Vannspreder
Illustrasjonsbilde: Odd Roger Langørgen

Rapport: Klimaendringar gir redusert matproduksjon

Det er stor sjanse for at klimaendringane vil føre til mindre matproduksjon globalt. Det blir hevda i ein ny rapport frå Utviklingsfondet og Ruralis.

– Vi veit ikkje korleis klimaet vil endre seg. Det gir grunn til uro, seier Anne Margrethe Brigham, forskingsleiar ved Ruralis. Ho er medforfattar av den nye rapporten “Er matsikkerheten truet?” – om klimaendringar og matproduksjon i Noreg og Malawi.

Mange er usikre

Brigham framhevar at sommarens tørke har skapt mykje usikkerheit blant norske bønder.

– Mange er usikre frå før på om dei skal gjere nye investeringar og på om neste generasjon vil drive vidare. Ein sommar som den vi hadde i år, aukar usikkerheita i desse familiane, seier Brigham.

Ho understrekar at klimaet er i endring og at det vil gi meir tørke og større nedbørsmengder. Dette aukar usikkerheita for mange.

– I ein slik situasjon er det viktig med raske avklaringar om avlingsskadeerstatning og andre krisetiltak, for å gjere situasjonen minst mogleg uføreseieleg, seier Brigham.

Les hele saken på nationen.no