Jon Georg Dale
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Foto: Torbjørn Tandberg

Skulle staten vera raus til bøndene, var det no

Kvifor vart det jordbruksavtale mellom landbruket og staten i år, etter eit relativt moderat krav på 1830 millionar frå jordbruksorganisasjonane, enda fleire ekspertar hadde spådd høge krav og brot?

Så kvifor vart det inngått jordbruksavtale, med 770 millionar kroner i auka overføringar frå staten, under ei regjering der dei to største partia er for å redusere overføringane? Noe av forklaringa ligg i Stortinget, der KrF er på vippen. Det er dei på femte året, men no vippar Knut Arild Hareide fleirtalet åleine, utan omsyn til Venstre.

Det som langt på veg forklarer statens rause opningstilbod på ein milliard kroner, inkludert 670 friske millionar i overføringar, er den høge kostnadsveksten på innsatsvarer. Likevel var det ikkje gitt at staten skulle kompensere kostnadsveksten fullt ut, sjølv om den same staten var delvis skyldig med auke i dieselavgiftene. Så kvifor gjekk landbruks- og matminister Jon Georg Dale til partifelle og finansminister Siv Jensen og ba om å få koma med det beste tilbodet til bøndene sidan 2013?

Det ekspertane ikkje visste, var at det sto betre til med statsfinansane enn på lenge. Skulle staten overraske og vera raus til bøndene, var det no. Dessutan har Arbeidarpartiet og Senterpartiet vore ute og bada i sexpress og slibrige tekstmeldingar. Det var no Dale kunne stele kleda til dei to største bondepartia. Å bli dratt gjennom Stortinget som ein strittande julegris av Hareide, Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum, for å måtte punge ut med pengane like vel, frista ikkje Dale.

Av spørsmål som står att som uløyste, er marknadsbalansen for kjøtt og egg, der partane skal greie ut og koma med tiltak innan eit halvt år. Tiltaka imot overproduksjon burde nok ha kome straks, ikkje minst for gris, der fleskeberget veks og dumpingsal til utlandet er stengt. Her blir det nok ikkje kontroll med produksjonen før konsesjonsvilkåra blir knytta til smågris i staden for slaktegris. Sjølv om det no skal koma tiltak imot dei «usmakelege eingongspurkene», som blir slakta etter første kull som ei tilpassing til konsesjonsgrensene, er dette langt frå nok.

Det hjelper neppe heller ikkje på overproduksjonen i sauenæringa å fryse støtte frå Innovasjon Norge til nye og større sauefjøs. Sauebønder kan framleis auke besetningane og bygge ut med eiga og bankars finansiering. Derimot er nok den låge lønsemda i sauenæringa med på å dempe optimismen. Det som ville hjelpe med avsetninga, ville vera om NORTURA og kjedene gjekk saman om produktutvikling og forsyning av sau og lam – heile året, og ikkje berre i slaktesesongen og høgtidene.

Kvifor vart Småbrukarlaget med på avtale denne gongen, dei som har brote alle tidlegare oppgjer under regjeringa Solberg? Først og fremst får dei vera med på å fylle på den landbrukspolitiske verktøykassa, med setertilskot på 50.000 kroner, tilskot til bratt areal og strukturtilskot til små- og mellomstore mjølkebruk. I dette såkalla «pyramidetilskotet» til mjølkeproduksjon, er det 1.400 kroner i støtte pr. ku for bruk med frå seks til 23 kyr. Deretter blir tilskotet 1.150 kroner pr. ku fram til og med ku nummer 50. Kultur- og arealtilskotet vart også kraftig spissa i år, med høgare satsar på Vestlandet og meir tilskot til beitebruk. Alt dette fall i god smak hos Småbrukarlaget og er med på å styrke Furubergs posisjon som den minst omstridde leiaren på årevis.

Den menneskelege faktor i forhandlingar bør ikkje undervurderast. Inn i jordbruksoppgjeret gjekk ein ung og offensiv minister med gode talegåver, som på kort tid har skaffa seg grundig kunnskap om den innfløkte norske landbruksmodellen. Han fekk også rom innafor ramma til å helse heim til Vestlandet, samtidig som organisasjonane måtte gå med på at Dale fekk halde handa si over «Listhaugbøndene», som har investert stort dei seinaste åra.

Ut av årets jordbruksoppgjer kjem ein erfaren og leveringsdyktig statsråd Dale som ikkje lenger er junior Goggen, men statsråd med utsikter til opprykk. Særleg dersom KrF til slutt bestemmer seg for å gå inn i regjering, bør Hareide alt no starte arbeidet med å bygge opp sin neste landbruks- og matminister. Om ei tid vil det vera lett for Siv Jensen å rydde plass til ein ny landbruksstatsråd, berre ved å sparke Dale oppover i regjeringa.

KrF har kome fleire steg nærare regjeringskontora, utan å ha løfta ein finger. Ved å vera raus mot bøndene til henne å vera, har Siv Jensen indirekte vist at ho kan vera tilsnakkande i KrF sine hjartesaker. Embetsverket i Finansdepartementet er neppe begeistra når dei må kvittere ut 770 millionar ekstra støttekroner til bøndene. Dette hadde dei nok ikkje venta at to statsrådar frå Frp skulle stelle i stand. Merete Furuberg måtte vedgå at ho trudde ho las feil da ho såg statens tilbod og Lars Petter Bartnes sa til og med til TV2, da avtalen var i hamn, at han var overraska over at partane vart samde.

Dei som produserer korn, frukt, bær og grønt kan smile med gode pristillegg i år, dei andre må vente på marknadsbalansen. Bøndene får same prosentvise inntektsauke, 3,5 prosent, som andre grupper. Det gir vel 14.000 kroner i året, mens andre får vel 19.000 i år.

Dagens elevar lærer nok det vi lærte på skolen, at likt tillegg i prosent betyr mindre inntektsauke i kroner, når vi veit at bønder i gjennomsnitt berre tener halvparten av det andre gjer. Det blir spennande å sjå kva Stortinget vil seie om den aukande inntektsforskjellen. Så seint som for eit år sia sa fleirtalet at inntektsgapet burde bli mindre i kroner, gitt at marknadene er i balanse.

Denne kronikken stod på trykk i Adresseavisen og adressa.no den 22.05.2018