MAKTOVERTAKING?: Senterpartiet med Sp-leiar Trygve
Slagsvold Vedum i spissen gjer det suverent på
meiningsmålingar. Foto: SP
MAKTOVERTAKING?: Senterpartiet med Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum i spissen gjer det suverent på meiningsmålingar. Foto: SP

Ap og Sp, ein perfekt storm?

Kva skjedde no, eigentleg? Reidar Almås om eit varsla distriktsopprør og det siste, store klestjuveriet i norsk politikk.

Distriktsopprøret som har slått inn over landet vårt er i høgste grad eit varsla opprør. Det er ein reaksjon på Erna Solbergs reformer på toppen av fleire tiår med økonomiske strukturendringar.

Det har ikkje berre vore eitt, men ei lang rekkje distriktsopprør dei seinaste åra. Dei fleste av desse opprøra har sprunge ut av motstand imot dei sentraliserande reformene som har vore gjennomført av regjeringa Solberg som toppa seg med kommune og regionreforma. Kvar for seg var dei Solbergske reformene utgreidde og grunngjeve med rasjonelle argument, men utan avbøtande tiltak. Lagt saman og oppå kvarandre, utan vesentlege kompenserande tiltak, har reformene dei siste åtte åra vorte tunge å bera for Bygde-Noreg. Når det blir eit systematisk mønster i kven som vinn og kven som taper, vil det blåse opp til ein prefekt storm. Der er vi no.

Kvar for seg var ikkje Solbergs reformer så store at dei ville ha utløyst eit distriktsopprør. Lagt oppå kvarandre og som politisk styrt prosess over tid har statleg politikk bore ved til eit kjempebål som har aktivert konflikten mellom sentrum og periferi i norsk politikk. Den summerte effekten av endringane i bygdenæringane og dei statlege reformene har vore sentraliserande og bidratt til større ulikskap mellom by og land.

Tradisjonelt har Sp hatt høg legitimitet på kamp mot sentralisering. Partiets eigarskap til distrikts- og landbrukspolitikk har vore udiskutabel. Når det gjeld ulikskap, har dette vore heimebane for Arbeidarpartiet og dei andre partia til venstre. Etter at Senterpartiet har skreva over midten og tatt fleire steg til venstre i det politiske landskapet, har det falle naturleg for partileiaren å argumentere imot stigande geografisk og sosial ulikskap. Mantraet om «tenester nær deg» har vorte som manna i øyrene, ikkje minst for dei som strevar med den digitale revolusjonen. Digital analfabetisme er ein understraum i det sinnet som har reist seg imot ekspertveldet og elitane.

Den distriktspolitiske verktøykassa har vore tømt over fleire år. Verkemidla for regional utvikling som fylkeskommunane forvaltar, har vorte redusert år for år. Av effektive verkemiddel er det er snart berre den differensierte arbeidsgjevaravgifta att.

Studerer vi dei siste vala, ser vi at vandringa av veljarar til Senterpartiet har bygd seg opp over dei tre siste vala. I boka Distriktsopprør av (Almås og Fuglestad 2020), drøftar valforskaren Anders Todal Jenssen to hypotesar for å forklare Senterpartiets framgang: «Den eine har pekt på at Senterpartiet har presentert et populistisk budskap med betydelig gjenklang i befolkningen …. Den andre forklaringen peker på at regjeringens politikk har vekket til live en gammel konfliktlinje i norsk politikk, striden mellom «sentrum» og «periferi». Etter ein grundig analyse bygd på valforsking konkluderer Todal Jenssens med at Senterpartiets framgang er eit «uttrykk for en periferiprotest, men det er en protest med betydelig støtte i store deler av landet, ikke bare i de geografiske periferiene. Sympatien med distriktene er sterk i Norge, og regjeringen har etter alt å dømme, utfordret denne sympatien»

Ein skal ikkje snakke mye med byfolk i Norge før ein finn at mange av dei slektar frå gard og grend. Dette har gitt seg utslag i ein bygdesympati som fargar måten dei tenker på og bidrar til ein meir periferivenleg opinion enn i mange av våre naboland. Det er minst eitt «Senterparti» både i Arbeidarpartiet og i Høgre.

Fleire kommentatorar i Oslo-pressa og politiske konkurrentar har vore ivrige etter å kalle Slagsvold Vedum og hans partifeller «populistar». Spørsmålet er kor treffande denne påstanden er, uansett definisjon av populisme. Svaret til Vedum har vore at «vi sier bare det vi alltid har sagt». Langt på veg er dette rett. Som nemnt ovanfor har Senterpartiet stort truverde i kampen for distrikt og landbruk og mot sentralisering. Over tid har det kome nye saker til. Med Jan P Syse sitt uttrykk kan ein seie at Senterpartiet har stole kleda til Arbeidarpartiet mens dei bada. I den grad Senterpartiet har endra profil dei siste 30 åra, har dei gått frå å vera eit borgarleg parti til å bli eit sosialdemokratisk parti.

Det starta med at partileiar Anne Enger tok partiet ut av Syses regjering hausten 1990. Partiet vart vidare radikalisert under EF-kampen i 1993-94, der nye medlems- og veljargrupper vart rekruttert, mange av dei kvinner i offentleg sektor. Partiet tok steget fullt ut til venstresida under Odd Roger Enoksen (1999–2003). Dei neste partileiarane Åslaug Haga (2003–2008) og Liv Signe Navarsete (2008–2014) personifiserte Senterpartiets nye, radikaliserte profil.

Dei som vart rekrutterte til Senterpartiet under EU-kampen i 1993–94 har no tatt over mye av makta i Senterpartiet. Dette er Slagsvold Vedums generasjon. Denne grupperinga skil seg på

tre avgjerande måtar frå tradisjonelle medlemmar i det tidlegare Bondepartiet. Det er fleire kvinner, det er fleire som arbeider i offentleg sektor og det er langt færre aktive bønder.

