God og lagringsstabil ensilasje til hest for auka verdiskaping og betre helse

Bygdeforskning har i samarbeid med Bioforsk, Norges Veterinærhøgskole, Sveriges Lantbruksuniversitet og Addccon Nordic fått innvilga eit prosjekt finansiert over det nye svensk-norske forskningsprogrammet for hest. Eitt av måla for prosjektet er å kartlegge verdikjeder og handlingsmønster for produksjon og bruk av grovfôr, samt fôringsrelaterte sjukdomar hos norske hestar. Ensilert grovfôr får stadig aukande innpass i fôrrasjonen til hest, både her til lands og i resten av verda. Fôret blir i all hovudsak pressa og innplasta i ballar, ein teknikk som er utvikla for mjølkesyrekonservering av tidleg hausta, vassrikt plantemateriale til drøvtyggjarar. Hestefôret blir oftast hausta seinare og konservert etter sterk fortørking (høysilasje). Innplasta fôr I mange område er det for det første ei utfordring å få fortørka plantematerialet raskt og lenge nok, til å oppnå det høge tørrstoffinnhaldet som er ønska av hesteeigarane. Vidare kan det by på store utfordringar å oppnå god pakking og tetting av seint hausta og svært tørt plantemateriale. Det er såleis indikasjonar på at framvekst av mugg er eit større problem i høysilasje enn i tradisjonelt surfôr. Mugg kan påverke hestane si helse og prestasjon svært negativt. Det er med andre ord behov for meir kunnskap og kunnskapsformidling, både om produksjon og bruk av innplasta fôr til hest. Meir kunnskap om verdikjedene og handlingsmønster hos aktørane er dessutan nødvendig for økonomisk utvikling/auka verdiskaping og eit fruktbart miljø for entreprenørskap. Spørreundersøkingar Kartlegginga i prosjektet skal skje gjennom spørreundersøkingar blant fôrprodusentar og personar med dagleg ansvar for hest. Ulike hestemiljø og geografiske område skal være breitt representert. Denne delen av prosjektet har Bygdeforskning ansvaret for. Vidare skal det gjennom dyrkings- og konserveringsforsøk i Norge og Sverige undersøkjast om fortørkingsfart, pakke- og konserveringseigenskapar kan påverkast gjennom artssamansetjing og gjødsling av enga. Det skal også undersøkjast om konserveringsmiddel utvikla for andre typar tørt plantemateriale kan nyttast for å motverke muggdanning i høysilasje og eventuelt redusere forbruket av plast. Det vil også sett nærmare på om det er muleg å oppnå god lagringsstabilitet ved ompakking av høysilasje frå store til mindre pakningar. Små pakningar er etterspurt både innom travsporten og av hesteeigarar som berre har ein eller to hestar, og dermed eit lågt forbruk av grovfôr.

Prosjektdetaljer

Prosjektnr

6253.00

Prosjektperiode

01/01/2010 - 31/12/2013

Samarbeidspartnere

Bioforsk, Norges veterinærhøgskole, Sveriges lantbruksuniversitet (SLU), Addcon Nordic.

Finansiering

Norges forskningsråd og Stiftelsen Svensk Hästforskning

Nyheter

Beklager, vi fant ingen nyheter relatert til dette prosjektet.

Publikasjoner

Beklager, vi fant ingen publikasjoner relatert til dette prosjektet.

Kontakt oss

Ønsker du å komme i kontakt med oss?
Fyll ut skjemaet under så vil vi svare deg så fort som mulig.