A-22/21 Tilbake til Grunnrentelandet – ei idehistorisk utgreiing av grunnrenteskatt som prinsipp
For å løfta grunnrenta fram i den politiske debatten legg denne artikkelen fram ein analyse av prinsippet om skatt på grunnrente med vekt på Ricardo, Marx, George og den norske historia. Skatt på grunnrente vart brukt for å forvalta fossekrafta og oljeressursane, og var svar på korleis nasjonalstaten skulle tøyla industrisamfunnets veksande ulikskap gjennom ein moralsk politikk. Ei drøfting av grunnrenta er relevant for korleis me skal forvalta våre felles naturressursar i framtidas bioøkonomi. Nytt Norsk Tidsskrift03 / 2021 (Volum 38)