Odelsgut Eirik Magnus Fuglestad Foto: Privat
Odelsgut Eirik Magnus Fuglestad Foto: Privat

Den siste bondestudenten og slutten på den nasjonale draumen

I denne teksten skal eg reflektera kring bondestudenten og sentrum-periferi dimensjonen i norsk historie, skriv forskar Eirik Magnus Fuglestad.

Publisert i Arr – Idehistorisk tidsskrift nr 1 2021.

Omgrepet «bondestudent» kjenner me først og fremst frå Arne Garborg sin roman Bondestudentar som vart gjeven ut for første gong i 1883. Her møter me bondesonen frå Jæren, Daniel Braut, som endar opp som student i Kristiania. Braut er ein famlande bondestudent, usikker på eigen identitet, og han blir det me kan kalla ein klassesvikar. Som litteraturvitaren Jan Inge Sørbø skriv: «Daniel Braut har blitt eit bilete på den usikre og famlande bondestudenten som foraktar sin eigen bakgrunn, ein klassereisande med dårleg moralsk kompass».[1] Daniel Braut giftar seg med ei embetsmannsjente, og han tenkjer at no hadde han gjort det bra: «han var bergad … han viste knapt nokon ting, som kunne vera gildare, enn å sitja på ein gamal prestegard og vera herre yver bønder»[2]. Slik har kanskje bondestudenten stått for oss som ein noko stakkarsleg kar, ein strebar, ein som vil vekk frå bygda og leva bylivet som han samstundes kjenner seg usikker på og mindreverdig ovanfor. Det er ikkje denne bondestudenten eg her skal skriva om.

I røynda, utanfor litteraturen, har det funnast mange ulike typar bondestudentar. Desse bondestudentane var ikkje nødvendigvis ein bondeson bokstavleg tala, og det treng ikkje vera ein «han» heller, men ein person av begge kjønn som kjem frå bygda eller distrikta og som ofte, men ikkje alltid tar akademisk utdanning. Det aller viktigaste er at denne personen kjem frå utkanten og får ei rolle i det geografiske, kulturelle eller det politiske sentrum.[3] Slik sett kunne me like gjerne tala om ein «bygdestudent». Eg vil likevel bruka bondestudent-omgrepet her fordi det kan spela på det å vera bufast, som bonden jo er, og vidare ein eller ei som «høyrer til» ein stad, ein eller ei som har røter i utkanten og periferien. Politisk kan denne abstraherte bondestudenten stå som representant for den folkelege sosialdemokraten frå etterkrigstida, han som hadde sit fortidige spegelbilete i den breie venstrerørsla frå andre halvdelen av 1800-talet av. Klassemessig har bondestudenten ofte høyrt til den breie norske arbeidarklassa av småbønder, fiskarar, industriarbeidarar, og funksjonærar, men seinare også meir og meir den akademiske eller kulturelle øvre mellomklassa. Bondestudenten slikt definert er ein svært abstrakt skikkelse, og diffus. Og teksten som følgjer er meir eit forsøk på å nausta saman ein historiesosiologisk idé, enn den er ei empirisk utleggning for ein hypotese.

Det historiske-sosiologiske konseptet «bondestudent» kan setjast i samanheng med den britiske tenkjaren David Goodhart sine omgrep «somewheres» og «anywheres». På norsk kan me kalla den første gruppa rotfaste, medan den andre kan kallast fotfaste, eller dei med føter. Den første gruppa er gjerne lågt utdanna og bur og jobbar sjeldan meir enn 30 km frå der dei vart fødde. Den andre gruppa er stort sett høgt utdanna, jobbar i dei store byane, gjerne på tvers av landegrenser, og byttar ofte jobb og bustad mellom dei globale storbyane[4]. Poenget til Goodhart er at det i dag har oppstått eit kulturelt og økonomisk skilje mellom desse gruppene som har ført til stor splitting i samfunnet – han brukar dette til å forklara sentrum/periferi skiljet i Brexit røystinga, der dei rotfaste stemte overveldande for Brexit. Ein påstand i dette essayet er at den norske bondestudenten har vore i ein posisjon mellom dei rotfaste og dei fotfaste: bondestudenten har hatt røter i bygda og føter i byen, og av denne grunn har ikkje polariseringa mellom by og land, eller mellom sentrum og periferi vorte så stor i Noreg som me ser i andre land. Dette er påstanden eg skal tenkja kring i dette essayet; og vidare at bondestudenten som me kjenner han er i ferd med å forsvinna, og dimed kanskje også grunnlaget for den relativt sett låge polariseringsgraden mellom by og land som me har hatt i Noreg.

Sjølv var eg bondestudent i ordet si mest bokstavlege meining: ein bondeson som reiste ut i den store verda for å studera. Seinare fekk eg jobb innan akademia heime i Noreg att, og eg er no så heldig å få vera ein av dei som har ein fot i bygda og gardstunet og ein i byen sitt sentrum. Det er ikkje mange slike i dag, og det å vera bondestudent høyrest vel eigentleg mest ut som ein anakronisme no. Og det er frå fortida at me kjenner bondestudenten. Eg er den siste bondestudenten, kan eg ta meg i å tenkja somme gonger.

