A-7/93 Økologisk jordbruk – innovasjon eller avvik? Om økobønders motivasjon og meistring av ein innovasjonsprosess.
SFFL Faginfo nr 23, 1993 I dag er det ei gryande intersse for økologisk og meir miljøvennleg jordbruk, der ein reduserer sprøytemidlar og kunstgjødsel. Ein kan diskutere om økologisk jordbruk er ei driftsform som appellerer berre til ei lita gruppe bønder eller om dete kan bli eit "massefenomen". I denne samanhengen er det somme som understrekar at det finst ein skala frå det "heilt" økologiske jordbruket på den eine sida, og eit økologisert tradisjonelt jordbruk på den andre. Eit viktig spørsmål vert då korleis den økologiske tankegangen spreier seg.