Både små og store bønder flokkar til Trygve Slagsvold Vedum og Senterpartiet. Etter fem år i opposisjon ville to av tre bønder stemt Sp, ifølgje rapport.

Det er i 2018-utgåva av «Trender i norsk landbruk» at den oppsiktsvekkande Sp-oppslutninga kjem fram. Auka er spesielt stor etter at Solberg-regjeringa tiltredde i 2013.

– Eg trur det handlar om fleire ting, seier Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Han nemner nasjonalt eigarskap over naturressursane, der han meiner Sp har vore tydelege.

– Bøndene forstår viktigheita av det, dei ser verdien. Så trur eg diskusjonane om tollvern har spelt inn, alle som driv med matproduksjon veit kor viktig det er, og Frp har ønskt å fjerne tollvernet, seier Vedum til Nationen.

– Det er også heile diskusjonen om kva Noreg vi skal ha. Det handlar om tilbod der folk bur, om politisentralisering, heimevernet, beredskap og kommunesamanslåing. Alt dette treff mange i landbruket direkte.

Nær dobling

Annakvart år gjennomfører Ruralis, Institutt for rural- og regionalforsking, ei større spørjeundersøking blant norske gardbrukarar.

Sidan første undersøkinga i 2002 har oppslutninga om Senterpartiet blant norske bønder nær dobla seg, frå ned mot 35 prosent i 2002 til 65 prosent i 2018. Den enorme auka starta i 2012.

– Auka har vore særleg stor i dei fire siste rundane av undersøkinga, der delen som ville stemt Senterpartiet har auka frå 45 prosent i 2012, til i overkant av 65 prosent i 2018. Vidare analysar viser at oppslutninga om Senterpartiet er større for fulltidsbønder enn for bønder som har arbeid utanfor garden, skriv forskarane i årets rapport.

Det er forskarane Alexander Zahl-Thanem, Eirik Magnus Fuglestad og Jostein Vik som står bak rapporten.

Forskarar: Alexander Zahl-Thanem (t.v.) og Eirik Magnus Fuglestad er to av forskarane ved Ruralis som står bak rapporten «Trender i norsk landbruk 2018». Foto: Ruralis

Politiske bekymringar

Nationen har prata med Zahl-Thanem og Fuglestad, som omtalar oppslutninga om Sp som klart sterkare.

– Vi har tenkt litt over kvifor og mellom anna sett det i samanheng med det såkalla «Distriktsopprøret» i 2016 og 2017. Det er regionreform, politi, ulvedebattar og at Sp har utfordra EØS og handlingsrommet i WTO, meiner Fuglestad.

Forskarane viser òg til at bøndene svarar at dei har fleire bekymringar for det politiske enn det økonomiske.

– Vi hadde spørsmål om bekymringane til bøndene. Det som blei vurdert som størst risiko var politiske endringar, fortel Zahl-Thanem.

Spørsmålet forskarane stilte bøndene er «Dersom det var stortingsval i morgon, kva parti ville du stemt på?».

Les hele saken på Nationen.no (betalingsmur)

Vil du vite mer?

Ta kontakt med oss så hjelper vi deg, enten det er å komme i direkte kontakt med ansatte eller finne annen relevant informasjon.