Ei stilleteiande kontrakt som blir broten?

Talet på gardsbruk i Noreg har gått ned frå om lag 200 000 i 1950 til under 40 000 i dag, og berre dei siste ti åra har nedleggingsprosenten vore på nesten 20 prosent av bruka[5], og stadig fleire av oss bur i byar: medan om lag 20 prosent av nordmennene budde i byar og tettstader for 100 år sidan, er fordelinga no vorte snudd andre vegen, slik at 80 prosent av nordmenn i dag bur i byar og tettbygde strok. SSB har prognosert at denne trenden vil forsterka seg med styrke dei neste 50 åra, endå fleir vil koma til å bu i byane[6]. Når ein topp i organisasjonslivet i Oslo på ein konferanse eg var på for eit par år sidan stod på scena og sa at «vi er alle av bondeslekt», vel då kjendest det difor heilt feil. Kanskje nokre framleis trur eller tenkjer seg at me er ein «nasjon av bønder», men det er me ikkje, i mindre og mindre grad er me ein nasjon av distriktsbuarar, og det har konsekvensar for korleis me må byggja samfunnet vårt. Bygdebefolkninga krympar, og det blir stadig større avstand mellom dei styrande i byane, og dei styrte ute i distrikta. Når stadig færre bur ute i distrikta blir det færre som kan bli bondestudentar, og det blir færre av akademikarar, politikarar og dei i styringsverk som har bakgrunn frå bygda.

Kvifor er dette potensielt viktig? Jo, fordi at spissformulert kan me seie at den norske nasjonalstaten, heilt sidan starten i 1814 var basert på ei stilleteiande pakt mellom embetsmennene og borgarskapet på den eine sida, og bøndene og arbeidarane på den andre. Denne pakta gjekk på at klasseinteressene skulle vika for den nasjonale draumen om likskap og brorskap mellom sentrum og periferi. Som nasjonalismeteoretikaren Miroslav Hroch har vist, med basis i blant anna Noreg, fungerte den nasjonale oppvakninga slik at dei forskjellige klasseinteressene kom i bakgrunnen etter kvart som det nasjonale fellesskapet vart institusjonalisert.[7] Dette er ikkje for å underkommunisera konfliktdimensjonen i norsk historie (som ofte har vore betydeleg), men for å få fram det som ein anna nasjonalismeteoretikar, Ernest Gellner, hat kalla «feil adresse teorien». I denne teorien gjorde historias ånd, slik Gellner ironiserande beskriv det, ein gigantisk leveringsfeil av meldinga som skulle til arbeidarklassen om at den måtte vakna og ta styring over historia, i staden kom meldinga til nasjonane. Og så dei gjorde[8]. Særleg i norsk historie er dette tydeleg, historikarar som Øystein Sørensen og Francis Sejersted har tala om ein norsk «sonderweg» – ei særskild historisk bane der pragmatisme og demokrati har vore dominerande, og heile vegen med den norske bygdene og bøndene, ja med periferien, i sentrum[9].

Dette er svært forenkla sølvlagt, men me kan seie at dette vart til den naturressursbaserte velferdsstaten frå det tjuande hundreåret, den som henta verdiar frå naturressursar som fisk, olje og vasskraft ute i periferiane, og som hadde som mål velferd og modernisering for heile landet. Politisk høyrer me mykje om kriseforliket mellom by og land frå 1935, der arbeidarpartiet og Bondepartiet fann saman i ei borgfred med tilsikta å dempa klassemotsetnadane for å kunna skapa eit nasjonalt velferdsprosjekt prosjekt.[10] Dette var ei kontrakt eller ei pakt mellom sentrum og periferi, det var «by og land, hand i hand». Det har sjølvsagt aldri vore fullt så idyllisk, men ei slags kontrakt var det likevel. Spørsmålet eg stiller her er dette: er det gitt at denne pakta mellom sentrum og periferi blir halden også i framtida, utan bondestudentane? Blir det då ikkje lenger like lett band og bru mellom by og land?

Dersom dei politiske og kulturelle elitane som er i byane, som mykje definerer politikk og kultur nasjonalt, berre er byelitar og kjem frå «anywhere»[11], kva skjer då med forståinga av sentrum-periferi dynamikken, og med samspelet mellom ressursane der og den kulturelle, politiske og geografiske sentrumsmakta? Historikaren Nils Rune Langeland såg for ei tid tilbake føre seg eit norsk framtidsscenario anno 2050 – «Norge, 2050: a failed Nation» -, der den sosialdemokratiske bondestudenten med blikket frå periferien «gradvis [rettar] blikket oppover. Den gamle røvaren av ein sosialist er brått bestevener med direktørar og finansfolk […] det tek ikkje éin generasjon eingong å gjere ein vestlending om til ein vestkantramp.». Langeland han held fram:

Tre generasjonar etter at vår mann i unge år sette seg på rutebussen frå ei lita bygd på Vestlandet, er soneson hans gift med ei indisk høgkastekvinne. Han bur i London. Borna hans går på Eton […] Saman kontrollerer dei størstedelen av fiskeoppdrettsnæringa og ein god del av vasskrafta i Noreg. Dei som derimot bur i heimkommunane åt denne krafta, har i mellomtida falle ned til det lågaste velstandsnivået i Europa[12].

