Bok
Sammendrag

Bygder har skifta ham og distrikta har gjort opprør. Reidar Almås tar oss i denne boka med sjumilssteg gjennom 1900-talet fram til dagens bygdesamfunn. Almås nøyer seg ikkje med å beskrive og forklare, men gir også råd om korleis bygdefolk kan skape si eiga framtid, under omstende dei sjølve ikkje har valt. Det er viktig å forstå både fortida og notida for å forme fram-tida. Med ein fot i bygda og ein fot som professor og institusjonsbyggar på universitetet, tar Almås deg med på ei reise gjennom eit landskap som er sterkt forandra. Tufta på 45 år med bygde-forsking og praktisk bygdeliv, oppdaterer han oss på kva som skjer med distriktsnæringane og korleis det går med det grøne skiftet. Den skjøre balansen mellom by og land er avgjerande dersom vi skal ha tilgang til nok mat og rimeleg energi i åra som kjem. I kjølvatnet av dei mange distriktsopprøra har distrikts-politikken kome høgt på den politiske dagsordenen. For å skjøne kva som skjer, må vi skaffe oss oversikt over dei lange linjene i forholdet mellom bygd og by. Dei overordna spørsmåla vil vere: Kva har skjedd med bygdene våre, kvifor har det skjedd og kva vil og bør skje framover.

Forlag: Dreyer


Artikkel
Sammendrag

For å løfta grunnrenta fram i den politiske debatten legg denne artikkelen fram ein analyse av prinsippet om skatt på grunnrente med vekt på Ricardo, Marx, George og den norske historia. Skatt på grunnrente vart brukt for å forvalta fossekrafta og oljeressursane, og var svar på korleis nasjonalstaten skulle tøyla industrisamfunnets veksande ulikskap gjennom ein moralsk politikk. Ei drøfting av grunnrenta er relevant for korleis me skal forvalta våre felles naturressursar i framtidas bioøkonomi. Nytt Norsk Tidsskrift03 / 2021 (Volum 38)


Artikkel
Sammendrag

I Noreg vart det i 2018 sloppe ut 52,9 millionar tonn CO2-ekvivalentar, og av dette var jordbrukets utslepp på 4,5 millionar tonn, eller 8,5 prosent av dei samla norske utsleppa. Jordbruksorganisasjonane vart i juni 2019 samde med staten om å forplikta seg til å kutta 5 millionar tonn i CO2-ekvivalentar klimagassar fordelt over ti år fram til 2030. Samstundes er det eit offisielt mål å auka produksjon av mat i Noreg. For kjøt- og mjølkeprodusentane kan dette vera problematisk, då store delar av klimagassutsleppa er knytte til biologiske prosessar i husdyra. Korleis skal jordbruket nå begge desse måla? Ligg det fastlåste strukturar i næringsutviklinga og føringar i jordbrukspolitikken som hindrar jordbruket i å nå desse måla. Nytt Norsk Tidsskrift 37(01):59-70


Bok
Sammendrag

Etter kommune- og fylkesvalet 2019 ser vi klare teikn på at det er eit distriktsopprør på gang i Noreg. Frå media høyrer vi om alt frå motstand mot vindmøller, høgare ferjeprisar og alle former for sentralisering: det vera seg kommune- og regionreform, politireform, eller nedlegging av sjukehus og studiestader. Konklusjonen i denne boka er at det er ikkje eitt, men mange distriktsopprør som ulmar her i landet. Felles for alle er at dei tappar politisk energi ifrå motsetninga mellom sentrum og periferi, som den verdsberømte norske statsvitaren Stein Rokkan i si tid påviste var ei grunnleggande konfliktlinje i norsk politikk. Forfattarane i denne boka tek utgangspunkt i denne konfliktdimensjonen, og prøver å fange og analysere kva som ligg under desse opprøra, kva dei har ført til så langt og kva dei kan føre til av endringar i framtida. Kapitla er skrivne av noen av våre fremste samfunnsforskarar innan distrikts- og ruralforskinga. Samla gir dei eit overordna og oppdatert blikk på den norske konfliktdimensjonen sentrum–periferi. Dreyers Forlag Oslo AS


Artikkel
Sammendrag

It is argued that the pattern of landownership in Scotland is inequitable and inefficient, since the land (and its associated outputs) is concentrated in only a few, private hands. Critics argue that the scale of private landownership in Scotland maintains historical inequalities and injustices, and that alternative forms of land occupancy and smaller land holdings could lead to more productive land use and associated socio-economic benefits. With its rural political history of decentralization and multifunctional agriculture, Norway provides a fascinating and highly relevant comparison to the history of Scottish land ownership and land use policy, due in part to the similar population size, yet significant difference in the proportion of the population with a stake in land ownership management. The so-called “Norwegian model” (i.e. the pattern of land tenure, in tandem with rural and agricultural policies) is heralded as the goal for equitable landownership and sustainable land management that is the aspiration of Scottish policy-makers. This case study discusses the consequences of historic and potential future changes to the Norwegian model and implications for the comparative case of Scottish land reform, including the implementation of measures within the Land Reform (Scotland) Act 2016.


Faktaark
Sammendrag Last ned PDF

Melkeproduksjon har siden etterkrigstiden vært regnet som selve bærebjelken i det norske landbruket, men i løpet av de siste 20 årene har næringen stått over for en strukturutvikling som vil kunne endre melkeproduksjonens rolle i framtiden. Utviklingen drives frem av nasjonal politikk, teknologiske innovasjoner og nye driftsformer. Resultatet er færre og større produsenter.


Bok

Vi står framfor eit grunnleggande internasjonalt skifte når det gjeld mat- og landbrukspolitikk. Reidar Almås er ein nestor innan norsk landbruksforsking og i denne boka tar han til orde for å spisse den norske landbruksmodellen for å møte klimautfordringane, både på den einskilde gard, nasjonalt og internasjonalt.

Landbrukets folk må delta i klimadugnaden og sjå klimaendringane som ein sjanse til å koma på offensiven i kampen om å forme framtida. Da kjem ingen unna å tilpasse drifta til endringar i vêr og klima, samtidig som politikken må utformast slik at både bonden og forbrukaren gjer klimakloke val. Etter ein lettfatteleg gjennomgang av grunntrekka i dagens norske landbruk, skisserer forfattaren korleis jorda og skogen kan bli den nye oljen. Almås meiner at eit berekraftig landbruket må bli ein del av klimaløysinga, slik at vi kan sjå barnebarngenerasjonen i augo. Til slutt i boka kjem ein oversikt over dei lågast hengande fruktene for eit grønt skifte i landbruket. Blant desse er førsteråd for klimatiltak på gardsnivå, bruk av biokol for binding av karbon, biogass frå husdyrgjødsel og meir bruk av tre i bygg. Reidar Almås er professor emeritus i bygdesosiologi og regionalpolitikk og seniorforskar ved Ruralis – Institutt for rural- og regionalforsking, tidlegare Norsk senter for bygdeforsking, som han starta og bygde opp. Han er ein aktiv foredragshaldar og samfunnsdebattant. Boka kan kjøpast på Snøfugl forlag sine heimesider.


Rapport

Enkelte kommuner har til dels store avstandsulemper. Dette gjelder ikke minst kommuner uten landfast forbindelse. Betydningen av avstandsulemper har tidligere knapt vært vektlagt i kommunereformens kunnskapsgrunnlag. For å møte denne kunnskapsmangelen har ti av landets øykommuner uten landfast forbindelse bestilt utredningen, som ser nærmere på ulike sider ved situasjonen for disse kommunene ved en eventuell kommunesammenslåing.