Som sagt har Senterpartiet skreva over Arbeidarpartiet og plassert seg til venstre for dei i viktige saker som statleg eigarskap, ressursforvalting og internasjonal handel. Det var ikkje berre det at Senterpartiet stal noen av kleda til Arbeidarpartiet. Ap hadde sjølv forlate delar av sin politiske habitt. Særleg under den første og kortvarige Stoltenberg-regjeringa (2000–2001), forlet Ap fleire tradisjonelle standpunkt til offentleg eigarskap, helse- og velferdspolitikk. Dette ga veljarane eit inntrykk av at dei to styringspartia Ap og Høgre sto

saman i mange saker. Denne samforstanden mellom Ap og H vart kamuflert under Stoltenbergs raudgrøne regjering, der mellom anna kommune- og regionreforma vart sett på vent.

Frå første stund sto Senterpartiet fram med den mest tydelege opposisjonen til dei Solbergske reformene, mens Ap anten støtte reformene eller gjekk stille i dørene. Da dei sentraliserande konsekvensane av reformene vart tydelege, og Ap gjekk over til kritikarane sine rekker, var det for seint. Dei sosialdemokratiske kleda var borte. Sp hadde tatt eigarskapet til motstanden imot høgrepolitikken.

I tillegg til denne plateforskyvinga i det politiske landskapet som vart aktivert av konflikten mellom sentrum og periferi, braut det ut open fløykamp i Ap. Den underliggande konfliktlinja mellom synspunkta til godt vaksne menn i industrien og yngre kvinner, ga næring til den mest skandaliserande og profilerte metoo-saka i norsk politikk. Trond Giske var ikkje berre klåfingra mot damene. Han var samtidig den mest debattsterke og truverdige representanten for distriktsfløyen i partiet med sterke band til fagrørsla.

Den interne maktforskyvinga i Ap og lekkasjen til Sp toppa seg etter at Oslo-representanten Jan Bøhlers gjekk over til Sp hausten 2020. Studerer vi overgangane mellom partia i Pollofpolls, får Senterpartiet veljarar frå alle dei andre partia, men prosentvis flest frå Frp (13,3 prosent), KrF (10,9 prosent) og frå Ap (9,6 prosent). I reine tal får Sp naturleg nok flest frå dei store partia, 69.000 frå Ap, 55.000 frå Frp og 44.0000 frå H. I tillegg til at dei hentar veljarar frå alle andre parti, held Sp i større grad på dei veljarane dei fekk i 2017.

Den mest markerte stigninga for Senterpartiet på gjennomsnittet av alle partimålingar har skjedd frå september i 2020 til mars i år. Denne veksten svarar til omtrent ein fjerdedel av dagens veljarmasse i Senterpartiet, som no har stabilisert seg rundt 17 prosent. Mest markant er framgangen i storbyane. Både i Oslo, Bergen og Trondheim har Senterpartiet gått meir fram det siste halvåret enn elles i landet. Det betyr at Sp for

første gong kan bli eit betydeleg byparti.

Etter at partia har vedtatt sine valprogram, ser ein at det har vorte konkurranse om å ha den beste distriktspolitikken. Alle vil fylle opp den distriktspolitiske verktøykista. Det er og for tidleg å spå om Sp-bølgja blir eit varig fenomen. Den kjem i alle fall til å vare til over valet, sjølv om partiet ikkje vil bli større enn Ap. Senterpartiet er no eit hus i fred med seg sjølv og på landsmøtet sist helg vart Slagsvold Vedum foreslått som partiets kandidat til å bli statsminister av den reelle nestleiaren i partiet, Marit Arnstad. Slagsvold Vedum blir nok ikkje statsminister no, men hans tid kan koma. Han er enno berre 42 år. Samanlikna med den raudgrøne regjeringa (2005–2013) vil talet på statsrådar og gjennomslaga for partiets politikk stige.

Syretesten på om Senterpartiet blir eit mellomstort sentrumsparti med eigarskap til rettferdig fordeling i tillegg til distrikt, kyst og landbruk, blir om dei i koalisjon med Ap og eventuelt SV greier å gjennomføre sosiale og økonomiske reformer som veljarane deira likar. Slik det ser ut på målingane no, vil ei Ap/Sp-basert regjering trenge støtte frå 8–10 mandat for å ha fleirtal. I budsjettsaker vil det antakeleg bety at dei treng støtte frå SV eller eit gjenoppstått KrF over sperregrensa. I mange andre saker vil tre til fem parti vera på vippen og sikre handlingsrom.

No er det slik at å vinne val er noe heilt anna enn å gjennomføre politikk. For å bli populær hos veljarane, må ein partileiar gripe tak i konfliktar i samfunnet, slåst imot politiske konkurrentar og peike på løysingar. Valkamp er per definisjon ein konkurranse i polarisering. Noen hevdar at dei som fremjar den distriktspolitiske debatten er «populistar» med polarisering som mål. Men å kjempe for sine interesser er ikkje «populisme», men demokrati.

Det er ei tid for å mobilisere ein stor nok flokk til å få makt og ei tid for kompromiss og gjennomføringskraft. Vellykka styringsparti har makta å kombinere desse kunstene, slik som dei nordiske sosialdemokratia og Merkels parti i Tyskland. Denne politiske kunsten kan gjerne samanliknast med vinteridretten kombinert. Enno er Senterpartiet berre midt i svevet, og det ser bra ut. Til hausten startar kanskje langrennsdelen i Sp/Ap parstafett, eller blir det raudgrønt trekantdrama?

Denne saka stod på trykk i Klassekampen 9. juni 2021.