Dette høyrest kanskje noko overdrive ut, men sikkert er det i alle fall at mange bygdefolk i dag kjenner på ei framandgjering ovanfor sentrum. Bygdesosiologar som Bjørn Egil Flø har i den seinare tida tala om det som kjennast som svik hjå mange bygdefolk, om mistru, og om ei «Kjensle av ran» ovanfor dei styrande elitane i byen når dei sel ut naturressursane til multinasjonale selskap og samstundes legg ned arbeidsplassar i distrikta[13]. «Ein grådig stat» har statsvitar Jostein Vik kalla dette, om ein stat som tek frå distrikta, og samstundes trekker seg tilbake i form av nedlagte tenester og tilbod og sentralisering[14]. Ja, det er som om den stille kontrakta mellom sentrum og periferi er i ferd med å brytast, ikkje med overlegg, men av manglande kulturelle og sosiale føresetnader, i det by og bygd blir meir og meir som to adskilte stader når det demografiske grunnlaget for bondestudentane forsvinn. Dette vil i så fall bety reverseringa av ein prosess som går heilt tilbake til den tidlege norske nasjonsbygginga, som eg skal prøva å visa under.

Den nasjonale draumen: fridom, likskap og brorskap

Bondestudenten vart ein nasjonsbyggjar i det stille i den norske nasjonale soga. Som symbol har sjølve bonden hatt ein sentral plass i den norske nasjonsbygginga sidan slutten på 1700-talet, og starten på 1800-talet vart ei draumande tid i nasjonane sin barndom då den tapte gullanderen skulle attfinnast gjennom nasjonal oppvakning. Kring 1814 var denne gullalderen sett på som manifestert i den sjølveigande odelsbonden frå vikingtida, og i botn for dette låg det til grunn prinsipp om fridom, likskap og brorskap (for å bruka den franske revolusjonen sitt slagord) for heile nasjonen og for alle som levde i den[15]. Men først måtte nasjonen skapast, dei som levde i dei forskjellige der måtte få ei kjensle av å høyra til eit lagnadsfellesskap[16]. Nasjonale strategar, slik Rune Slagstad har formulert det[17], tok til å byggja ein sams nasjonal kultur. Men kanskje var bondestudenten meir sentral her i denne prosessen gjennom 1800 og 1900-talet enn glansbilde av odelsbonden? Det er nemleg slik som Stein Rokkan viste det på 1970-talet, at nasjonsbygginga skjedde i historiske fasar med framstøyt frå eit sentrum mot geografiske og kulturelle periferiar[18]. Måtte ikkje bondestudenten vera ein kulturell bindetråd for at den nasjonale draumen om fridom likskap og brorskap skulle halda i samanføyingane mellom sentrum og periferi? Ein slik bindetråd kunne bondestudentane bli ved stillingane dei fekk som, lærarar, byråkratar, akademikarar, lokal og stortingspolitikarar og meir. Som Nils Rune Langeland har skrive: «Den norske teknokraten [frå andre halvdel av det tjuande hundreåret] er typisk ein skuleflink gluping, gjerne frå ei lita bygd, som fekk seg høgre utdaning. Ein flittig, jordnær kar som tente faget og nasjonen»[19]. Alt på slutten av 1800-talet var bondestudentar i norskdoms og venstrerørsla, som Olaus Fjørtoft, Arne Garborg og Rasmus Steinsvik viktige nasjonsbyggjarar og representantar for den geografiske periferien i det kulturelle sentrum. Sistnemnte, Rasmus Steinsvik, vart redaktør for ei av dei mest leste avisene på tidleg 1900-talet, den nyorskbaserte avisa  Den 17de mai[20]. I desse livsgjerningane hadde Bondestudentane med seg perspektiva frå periferien inn til sentrum, og utsynet frå sentrum tilbake til periferien. Dei tok med seg levd erfaring frå bygdene som dei kunne omsetja i tankar og politikk via institusjonane i sentrum.

