Eirik Magnus Fuglestad
Eirik Magnus Fuglestad

Bondeopprøret må bli eit radikalt folkeopprør

Historia er full av feila bondeopprør. Skal Bondeopprør21 lukkast må det nye alliansar, og ei radikal endring av den økonomiske tankegangen, til.

Det ulmar eit bondeopprør i landet vårt denne våren. Mange tusen har alt signert eit opprop med fleire konkrete punkt for endring. Men vil noko skje? Historia er full av bondeopprør som fislar ut. Eg trur at to ting er heilt sentrale for at bondeopprøret 2021 skal lukkast.

Det første er at bondeopprøret må vera radikalt. Radikalt er kanskje ikkje det første som assosierast med bonden. Ofte vert bøndene sett på som eit konservativt samfunnselement: dei er landeigarar som ser seg tente med de beståande. Dette bilete av bonden stemmer kanskje visse stader i verda, men ikkje i Noreg.

Bondesøner og anarkistar

I Noreg er ikkje verken landeigande aristokrat eller ein utbytande agrarkapitalist. Den norske bonden kjenner me først og fremst som ein småkårsslitar. Og denne bonden har gjennom store delar av norsk, moderne historie vore ein sterk drivar for radikal politikk.

Nokre av dei tidlege historikarane våre, som venstremannen Ernest Sars og sosialisten Halvdan Koth, gjekk langt i å gi desse bøndene æra for den norske demokratiske utviklinga på 1800-talet, altså i å gjera dei til ei radikal kraft. Seint på 1800-talet var bønder og bondesonar som Søren Jaabæk, Arne Garborg og Rasmus Steinsvik alle beint ut anarkistar. Meir radikal kan du ikkje bli. Bondeopprøret 21 bør gå inn i denne tradisjonen av radikale norske bønder.

Hitra endra lite

For det krevjast grunnleggjande og radikale endringar av økonomiske og politiske førehald for at måla med opprøret skal lukkast. Her kan me læra av det mest kjende bondeopprøret i Noreg i nyare tid, Hitra aksjonen frå 1975, der bøndene på Hitra gjekk i skattestreik. Dette verka tilsynelatande bra, og stortinget vedtok året etter det berømte opptrappingsvedtaket for jordbruket.

I ettertid kan me sjå at dette var dømt til å mislukkast i det lange løp fordi dette ikkje vart følgt opp av radikal endring i det økonomiske systemet vårt. Tvert om akselererte alle trendane som no har ført landbruket ut i ulukka att etter 1975. Desse trendane kan samanfatast i omgrepet økonomisk vekst.

Den økonomiske veksten har ført med seg mykje bra, men den er byggja på eit globalt system av rovdrift både på folk og natur. Alt i Hitra opprøret si samtid var det fleire røyster som ropte om at økonomisk vekst og forbruk måtte stoppa opp om ikkje berre bøndene, men heile samfunnet, skulle kunna ha ei økologisk og økonomisk berekraftig framtid. I dag er det på nytt sterke røyster som ropar slikt. Og her kjem me til den andre tingen bondeopprøret 21 treng: alliansar.

…hand i hand

Bondeopprørarane vil finna at dei har meir sams med til dømes mange av dei urbane, unge menneska som kjempar for klimaet i dag en kva dei trur. Det er mange av dei, og dei blir stadig fleire. Bøndene er det få av, og dei blir færre. Bondeopprøret har difor alt å tena på ein allianse med dei klima og økologibeviste ungdommane i byane. Begge brenn dei eigentleg for det same, begge er opptekne av økologi og klima –  for er det ikkje nett økologi som er bondens grunnfag? Og ver og vind er rammevilkåra hennar. Ei berekraftig natur og ein rettferdig økonomi tufta på dette er eit sams felles mål.

Starten på eit folkeopprør?

Slik det har blitt i dag, er bonden tvungen til å driva rovdrift på naturen, dyra og seg sjølv – berre for å sjå at betalinga for slitet går i lommane på daglegvarebaronane i eit globalt system som får både menneske og natur til å knela. Utan at strukturen i dette systemet endrast radikalt vil bonden aldri kunna får driva verken økonomisk eller økologisk berekraftig i lengda.

Bøndene bør difor skapa ein brei allianse for radikal endring. Så lenge økonomisk vekst er både målet og middelet for alt, så lenge mat er redusert til ei handelsvare for å skapa kapital, og så lenge jorda, dyra og menneska berre er faktorar i dette systemet, kan ei endring for bøndene aldri koma som vil bli varig og god.

«Bøndene har vore grunnfjellet i radikal endring i norsk historie før, og kan bli det igjen.»

Bondeopprøret kan bli starten på eit folkeopprør, som tek utgangspunkt i måten me forvaltar jorda på for å skapa ei betre verd, der forståinga av økologi og økonomi både for bonden, jorda og dei som skal ha maten er tufta på prinsipp om berekraft og rettferd. Korleis dette systemet skal fungera og sjå ut bør vera ei sentral diskusjonssak for bondeopprøret og deira allierte.

Bøndene har vore grunnfjellet i radikal endring i norsk historie før, og kan bli det igjen. Det er på høg tid. Det er freistande å avslutta slik Karl Marx og Fredrik Engels avslutta det kommunistiske manifestet i 1848, under den europeiske folkevåren: me har ikkje anna en lenker å mista, og ei verd å vinna.  Me treng ein ny folkevår, og våren kjem!

Denne kronikken stod på trykk i Bondevennen Nr. 16 – 7. mai 2021.