Foto: Colourbox
Foto: Colourbox

Skal norsk biodrivstoff koma frå Asia?

I diskusjonen om biodrivstoff er det lett å gå seg vekk. Ikkje alt biodrivstoff reddar nemleg verda.

Dei store vêrskilnadene me opplever denne våren vil me sjå meir til i framtida. Ein del av det dystre biletet som er ein konsekvens av klimaendringane er nettopp meir ekstremvêr, større skilnader.

Bøndene er blant dei som kjenner klimaendringane på kroppen. Avlingar druknar. Eller dei tørkar opp. Snøen smeltar seint, og forsinkar våronna. Bønder er dei som aller mest må operere i lag med naturen, er bodskapen frå assisterande generalsekretær Sigrid Hjørnegård i Bondelaget.

Torsdag deltok ho, saman med fleire andre aktørar, på konferansen “Hvordan og hvorfor innføre biodiesel i norsk landbruk?” Saman med fleire aktørar innanfor forsking, næringsliv og landbruket skal konferansearrangør Ruralis bruke det neste året på å finne ut kva som er dei beste løysingane for landbruket.

Bakteppet er fylgjande: I 2030 skal klimautsleppa vera reduserte med 40 prosent samanlikna med 1990-nivå. Alle sektorar må redusere utsleppa, men den såkalla ikkje-kvotepliktig sektor, der landbruket er med, kan ikkje kjøpe seg utsleppskvotar utanfor Noreg sine grenser, og må ta kutta på heimebane.

Les mer på Nationen.no