Det faktum at me i dei norske bygdene historisk stort sett ikkje har hatt tradisjonelle føydalistiske klasseskilje med fåe, store jordeigarar, og mange jordlause arbeidarar, har nok også spela inn. Dei norske bøndene med dei skrinne jordflekkane sine var meir å likna med den hardtarbeidande europeiske landarbeidaren (og dimed også med den seinare industriarbeidaren) enn med aristokraten som levde av jordleiga. Dette vart den klassesosiale bakgrunnen for at ein stor del av bøndene vart venstrefolk, og seinare arbeidarpartisosialistar[21]. Frå et overordna sosiologisk klasseperspektiv kan me seie at alle på sett og vis var småkårsarbeidarar i Noreg – både bonden og industriarbeidaren. Eventuelt kan ein seie at alle på sett og vis var småbønder i Noreg. Som Ottar Brox også ganske nyleg har peika på, var det svært vanleg heilt til andre halvdel av det tjuande hundreåret at dei som var industriarbeidarar i distrikta også hadde småbruk, og talet på gardsbruk auka i Noreg under heile industrialiseringa, og toppa seg først kring 1950 med om lag 200 000 gardsbruk, litt over 20 prosent av alle sysselsette jobba i landbruket kring 1950[22]. Til og med så seint som i år 2001, kunne historikaren Øystein Sørensen opna det tredje bindet om norsk idéhistorie med å slå fast at «vi er en nasjon av bønder»[23]. Det er vidare neppe tilfeldig at det var nett nordmannen Rokkan som utvikla politiske modellar for sentrum-periferi integrering, der stat, så nasjon og så klasse finn saman i velferdsstatens symbiose. Det er norsk historie han har med seg i bagasjen, det er «bondestudenten» frå periferien som skriv i frå sentrum.

Langsamt vart landet vårt eige: den triumferande periferien  

Noreg har vore landet med den triumferande periferien, har statsvitarane Harald Baldersheim og Anne Lise Fimreite[24] haldt føre. Dette er sjølvsagt ingen ny eller original observasjon. I alle fall sidan prins Christian Fredrik reiste gjennom landet vårt frå Christiania til Trondheim i 1813, medan Napoleonskrigen rasa faretrugande nært, har nettopp den norske periferien vore framheva. Christian Fredrik for sin del, vart fascinert av alle desse bøndene som dreiv jorda overalt langs vegen kor han reiste i dalsøkk og fjell på vegen sin over Dovre til Trondheim. Ikkje berre budde det folk over alt her, men, meinte prinsen å observera, dei var frie og ranke – ikkje undertrykte og utbytta som bøndene i mange andre land på denne tida. Rett nok mala Prinsen mykje eit glansbilete her, men det var noko i det. Seinare har historikarar som Venstremannen Ernst Sars (1835-1917)[25] og arbeidarpartiets mann Halvdan Koht (1898-1960)[26] også peika ut kor viktig nett bøndene som budde kringom i alle krikar og krokar av Noreg var for den moderne nasjonsbygginga vår. Det at det har budd folk i heile landet, og at det har vore samkvem mellom dei, har vore heilt sentralt for at me kunne få den velferdsstaten me fekk i andre halvdel av det tjuande hundreåret.

Det er ikkje berre det at dimensjonen sentrum periferi har spela ei viktig rolle i norsk historie. Det som er unikt med Noreg er kor sterke kulturane i periferien har vore, og at dei har vore relativt velståande. Som nestoren innan norsk bygdeforskning, Reidar Almås, har skrive i det siste bandet om norsk landbrukshistorie:

Korleis kan det ha seg: i eit land med lite matjord, låg sol og lang vinter, der finst eit grøderikt kulturlandskap, busetjing over heile landet og bygdefolk som lever godt. Dersom ein ser seg rundt i denne verda vil ein finne mykje fattigdom på landsbygder som er skapt for velstand, og som har mykje rikare naturressursar[27].

I dag, meir enn 200 år etter at prins Christian Fredrik føretok reisa si, kan eg og du framleis foreta same reisa og observera mykje av det same; framleis er gardane og grendene der – og dei står også i dag som ranke og frie, ikkje minst fordi dei har eit materielt velstandsnivå som gardar og grender i dei fleste andre land berre kan drøyma om. I forlenginga av dette kan me snakka om ei rurbanisering, som Andreas Hompland har kalla det: Hompland skriv: «bygd og by [vart] meir lik kvarandre i næringsstruktur, i yrke, i buformer, i forbruk, i stil og smak, i kommunikasjon og sosiale samhandlingsmønster»[28]. Vidare var det også ute i bygdene og i periferien at fossane til kraftindustrien fanst, det var her fisken og jorda og skogen var; og, det var her olja låg. Gjennom grunnrente og andre skatteregimer har både staten og lokalsamfunna fått del i velstanden frå desse ressursane. Noreg er ein naturressursbasert politisk økonomi, og det er i periferien og bygdene desse ressursane ligg. Meir enn frå Martin Luther sine himmelske tesar, har vår særeigne arbeidsprotestantisme kome frå naturtilhøva i landet, mest som ein slags religiøs sekularisme med utspring frå sjølve tilværet her i denne nordlege periferien: «Langsomt ble landet vårt eget/med grøde fra hav og jord/det skapte en ømmhet/ en svakhet for liv som gror», skreiv Nordahl Grieg i det kjente diktet[29]. Med andre ord har me eit land som gradvis vart modernisert med slit og grøde nettopp frå periferiane: ei slags modernisering via periferiane. Industrigründarane Sam Eyde og Kristian Birkeland kan neppe kallast bondestudentar slik eg brukar omgrepet her, men den store kraftkrevjande industrien som dei og andre var med på å byggja opp i krikar og fjordarmar tidleg på 1900-talet står framleis i dag som monument over denne perifere moderniseringa.

