskning oppnådde dette i perioden 1988 – 1992 (frå 2 til 6 mill), og så i 1995 – 1999 (frå 6 til 17 mill).

Bygdeforskning på Gjørv Gård
Norsk senter for bygdeforskning på leiting etter visjon og strategi med Ingebrigt Steen Jensen på Gjørv, Inderøya i 2003.

Internasjonal profil har vi alltid hatt og vi er i dag eitt av dei leiande ruralsosiologiske fagmiljøa i Europa med større bredde enn noen gong, ikkje minst gjennom deltaking i fleire EU-prosjekt. I 2004 arrangerte vi verdenskongressen i bygdesosiologi og i perioden 2008-2012 var Reidar Almås leiar for den internasjonale organisasjonen for bygdesosiologi. I 2019 er det bestemt at Ruralis skal arrangere den europeiske kongressen i bygdesosiologi.

Kjerneverdiane i Ruralis og Bygdeforskning har alltid vore

  • høg kvalitet i alle ledd
  • godt forskarkollektiv med triveleg arbeidsmiljø
  • god kontakt med brukarane

Svein Frisvoll er direktør ved Ruralis, med ein administrasjon på fire og 30 vitenskapeleg tilsette med bakgrunn innan sosiologi, statsvitskap, geografi, sosialantropologi, agronomi, helsefag og bedriftsøkonomi.

Aktuelle forskningstema:

  • Lokalsamfunn, bygdeliv, livskvalitet, helse, arbeidsmiljø og kultur
  • Ressursforvaltning, miljø, kulturlandskap og utmark
  • Næringsutvikling, landbruk, havbruk, foretaksøkonomi og verdikjeda for mat
  • Kommunal og regional forvalting, samhandling bygder og byar, sentrum og periferi

Blant finansieringskjeldene finn ein Norges forskningsråd, offentleg forvaltning, næringsliv, organisasjonar og fleire internasjonale kjelder som EU og Nordisk ministerråd.

Forskarar på Ruralis har fram til og med 2016 vore med og gitt ut 30 fagbøker og 262 vitskaplege artiklar i tidsskrift med vurderingsordning.

Store Norske Leksikon: https://snl.no/Norsk_senter_for_bygdeforskning

Wikipedia: https://no.wikipedia.org/wiki/Norsk_senter_for_bygdeforskning