A-12/23 Mjølketank med klimastempel – jordbruk, økologisk modernisering og «motvekst»
Forfatter: Eirik Magnus Fuglestad
Klimapolitikken i norsk jordbruk handlar ofte om kva bonden kan gjera på garden sin for å redusera utslepp, og tiltaka som er føreslått, står i ein økologisk moderniseringstradisjon der teknologiar og innovative løysingar innanfor rammene av den eksisterande produksjonen er det som gjeld. Ut ifrå eigne erfaringar som odelsson argumenterer eg for at dette ikkje er vegen å gå for jordbruket, og at bøndene heller bør bli støtta i å gå over til ei drift som er tufta på det som heiter «motvekst».