Det som truleg meir enn noko definerte sentrum-periferi dynamikken og gjorde dette forholdet i Noreg om til ein skapande, produktiv dialektikk var at det i avgjerande politiske saker vart skapt varige politiske og kulturelle alliansar mellom sentrum og periferi. Slik var det då venstrerørsla som velta embetsmannsstyret i 1884 vann fram, slik var det Bondepartiet kriseforliket i 1935, og slik var det då nordmenn røysta nei til EU både i 1972 og i 1994. Slik har det også ikkje minst vore i etableringa av forvaltningsregima våre for vasskraft og olje. Johan Castberg – ein av dei sentrale aktørane i etableringa av vasskraftforvaltninga tidleg på 1900-talet – kvalifiserer neppe som nokon «bondestudent», verken i smal eller brei tyding, men den breie venstrerørsla som han var del av vart i tiåra før konsesjonslovene var forma av bondestundentar som bladfyken Olaus Fjørtoft og Arne Garborg og mange fleire bondestudentar frå heile landet.[30] Desse hadde omsynet for bonden og dei norske distrikta høgt, og i denne tradisjonen kan me setja Castberg sin filosofi kring konsesjonslovene for vasskrafta som vart innført i 1917:

Man skal til det ydterste utnytte anledningen til at søke at styrke disse mer afsidesliggende og karrig utstyrte distrikter ved at la dem få en rundelig andel i de værdier som skapes indenfor deres grænser (…) Man tar værdierne ut av distrikterne og fører dem på tråd ned til industrcentrerne og byerne, tømmer bygderne, tømmer landdistrikterne, særlig fjeldbygderne, får deres værdier uten vederlag og det er absolut urigtig[31].

Dette var del av ein grunnrentefilosofi som også Garborg målbar, og som hadde kome frå den amerikanske tenkjaren Henry George sine skrifter[32]. Tanken var at naturressursar høyrde til heile folket, dei som budde i eit lokalsamfunn eller i landet: «Jordi er som vatn, som luft, eit livsvilkår, alle hev rett til jord, som hev rett til liv»[33], skreiv bondestudenten Garborg. Kanskje bondestudentane i norskdoms og venstrerørsla med på å leggja eit ideologisk fundament for at George sine grunnrentetankar kunne få ei slags norsk distrikstdrakt? Lovene om konsesjon og heimfall gjorde i alle fall at verdiane som vart skapt ved utbygging av vassdraga i stor grad tillfalt kommunane[34].

Me kan sjå denne distriktstanken også gjelda andre ressursar seinare i Norsk historie. I stortingsmelding nr 25 1973/74 som handlar om oljeressursane, finne me noko av same tankegangen. Her står det at: «Petroleumsfunnene i Nordsjøen gjør at vi som nasjon blir rikere» og vidare at me må nytta høvet til «å utvikle et kvalitativt betre samfunn» som mellom anna inneber «økt offentlig innsants bl.a. i distriktsutbygging»[35]. Eit slikt initiativ vart teke i landbrukspolitikken, fremja mellom anna av «bondestudenten», Berge Furre, fødd på ei av dei ytre øyane i Ryfylket, men med teologisk doktorgrad frå Oslo. Om Furre si landbrukspolitiske gjerning står dette å lesa i Norsk Biografisk leksikon:

Furre hadde gjort seg tanker om endringer. 1970-årene var preget av nye tanker om vekst og vern, og oljefunnene i Nordsjøen betydde ny pengerikelighet for så vel staten som samfunnet. Kravet om at bøndenes inntekter måtte trappes opp til et gjennomsnitt av industriarbeiderlønn ble lansert.»

Dette vart opptrappingsvedtaket for landbruket av 1975, som kom i gang mykje grunna Hitra-aksjonen året før, der ein anna bondestudent, bondesonen, den tidlegare siterte Reidar Almås, hadde vore sentral i ein skattestreik som bøndene utførte på øya Hitra i Trøndelag. Då Almås seinare vart akademikar reflekterte han over rolla si som bondestudent:

Eg var framme i min nye klasse, den øvre mellomklassen med høgare utdanning, meritokratiet i Noreg. Så var ikkje det å svikte den klassen eg kom frå? Nei, tvert i mot tenkjer eg. Det var no eg kunne bruke posisjonen som forskar til å tene den klassen eg kom i frå og det folket eg kjente meg heime hos»[36].

