rising costs in agriculture
Fram til 1800-talet var økonomien ein del av samfunnet, no er samfunnet berre ein del av økonomien. Illustrasjonsfoto: Colourbox

Veksten øydelegg verda

KRONIKK: Stadig aukande vekst i eit system med avgrensa ressursar og tilgang på energi er ikkje mogleg utan økologisk og samfunnsmessig kollaps.

Det går eit spøkelse gjennom Europa. Alle dei gamle maktene frå det tjuande hundreåret har inngått ein vanheilag allianse for å fordriva dette spøkelset; sosialdemokratiske arbeidarparti, globale konsern, samfunnsøkonomar og pensjonsfond.

Her har eg har parafrasert dei første linjene i «Det kommunistiske manifest», men det er ikkje kommunismens spøkelse eg her snakkar om; det er ein ny idé, ein tanke som får stadig større fotfeste hjå stadig fleire folk.

Det er ein ekstremt radikal tanke, ein tanke som, dersom han blir sett i verk, vil endra samfunnet vårt totalt.

Framleis er denne ideen så spøkelsesaktig at den ennå ikkje har fått eit norsk namn, ikkje noko norsk uttrykk. På fransk snakkar dei om «décroissance», på engelsk om «degrowth». På norsk kan me snakka om eit mål om ein «vekstfri økonomi», driven fram av ei «motvekstrørsle».

Ikkje før me erkjenner
at verda er ei konstant
krise, kan me verkeleg
endra verda til det betre.

Jorda vert for knapp

Det handlar om å stoppa veksten i forbruk av ressursar og energi, og om å skapa ein rettferdig fordelande økonomi, basert på mindre ressursbruk. Eit samfunn som ikkje er avhengig av vekst for å ikkje kollapsa.

Mange som les dette, vil truleg reagera i vantru, og med latterleggjering: «Sjølvsagt går ikkje det an», tenkjer nok mange, «skal me tilbake til steinalderen no, liksom». Eller: «Den som føreslår stopp i veksten, har nok aldri kjent naud på kroppen, eller gjort ein dags ærleg arbeid».

Så godt samansveisa er ideane om framskritt og evig vekst vortne, at me ikkje ser skøytane mellom dei lenger, og her er det freistande å visa til den tyske mellomkrigsfilosofen Walter Benjamin.

Han skreiv at det som me oppfattar som framskritt, i røynda er ein øydeleggjande storm som raserer alt i sin veg. Med klimaendringane har dette biletet fått ny relevans, – for alle har me sett øydeleggjande stormar som følgje av klimaendringane rasera byar og landskap med flaum og vind.

Det har også Benjamin si utsegn om at dei krisene me måtte oppleva – vera det seg koronakrise, straumkrise eller finanskrise – ikkje er unntaka, men regelen.

Ikkje før me klarer å erkjenna at det verdssystemet me lever i er ei konstant krise, kan me verkeleg endra verda til det betre.

Klima- og miljøkrisa er no så godt dokumentert at dei fleste er klar over den og ser krisa for kva den er. Men få, om nokon, er villige til å endra på det systemet som har skapt krisa. I staden lever me i livsløgner om «grøn vekst» og teknologiske «quick fix»-ar.

Det er dette tanken om ein vekstfri økonomi og motvekstrørsla byggjer på: Systemet må endrast, kapitalismen må avviklast.

Like ille med kommunismen

Men tru ikkje at dette er kritikk berre av kapitalismen og dei frie marknadskreftene; dei kommunistiske statane og dei sosialistiske rørslene frå det tjuande hundreåret var like mykje bundne opp i tanken om vekst som kapitalismen er det.

Men i dag har kapitalismen vorte global og altomfattande, den gjennomsyrer alt frå tankane våre til maten me et og kven du går på stemnemøte med.

Og me veit at kapitalismen som system og ideologi har stadig auka vekst som både mål og middel. Og at stadig auka vekst innanfor eit system med avgrensa ressursar og avgrensa tilgang på energi, ikkje er mogleg utan økologisk og samfunnsmessig kollaps.

Eigentleg er dette ingen ny tanke i Noreg. På 1970-talet oppstod mange liknande tankar. Den mest kjende av desse er økosofien til Arne Næss, men også Erik Dammann med Framtiden i våre hender og venstrepopulistar som Hartvig Sætra, som meinte at økologi, populisme og sosialisme på norsk hang nøye saman – og Ottar Brox.

Men det er lenge sidan 1970-talet no, og dei draumane som folk då kunne ha om ei berekraftig framtid, har vorte grundig knuste av «historiens slutt», då det ikkje eingong skulle finnast noko anna framtid enn ei forlenging av notida.

Som kjent er det no lettare å sjå føre seg jorda sin undergang enn slutten på vekstøkonomien.

Heilt nødvendig

For å få til ein vekstfri økonomi, må me evna å reversera det tenkjaren Karl Polanyi kalla for «den store omveltinga»: I heile den menneskelege historia fram til 1800-talet, hadde økonomien vore ein del av samfunnet, men etter det vart samfunnet berre ein del av økonomien. I kampen for å snu dette ligg det grunnleggjande demokratiske i motvekstrørsla: Det må vera eit grasrotbasert initiativ som tek kontroll med økonomien og lagar den slik at me alle kan leva gode liv innafor planeten sine tolegrenser.

Dette er, som alle veit, høgst nødvendig og svært presserande.

For at dette skal vera mogleg, må me stoppa auken i forbruket, – og faktisk redusera det. Korleis me skal få dette til, er eit opent spørsmål, og me treng alle med i ein diskusjon om dette.

Får me dette til, kan motvekst-spøkelset veksa seg til ei folkerørsle som ingen kan ignorera.

Denne kronikken ble publisert i Stavanger Aftenblad den 5.1.2023.