Det er omsynet for eigen bygdebakgrunn som bondestudenten tek med seg som er viktig. Dette kan me også sjå med døme Ottar Brox, også ein «bondestudent» i den tydinga eg he brukar omgrepet her. Brox er frå den nordnorske periferien og vart først utdanna agronom og blei seinare dr. i bygdesosiologi. Mest kjend er han for boka Hva skjer i Nord-Norge? Frå 1966, ei bok som satte distriktspolitisk agenda, med fokus på ressursane i distrikta mot den teknokratiske sentralmakta. Det same gjorde den meir proletære «bondestudenten» Hartvig Sætra med boka Populismen i norsk sosialisme frå 1973. Med slike perspektiv skapte kanskje bondestudentane ein av dei viktigaste føresetnadane for den norske sentrum-periferi dynamikken slik den vart i heile det lange norske tjuande hundreåret. Dette var ein dynamikk der ressursar og tankar frå periferien blanda seg med gravitasjonskrafta i sentrum og mogleggjorde ei aktivisering av heile landet gjennom spreiing av makt, velferd og verdiar.

Historias slutt

 Så har me dagens bondestudent, eksemplifisert med meg sjølv. Utan å gjera noko stort nummer ut av det på eit personleg plan; men eg er altså fødd i 1989, det året då den amerikanske statsvitaren Francis Fukuyama meinte at historia hadde vorte fullenda, historia var slutt og hadde nådd sitt endelege mål i det liberale demokratiet, skreiv han i The end of history and the last man  frå 1992. Etter Berlinmurens fall og oppløysinga av Sovjetunionen skulle historia vera slutt og ideologiane døde. Det liberale demokratiet og markedsøkonomien hadde vunne, og den kreative klassen i storbyane skulle føra an i konkurransen på verdsmarknaden. I same andedrag tenkte visst mange at noko så prosaisk og tørt som distriktspolitikk høyrde fortida til. Statlege og kommunale tiltak vart forkasta. og der ein før hadde institusjonar som Distriktenes utbyggingsfond, fekk ein Innovasjon Norge. Det spesielle ansvaret for distriktspolitikken vart utvatna. I over tretti år har bygdene slik under globaliseringa i større og større grad vorte overlatne til seg sjølve i namnet nyliberalismen, New public management og moderniseringa. Lenge trudde kanskje mange bygdefolk sjølve på dette, at berre dei vart slepte fri frå offentlege reguleringar, så skulle dei bli fleksible og mobile innbyggjarar av den globale landsbyen. Så viste det seg at globaliseringa ikkje var for alle. Dei rotfaste med røter i primærnæringar eller tradisjonelle industrisamfunn i periferien vart taparar, mens dei øvre mellomlaga i byane med føter til å flytte seg rundt mellom attraktive jobbar i nye næringar, vart vinnarar.

Slik var det på mange vis også for meg som bondestudent. Eg hadde ikkje nasjonen som horisont, men heile den vide verda. Medan far min var bunden til jorda og den norske soga, sådde og hausta og puttla i molda som ein bonde frå ein Garborg-roman, var eg fri og hadde ingen band. Eg reiste land og strand, jaga kunnskap i ei global verd, frå mellomalderslotta i Edinburgh, til Aztekarpyramidane i Mexico og til skyskraparane i London. Heime i marka jaga far min sauer og kyr. Me som var fødde etter historias slutt hadde vidare horisontar og vart ikkje automatisk del av den nasjonale kulturen, men av den globale marknaden. Men trass alt så hadde og har eg i alle fall medvitet og erfaringane frå bygdelivet med meg, og stundom var eg også med far i marka heime for å jaga sauer, og kyrne mjølka eg kvar sommar. Dette gjorde meg til ein kuriositet i studentmiljøa og for dei fleste i arbeidslivet som eg møtte i byen, noko folk syntest var nesten litt eksotisk. Det fanst ikkje ein masse med bondestundetar bak meg og blant meg, slik det hadde vore i generasjonane før. Dei aller, aller fleste var frå byen, berre unntaksvis trefte eg ein eller ei frå bygda, endå sjeldnare ein eller ei som var frå gard.

Eg er no så heldig å få ha vorte ein del av eit svært spesialisert og lite forskarmiljø som har bygdeforsking som spesialitet, nemleg Ruralis – institutt for rural og regionalforskning. Ruralis vart grunnlagt i 1982 av Reidar Almås som, Norsk senter for Bygdeforsking, og har sidan då vore ein premissleverandør for norsk bygdepolitikk så vel som for internasjonal akademisk forsking. Me er moderne bondestudentar samla på ein stad, og fleire av kollegaane mine er internasjonalt kjende og siterte forskarar, men har samstundes ein fot trygt plassert i bygda. På Ruralis er også andre som meg, som kjem frå bygda og frå gard: her er Dr Brit Logstein frå potetgard på Frosta og Dr Gunn Turid Kvam frå mjølkegard på Inderøya, her er forskar Anders Mahlum Melås og stipendiat Renate Butli Hårstad, begge frå mjølkegardar i Trøndelag, og her er direktør Dr Svein Frisvoll og forskingsleiar Frode Flemsæter frå små mjølkebruk i Møre og Romsdal, og me har Dr Egil Petter Stræte og Dr Magnar Forbord frå korngardar i Stjørdal. Saman med oss har me ein bondesonforskar frå England, ein forskar frå New Zealand, og ein forskar frå Sverige, for å nemna nokon. Men me er få og det blir stadig færre av oss. Det er lite mon i å vera bondestudent i byen når svært få andre har dette med seg som praktisk og intellektuell erfaring. Me er få i dag, og færre vil me bli. Klassemedvit og nasjonal kultur skapast ikkje av individuell erfaring, men av kollektiv røynsle.

Eit regime framfor undergangen

Er det rett og slett for få att her i landet som kan bli bondestudentar som kan skapa bru mellom by og land? Og når brua fell, då blir ressursane, og tankane og folka i distrikta avkopla frå det som skjer i dei store byane. Dei som bur i dei store byane byggjer samstundes nye bruer utover i den store verda. Me får kanskje på nytt det som Arne Garborg kalla for «to nasjonar» i Noreg, ein i byane, og ein i periferien. Dette vil skapa nye visjonar for korleis landet vårt skal brukast og skapast, det gamle sentrum-periferi regimet vil ikkje lenger ha eit fundament å stå på. Står me no difor andsynes eit regime framfor undergangen? for å bruka historikaren Jens Aarup Seip sine ord[37]. Bondestudenten er no nemleg meir og meir vorte velfødd middelklasse i tredje generasjon viss einaste forhold til bygda er hytta på fjellet, båten i skjergarden, og den fornybare straumen frå fossefalla og vindkrafta som elbilen hennar går på. Og om det ikkje nett heilt er slikt, så er det i alle fall mange i distrikta som nok ser føre seg den litterære bondestudenten Daniel Braut, som no ikkje veit noko «gildare» enn å sitja i byen å vera «herre yver bønder». Me har sett utrykk for dette i dei mange distriktsopprøra dei siste åra, der folk reiser seg i motstand mot alt frå sentraliseringsreformar og rovdyrpolitikk til utbygging av vindkraft og nedlegging av fødetilbod i småbyane. Distriktsopprøra som no er i gang kan i verste fall skapa varig splid mellom sentrum og periferi, og denne gonga er det ikkje så mange bondestudentar som kan verka som brubyggjarar som det har vore tidlegare i norsk historie. Blir det i så fall slutten på den nasjonale draumen om sentrum-periferi integrasjon frå det førre hundreåret?

 

Litteratur:  

Almås, Reidar. «Ei klassereise frå bondesamfunn til akademia». I Rurale brytninger, redigert av Marit Haugen og Egil Petter Stræte, 44–63. Trondheim: Tapir, 2011.

Almås, Reidar. Norsk landbrukshistorie IV: frå bondesamfunn til bioindustri. Oslo: Det norske samlaget, 2002.

Anderson, Bennedict, Imagined communities: Reflections on the Origin and Spread of Nationalism. London: Verso, 2006.

Baldersheim, Harald og Anne Lise Fimreite. «Norwegian centre-periphery relations in afflux: Abolition or reconstruction of regional governance» West European Politics, vol. 28, Nr. 4, 2006.

Brox, Ottar. «En særnorsk vei til velstand». Nytt Norsk Tidsskrift 33 (3), s. 219–229, 2016.

Dalhaug, Ole. Mål og meninger. Målreisning og nasjonaldannelse 1877–1887. Oslo: Norges forskningsråd, 1995.

Fuglestad, Eirik Magnus. «Vil de vera med so heng fast» – om utviklinga av ein norsk anarko-nasjonalisme i 1880-åra. Nytt Norsk Tidsskrift 34 (3), 2017.

Fuglestad, Eirik Magnus. “Odelsrettens tid er forbi», Syn og segn (3), 2018.

Flø, Bjørn Egil. “Kjensla av ran”. I Distriktsopprør: periferien på nytt i sentrum, redigert av Reidar Almås og Eirik Magnus Fuglestad, 35–53. Oslo: Dreyer, 2020.

Fukuyama, Francis. The end of history and the last man. New York: The Free Press, 1992.

Garborg, Arne. Bondestudentar. Bergen: F.R. Nygaards forlag, 1883.

Gellner, Ernest. Nations and Nationalism. Ithaca: Cornell University Press, 2006 [1983].

Goodhart, David. The Road to Somewhere. The Populist Revolt and the Future of Politics. London: Hurst and Company, 2017.

Grieg, Nordahl. Friheten. Røykjavk: Helgafjell, 1943.

Hompland, Andreas. To-Kyrs industriarbeidar i streik. Oslo, Samlaget, 1984.

Hompland, Andreas. «Innflyttarplaga revisited». I Rurale brytninger, redigert av Marit Haugen og Egil Petter Stræte, 23–43. Trondheim: Tapir, 2011.

Hroch, Miroslav. Social preconditions of national revival in Europe: a comparative analysis of the social composition of patriotic groups in the smaller European nations. Cambridge: Cambridge university press, 1985.

Kjeldstadli, Knut. Den delte byen. Oslo: Cappelen Damm, 1990.

Koth, Halvdan. Norsk bondereising. Oslo: Pax Forlag, 1975[1926].

Langeland, Nils Rune. «Noreg, 2050: a failed nation», 2010. Morgenbladet Norge, 2050: A failed nation | morgenbladet.no lasta ned 03.12.2020.

Meld. St. 25 (1973-1974) Petroliumsvirksomhetes plass i det norske samfunn. Regjeringen.no Meld. St. 25 (1973-1974) – regjeringen.no lasta ned 27.01.2021.

Mjeldheim, Leiv, Folkerørsla som vart parti: Venstre frå 1880-åra til 1905. Bergen: Universitetsforlaget, 1984

NOU 2012:9 Energiutredningen – verdiskaping, forsyningssikkerhet og miljø, Olje- og energidepartementet. Oslo. Statens forvaltningsteneste.

Rokkan, Stein. Stat, nasjon, klasse. Oslo: Universitetsforlaget, 1987.

Sars, Ernst. Historisk indledning til Grundloven. Kristiania: Folkeskriftsselskabet, 1887.

Seip, Jens Arup. Et regime foran undergangen. Oslo: Pax, 1990 [1945].

Sejersted, Francis. Demokratisk kapitalisme. Oslo: Pax, 2001.

Slagstad, Rune. De nasjonale strateger. Oslo: Pax, 1998.

SSB, 2020. Voksende byer og aldrende bygder – SSB lasta ned 04.12.2020.

SSB, 2021. Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr – SSB Lasta ned 26.01.2021.

[1] Sørbø, Daniel Braut (litterær person), 2018

[2] Garborg, Bondestudentar, 1883, 351.

[3] Kristiania var full av slike innflytande strebarar frå bygdene tidleg på 1900-talet. Sjå Kjeldstadli, Den delte byen, 1990

[4] Goodhart, The road to somewhere, 2017

[5] Brox, En særnorsk vei til velstand 2016, SSB, Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr, 2021

[6] SSB, Voksende byer og aldrende bygder, 2020

[7] Hroch, Social preconditions for national revival in Europe, 1985.

[8] Gellner, Nations and Nationalism , 2006

[9] Sørensen, Jakten på det norske: Perspektiver på utviklinga av en norsk nasjonal identitet på 1800-tallet, 1998, Sejersted, Demokratisk kapitalisme, 2001, Almås et al, 2020

[10] Bondepartiet track seg react frå denne avtalen, og i staden kom Venstre inn. Sjå Slagstad, De nasjonale strateger, 1998, s 241-242.

[11] Goodhart, The road to somewhere, 2017

[12] Langeland, Noreg, 2050: a failed nation, 2010

[13] Flø, Kjensla av ran, 2020

[14] Vik et al, Periferiens politiske økonomi i sentrum: nokre refleksjonar, 2020

[15] Fuglestad, Odelsrettens tid er forbi, 2018

[16] Anderson, Imagined communities, 2006

[17] Slagstad, De nasjonale strateger, 1998

[18] Rokkan, Stat, nasjon, klasse, 1987

[19] Langeland, Noreg, 2050: a failed nation, 2010

[20] Dalhaug, Mål og meninger. Målreisning og nasjonaldannelse 1877–1887, 1997, Fuglestad, Vil de vera med so heng fast» – om utviklinga av ein norsk anarko-nasjonalisme i 1880-åra, 2017

[21] Hompland, To-Kyrs industriarbeidar i streik, 1984

[22] Brox, En særnorsk vei til velstand, 2016, Almås, Norsk landbrukshistorie IV: frå bondesamfunn til bioindustri, 2002

[23] Sørensen, Kampen om Norges sjel: norsk idehistorie, 2001, 1.

[24] Baldersheim og Fimreite, Norwegian centre-periphery relations in afflux: Abolition or reconstruction of regional governance, 2006

[25] Sars, Historisk indledning til Grundloven, 1887

[26] Koht, Norsk bondereising, 1975

[27] Almås, Norsk landbrukshistorie IV: frå bondesamfunn til bioindustri, 2002, s. 13

[28] Hompland, Innflyttarplaga revisited, 2011, s. 31

[29] Grieg, Friheten, 1943, s. 6.

[30] Mjeldheim, Folkerørsla som vart parti, 1984

[31] Stortingsdebatten om konsesjonslovene av 1917 sitert i NOU 2012: 9, s. 70

[32] Thue, For egen kraft: Kraftkommunene og det norske kraftregime 1887–2003, 2003

[33] Thue, For egen kraft: Kraftkommunene og det norske kraftregime 1887–2003, 2003, s. 51

[34] Thue, For egen kraft: Kraftkommunene og det norske kraftregime 1887–2003, 2003

[35] Meld. Petroliumsvirksomhetes plass i det norske samfunn, St. 25, 1973-1974, s 6-7

[36] Almås, Ei klassereise frå bondesamfunn til akademia, 2011, 58.

[37] Seip, Et regime foran undergangen, 1990